9803_om_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arborg/arkiv
9803_om
statistikk
2007-05-03T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Kultur og fritid
en
false

Fagforeiningsmedlemmer og streikar2006

Content

About the statistics

Definitions

Name and topic

Name: Fagforeiningsmedlemmer og streikar
Topic: Arbeid og lønn

Responsible division

Seksjon for arbeidsmarkeds- og lønnsstatistikk

Definitions of the main concepts and variables

Tilsette i arbeidsgivarorganisasjonane Tilsette i medlemsverksemdene omfattar alle tilsette uavhengig av om dei faktisk er sysselsette på teljingstidspunktet eller ikkje.

Medlemer i arbeidstakarorganisasjonane Tal på medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare per 31.12.

Hovudsamanslutning Med hovudsamanslutning meinast ein samanslutning av fleire organisasjonar enten på arbeidstakar- eller arbeidsgivarsida.

Arbeidskonflikt Med arbeidskonflikt meinast ein mellombels arbeidsstans av minst ein dags varigheit. Talet på konfliktar per år blir rekna ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. Ein konflikt som er avbrote, men som seinare vert oppatt teke av same grunn, blir talt som ein konflikt om ikkje avbrotet går over to månadar. Over denne tid skal den telle som ny konflikt. Ein konflikt som er oppstått eit år og som fortsett neste år skal tas med i begge åra. I utgangspunktet skiljes det mellom to ulike hovudtypar av arbeidskonfliktar, streik og lockout. Med streik meinast nedlegging av arbeidet frå dei tilsette si side. Streik er et middel som vanlegvis brukast i ein konflikt mellom ein fagforeining o.l. og ein eller fleire arbeidsgivarar for å presse frem bere lønns- og arbeidsvilkår. Følgjande typar streikar er med i statistikken: Lovlege streikar, ulovlege streikar, sympatistreikar, politiske eller proteststreikar, generalstreikar, arbeidsstopp sett i stand av tilsette og roterande streikar. Lockout som konfliktmiddel er arbeidsgivarsidas svar på streikar. Ein lockout inneber at arbeidstakarar blir utestengt frå arbeidet inntil partane er blitt einige om ein måte å løyse usemje på.

Arbeidstakarar Med tal på arbeidstakarar som blir involverte av konflikten meinast fast tilsette, mellombels tilsette, sesongarbeidarar og deltidstilsette. Deltidstilsette blir talt som individ på same måte som heiltidstilsette. Tilsette som er fråverande grunna sjukdom eller permisjonar samt ubetalte familiemedlemmer er ikkje med i statistikken.

Talet på tapte arbeidsdagar Varigheita av ein konflikt blir målt i talet på tapte arbeidsdagar. For å ta omsyn til at ikkje alle streikande nødvendigvis skulle ha vore på arbeid alle kalenderdagane i konflikten, multipliserast talet på tapte arbeidsdagar med 5/7. Dette gir i sum truleg eit betre bilde på reelle tapte arbeidsdagar, ved at ikkje alle streikedagane reknast som tapte arbeidsdagar. Før 2018 nytta ein ikkje denne korrigeringa. Då vart talet på antekne vyrkedagar per veke for den aktuelle gruppa i konflikt nytta for å berekne tapte arbeidsdagar, utan ytterlegare korrigeringar.

Standard classifications

Næringsgruppering. Næring er koda etter Standard for næringsgruppering (SN2007). Sjå https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/6.

Administrative information

Regional level

Nasjonalt nivå.

Frequency and timeliness

Årleg.

International reporting

ILO

Microdata

Not relevant

Background

Background and purpose

Formålet med statistikken er å gje ein oversikt over kor stor del av befolkninga som er organisert i ein arbeidstakarorganisasjon og gje et oversyn over talet på konfliktar, tapte arbeidsdagar og talet på tilsette som er involverte i konfliktane. I tillegg for arbeidsgivarorganisasjonane å gje ein oversikt over tal på medlemsverksemder totalt og med tariffavtale, samt tal på tilsette i disse verksemdene. SSB har sidan 1977 utarbeidd årleg statistikk over medlemer i arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar og sidan 1922, med unntak av årene 1940-1944, utarbeidd årleg statistikk over arbeidskonfliktar.

Users and applications

Sentrale brukarar er forskings- og utredningsinstitusjonar samt media. Det blir levert tal til Eurostat og OECD etter avtale.

Equal treatment of users

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Coherence with other statistics

Not relevant

Legal authority

Frivillig undersøkelse.

EEA reference

Nei.

Production

Population

Populasjonen omfattar alle føretak i SSBs Verksemd- og føretaksregister (VoF)  i næringsgruppene "Næringslivs- og arbeidsgivarorganisasjonar", og "Arbeidstakarorganisasjonar". Populasjonen omfattar landsomfattande arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar som hjelper sine medlemer med tariffavtalar og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane tilhøyrar. Organisasjonar som avgrensar si verksemd til spørsmål av reint fagleg art er ikkje med i populasjonen.

Statistikken omfattar arbeidskonfliktar som involverer tilsette eller ein eller fleire arbeidsgivarar. Ein arbeidskonflikt definerast som ein mellombels arbeidsstans bevisst sett i verk av ei gruppe arbeidarar (streik) eller av ein eller fleire arbeidsgivarar (lockout) for å tvinga gjennom eit krav.

Data sources and sampling

SSB sitt skjema "Medlemstal og konfliktar". SSB sitt Verksemd- og føretaksregister blir nytta for å kartlegge populasjonen via næringskoden.

Totalteljing for alle føretak som omfattast av populasjonen. SSB sender skjema til alle arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane som hjelper sine medlemer med tariffavtalar og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane tilhøyrar.

Collection of data, editing and estimations

Statistikken er ein frivillig skjemaundersøking med teljingstidspunkt 31.12. i det året statistikken gjelder for. SSB sender ut skjema til alle organisasjonane som skal vera med i undersøkinga.

Det blir føretatt manuelle kontrollar for å sikre konsistens i datamaterialet frå år til år i dei ulike organisasjonane. Ved tvil om dei oppgitte tala vert organisasjonane kontakta. Statistikken vert i tillegg kontrollert opp mot opplysningar om arbeidskonfliktar som Riksmeklingsmannen har registrert og mekla i.

Seasonal adjustment

Ikkje relevant.

Confidentiality

Ikkje relevant.

Comparability over time and space

Statistikken er samanliknbar attende til 1977.

Accuracy and reliability

Sources of error and uncertainty

Ein mogleg feilkjelde er feilrapportering frå oppgåvegivar. Det vil seie at organisasjonane enten kan føra feil tal på medlemer på skjema (skrivefeil) eller at dei sjølve er usikre på medlemstalet, talet på tilsette som streikar og tapte arbeidsdagar. Arbeidsgivarorganisasjonar kan rapportere årsverk i staden for tilsette (personar) og dei kan tolke omgrepet «medlemsverksemd» ulikt. Ei anna usikkerheit eller feilkjelde er når organisasjonar ikkje svarar, sjølv om det høyrer til sjeldanheitene.

Statistikken byggjer på ei totalteljing og vi unngår dermed usikkerheit med utvalsvarians og fråfall i utvalsundersøkingar.

Registerfeil. Ei mogeleg feilkjelde er at alle organisasjonane ikkje har korrekt næringskode i Verksemd- og føretaksregisteret, og av den grunn ikkje kjem med i teljinga.

Revision

Ikkje relevant.