Byggekostnadsindeks for bustader
Oppdatert: 13. november 2024
Neste oppdatering: 13. desember 2024
Oktober 2024 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Endring frå førre månad, prosent | Endring frå førre år, prosent | Indeks | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 0,3 | 3,3 | 147,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft2 | 0,0 | 2,9 | 129,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 0,5 | 4,5 | 175,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, i alt | 0,4 | 3,4 | 151,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 0,8 | 4,7 | 180,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 0,3 | 3,5 | 155,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 0,6 | 4,2 | 182,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, i alt | 0,2 | 3,0 | 141,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 0,1 | 4,0 | 167,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1Byggekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2Lønnskostnader for årets 1., 2., 3., og 4. kvartal reknes inn i byggekostnadene for høvesvis mai, august, november og februar. Frå og med augustindeksen 2018 vert tala henta frå SSB sin kvartalsvise arbeidskostnadsindeks (AKI) med data frå a-ordninga. |
Kalkulator
Sjå alle tal frå denne statistikken
Om statistikken
Statistikken måler den månadlege prisutviklinga på innsatsfaktorane til bygging av bustader. Indeksane vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i entreprenøren sine fortenestemarginar. Statistikken blir i hovudsak brukt til justering av byggekontraktar.
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 9. januar 2024.
Byggekostnadsindeksane måler prisutviklinga på innsatsfaktorane til bygging av bustader. Indeksane vert også kalla faktorprisindeksar eller inputprisindeksar. byggekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar.
Representantvare er beteikning på alle einingar vektgrunnlaget er bygd opp av, og som det vert henta prisar på. Det kan vere ein materialtype, ein kategori arbeidar, ei maskinteneste, ei transportteneste osv.
Arbeidskraftkostnad er i byggekostnadsindeksane direkte + indirekte personalkostnader. Direkte personalkostnad = kontantytelser / lønnskostnad. Indirekte personalkostnader = naturalytelser, kostnader knyttet til helse-, miljø- og sikkerhetstiltak, sosiale kostnader, arbeidsgiveravgift og opplæringskostnader med mer.
Laspeyre prisindeks er ein prisindeks kor vektgrunnlaget vert halde konstant. Ein kjeda Laspeyre prisindeks er ein indeks sett saman av fleire Laspeyre prisindeksar med ulike vekter. I byggekostnadsindeksen for bustader endrar ein vektene om lag kvart tiande år.
Pris: Priser bedrifta oppnår ved sal til entreprenørar, byggmeistrar, installasjonsbedrifter mv., dvs. prisar fråtrukke rabattar. Prisane vert oppgitt den 15. i månaden og er eksklusive meirverdiavgift.
Gruppering av varegrupper i delprodukt iht. til Prosjektinndeling i Byggekostnadsindeksar for bustader.
Namn: Byggekostnadsindeks for bustader
Emne: Priser og prisindekser
Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk
Berre nasjonalt nivå.
Månadleg. Statistikken vert publisert om lag den 12. i den påfølgjande månaden.
Tal rapporteres til Eurostat.
Føremålet er å måle kostnadsutviklinga i produksjonen av bustadbygg. Indeksen blir brukt til justering av byggekontraktar. I tillegg blir den brukt til økonomiske analyser, for eksempel til å berekne prisutviklinga i næringa i nasjonalrekneskapen.
Indeksen er utarbeidd sidan 1978. Før den tid laga Aspelin-Stormbull byggekostnadsindeksar for Oslo-området for tomannsbustader av tre og bustadblokker. Desse indeksane går tilbake til 1932.
Statistikken er viktig for entreprenørar som vil sikre byggekontraktar mot kostnadsendringar. Internt i SSB er Nasjonalrekneskapen ein sentral brukar.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.
Byggekostnadsindeksar er input prisindeksar og måler prisutviklinga på innsatsfaktorane i bygge- og anleggsproduksjonen, slik som arbeidskraft, materialar, transport og maskiner. Byggekostnadsindeksane avvik frå SSB sine prisindeksar for nye bustader ved at dei ikkje omfattar viktige elementer som påverkar output-prisen, nemleg produktivitetsendringar og endringar i entreprenørens fortenestemarginer.
Rådsforordninga (EF) nr. 1165/98 av 19. mai 1998.
Indeksane måler prisutviklinga på materialar, arbeidskraft, maskiner, transport og anna som inngår i produksjonen av bustadbygg. Det er to typar observasjonar for desse varene og tenestene som vert målt, nemleg kostnadsandelar og prisar. Kostnadsandelane vert målt om lag kvart tiande år og dannar grunnlaget for vektene til dei varene og tenestene vi hentar priser på. Populasjonen for prisundersøkinga er alle dei varene og tenestene som inngår i produksjonen. Utvalet av varer og tenester blir bestemt i kostnadsundersøkinga. Prisane vert målt månadleg.
Materialprisane vert henta med skjema frå bedrifter som sel byggjevarer til entreprenørar, byggmeistrar, installatørar osv.
Arbeidskraftkostnadene vert henta frå Statistisk sentralbyrå sin kvartalsvise arbeidskostnadsindeks (AKI) som er forbedra med data fra a-ordninga. A-ordninga inneber at SSB får informasjon om lønn og ansatte gjennom a-meldinga i staden for fleire ulike kjelder som var tilfelle tidlegare. Indeksen måler endringer i gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per enhet utført arbeid. Arbeidskraftkostnad = direkte + indirekte personalkostnader. Direkte personalkostnad = kontantytelser / lønnskostnad. Indirekte personalkostnader = «resten» av kostnadene. AKI for bkibol er tilpassa ved å velgje ein spesifikk tellepopulasjon og kostnadsvariablar.
Maskinkostnadene vert justerte med NTNU sin månadlege statistikk over maskinkostnader.
Transportkostnadene vert justerte med Statistisk sentralbyrå sine månadlege kostnadsindeksar for lastebiltransport.
Materialprisane vert innhenta frå eit utvalsundersøking. Bedriftene vert trekte frå Virksomhets- og foretaksregisteret og blir stratifisert etter næring, omsetning og regionar.
Spørjeskjema blir sendt ut kring den 15. i statistikkmånaden, og fristen for innsending er 10 dagar seinare. Oppgitte prisar for ein månad blir samanlikna med prisar frå føregåande månad. Ein ser og på lengre tidsseriar av prisar. Oppgåvegjever vert kontakta ved store prisendringar som ikkje er forklart i skjema. I tillegg blir prisendringar på varer innen same varegruppe samanlikna og undersøkt nærarere ved stor spreiing.
Delindeksar og indeksar på representantvarenivå vert kontrollerte mot historiske seriar og vert samanlikna med annan statistikk.
Byggekostnadsindeksen blir berekna som ein Laspeyre prisindeks med faste vekter. Nytt vektgrunnlag er teke i bruk i september 2019. Vektgunnlaget er utarbeidd i samarbeid med Betonmast AS, Veidekke ASA, Block Watne AS og Nordbohus AL. Arbeidet er følgd opp av sentrale aktørar i byggje- og anleggsnæringa gjennom eit arbeidsutval og ei referansegruppe. Vektgrunnlaget byggjer på kalkylar og rekneskapstal for flere blokkprosjekt og einebustadprosjekt.
Byggekostnadsindeksen for bustader i alt er sett saman av dei to indeksane for einebustader og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal.
Oppgåvebyrde
Ein oppgåvegjevar brukar i gjennomsnitt 17,5 minutt i månaden til å fylle ut skjema. Dette gir ein tidsbruk for heile utvalet på 1 050 timar eller 131 dagsverk i året.
Ikkje relevant
Innsamla opplysningar er underlagd teieplikt (Statistikkloven § 7) og vert oppbevart på forsvarleg måte.
Datakjelder for arbeidskostnadene har endra seg over tid. I starten blei dei berekna med utgangspunkt i dei årlege tariffoppgjerane og NHO sin statistikk over gjennomsnittleg timeforteneste. I 1999 gjekk vi over til å bruke SSB sin egen lønsstatistikk. I 2018, frå og med augustindeksen, tok vi i bruk data frå SSB kvartalsvise arbeidskraftskostnadsindeks med basis i a-ordninga.
Det er brot i tidseriane for Byggekostnadsindeksen for bustader i januar 2000, i forbindelse med overgangen til nytt vektgrunnlag. Byggekostnadsindeksen for rekkjehus blei lagt ned. Samtidig starta publiseringa av ein ny delindeks for grunnarbeid.
Spørjeskjemaet er utforma slik at det går fram kva pris oppgåvegjevaren har rapportert dei føregåande månadene. Dette skal sikre at det er prisen på den same vara som vert oppgitt ved kvar innsamling. Denne løysinga kan imidlertid leggje til rette for at oppåvegjevarar av praktiske omsyn unnlet å innrapportere prisendringar, og berre fyller ut prisar frå den førre månaden. Det vert utført manuelle kontrollar for å identifisere dei mest opplagte feila av denne typen. Dersom ei vare oppgåvegjevaren har rapportert tidlegare har gått ut eller er utselt, og ein rapporterar prisen på ei anna vare, skal dette vere kommentert på baksida av skjemaet eller under kolonna: "Bedriftens varebeskrivelse". Unnlet oppgåvegjevar å gjera dette, kan prisforskjellen på to ulike produkt verte registrerte som ei prisendring når endringa er liten. Omfanget av denne typen feil er ukjent.
Det totale fråfallet er på om lag 1 prosent. Det partielle fråfallet er lite, men ikkje målt eksakt. Dersom ei bedrift ikkje sender inn prisar ein månad eller ikkje oppgir pris på ei eller fleire varer, gir ein desse varene ei prisendring lik gjennomsnittleg prisendring for desse varene.
Utvalet av varer og tenester vert oppdatert kvart tiande år for å få inn nye produkt. I tillegg skiftar ein produkt fortløpande dersom ein prisrapportør ikkje lenger fører produktet. Det er ikkje gjort utrekningar av utvalskjeivheita i byggekostnadsindeksane.
Nokre prisrapportørar gir listeprisar. Det tyder at vi i ein viss grad misser prisendringar som skuldast endringar i rabattstrukturane.
Priseffektar som skuldast endringar i relative prisar. Prisforholdet mellom ulike varer og tenester vert endra over tid.
Utilfredsstillande handsaming av kvalitetsendringar.
Statistisk sentralbyrå har ikkje sett i verk separate utrekningar av betydninga av desse målefeila i byggekostnadsindeksane.
Byggekostnadsindeksane vert ikkje revidert.
https://www.ssb.no/a/publikasjoner/pdf/nos_d363/nos_d363.pdf
https://www.ssb.no/a/histstat/rapp/rapp_198103.pdf
https://www.ssb.no/a/histstat/rapp/rapp_199103.pdf
https://www.ssb.no/a/histstat/not/not_9650.pdf
https://www.ssb.no/a/publikasjoner/pdf/rapp_200028/rapp_200028.pdf
Revidert vektgrunnlag og nytt referanseår fra neste publisering (Nyhetsartikkel august 2019)