Industriproduksjonen hadde ein positiv Årsendringa: Endring i indeksverdien i eit kalenderår samanlikna med den same størrelsen året før. Årsendringa blir berekna ved å ta forholdet mellom gjennomsnittet av månadsindeksane for aktuelt år og tilsvarande gjennomsnittstal for året før. Årsendringa må ikkje blandast saman med tolvmånadersendringa, som er endringa i indeksen frå ein månad eitt bestemt år, til den same månaden året etter. i 2024 på 1,7 prosent. Oppgangen kjem etter to år med marginal nedgang, og året 2024 var prega av store bransjevise skilnader. Mykje av produksjonsauken i 2024 kom av gode tider i den Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien.. Auken i denne analytiske grupperinga kom blant anna frå næringa bygging av skip og oljeplattformer som såg ein auke på heile 14,9 prosent. Det har vore meldt om gode marknadsforhold og prosjekt gjennom heile året ved mange større verksemder innanfor denne næringa. Dette kan sjåast i samanheng med ein klår investeringsvekst i oljenæringa i 2024.
Også metallvareindustri og maskinreparasjon og -installasjon såg vekst i produksjonen, og bidrog til den samla auken i industriproduksjonen med høvesvis 7,0 og 6,2 prosent i 2024.
På den motsette sida var det nedgang i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i 2024. Nedgangen kan mellom anna knytast til drifts- og vedlikehaldsstans blant viktige verksemder i 2 kvartal 2024.
Produksjon av gummi, plast og mineralsk industri bidrog negativt med ein nedgang på 8,2 prosent. Nedgangen i næringsgruppa kan òg sjåast i samanheng med ein rekka tilfelle av drifts- og vedlikehaldstans blant viktige verksemder i 2024. Trelast- og trevareindustri bidrog også negativ med ein nedgang i aktiviteten på 4,7 prosent. Lågare etterspurnad frå byggenæringa kan òg være ein orsak til lågare aktivitet i desse næringane i 2024.
Tremånadarsendring: nedgang i industriproduksjonen i 4.kvartal
Indeksnivået for industriproduksjonen i 4. kvartal 2024 var på 102,6 (2021=100) mot 103,4 i førre kvartal. Trenden viser at aktivitetsnivået i industrien har auka i 2024 etter ei flat utvikling i 2022 og 2023. Samtidig har dei månadlege tala hatt store svingingar gjennom året (sjå figur 1).
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde eit fall på 0,8 prosent i 4. kvartal 2024 samanlikna med kvartalet før. Det var særleg oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog til nedgangen i industriproduksjonen, med ein nedgang på 4,7 prosent i denne perioden. Metallindustri og metallvareindustrien medverka også til nedgangen med eit fall på høvesvis 2,0 og 1,4 prosent i 4. kvartal 2024.
På den anna side hadde næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri ein auke på heile 5,0 prosent. Det var òg vekst i trelast- og trevareindustri på 3,3 prosent i perioden.
Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. eit produksjonsfall på 0,4 prosent i perioden 4. kvartal 2024 samanlikna med 3. kvartal 2024. Industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien hadde ein nedgang på 0,6 prosent i same periode (sjå figur 2).
Månadsendring: bransjevise skilnader i desember
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein vekst på heile 3,2 prosent frå november til desember 2024. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog klart mest til den samla auken med ein oppgang på heile 11,7 prosent. Auken kan knytast til produksjonsutfordringar hos ein stor aktør i oktober og november, etterfølgd av normalisering i desember.
Det var òg auke i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri og i næringsgruppa bygging av skip og oljeplattformer på høvesvis 6,5 og 2,3 prosent i same periode.
På den anna side hadde maskinreparasjon og -installasjon eit fall på heile 4,0 prosent og bidrog såleis til å dempe auken i industriproduksjonen.
Månadsendring: marginalt fall i industriproduksjon i Eurosona i november
Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde eit fall på 0,4 prosent frå oktober til november 2024. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 1,2 prosent (sjå figur 3).
Sverige hadde ein oppgang på 2,5 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg eit fall på heile 3,6 prosent.
Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein auke på 0,9 prosent i 4. kvartal 2024 samanlikna med førre kvartal viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein nedgang på 2,2 prosent, medan utvinning av naturgass fall med 1,5 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)
Utvinningstenester hadde ein auke på 1,9 prosent i 4. kvartal 2024 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein auke på 6,5 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 3,0 prosent (sjå figur 4).