Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden desember 2024 – februar 2025 var på 104,5 (2021=100) mot 101,7 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden i aktivitetsnivået i industrien viser no ein aukande utvikling sidan starten på 2024, sjølv om det held fram med å vere ein del variasjon frå månad til månad (sjå figur 1).
Månadsendring: bransjevise skilnader i februar
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein oppgang på 1,4 prosent frå januar til februar 2025. Det var oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla auken i industriproduksjonen med ein vekst på heile 3,9 prosent. Det var òg ein auke i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri på heile 4,4 prosent i denne perioden. Fleire verksemder innanfor næringa melde om gode marknadsforhold og prosjekt i perioden som årsak til auke.
På den motsette sida gjekk produksjon av i næringsmiddel og ikkje-jernhaldige metall ned med høvesvis 0,9 og 2,8 prosent og bidrog såleis til å dempe auken i industriproduksjonen i februar.
Tremånadarsendring: auke i industriproduksjonen
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 2,8 prosent i perioden desember 2024 – februar 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Det var oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla oppgangen med ein auke på heile 8,4 prosent. Auka i denne næringsgruppa kjem etter låg produksjon i november grunna mellom anna fleire driftsstansar hos nokre sentrale aktørar. Det var òg vekst i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri på 7,4 prosent i denne perioden.
Auken i industrien blei dempa av lågare aktivitet innanfor metallindustri som hadde eit fall på 2,4 prosent.
Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 0,8 prosent i perioden desember 2024 – februar 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt ein vekst på heile 3,5 prosent.
Månadsendring: auke i industriproduksjon i Eurosona i januar
Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein auke på 1,0 prosent frå januar til februar 2025. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 1,6 prosent (sjå figur 3).
Sverige hadde ein nedgang på heile 6,8 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein nedgang på heile 11,9 prosent. Den kraftige nedgangen i Danmark var i stor grad årsaka av fall i farmasøytisk industri (dst.dk).
Tremånadarsendring: vekst i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 2,3 prosent i perioden desember 2024 – februar 2025 samanlikana med føregåande tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 0,8 prosent, og utvinning av naturgass auka med 0,1 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding Sokkeldirektoratet (sodir.no)
Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 0,8 prosent i perioden desember 2024 – februar 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 2,6 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 6,1 prosent (sjå figur 4).
Ujustert produksjonsindeks for januar 2025 for næringa «Papir- og papirvareindustri» er revidert ned på grunn av ein feil i innarbeidinga av grunnlagsdata. Revisjonen påverkar også kalender- og sesongjusterte tal for denne næringa, og dessutan aggregat denne næringa inngår i.