Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden mars - mai 2024 var på 100,9 (2021=100) mot 99,9 i føregåande tremånadarsperiode. Dei sesongjusterte månadstala har svinga mykje dei siste par månadane, men den underliggande trenden har vore nokso stabil (sjå figur 1).

Månadsendring: auke i industriproduksjon i mai

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at aktiviteten i industrien hadde ein oppgang på 1,3 prosent frå april til mai 2024. Det var metallvareindustri som bidrog mest i positiv retning med ein oppgang på 5,5 prosent. Også maskinreparasjon- og installasjon såg ein auke i denne perioden med ein oppgang på 4,5 prosent.

På den motsette sida var det eit fall i næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri på 7,7 prosent og bidrog såleis til dempe auken i industriproduksjonen.

Tremånadarsendring: oppgang i møbelindustri

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein oppgang på 1,0 prosent i perioden mars - mai 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode.

Næringsmiddelindustri og bygging av skip og oljeplattformer bidrog til den samla auken i industrien med ein oppgang på høvesvis 1,3 og 4,6 prosent. Det var òg ein oppgang i møbelindustri etter at førre periode var prega av til dels låg etterspørsel, mens verksemder i næringa melde om betre marknadsforhold i denne perioden.

På den anna side hadde næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri ein klår nedgang på 4,7 prosent og bidrog såleis til å dempe auken i industriproduksjonen. Nedgangen heng blant anna saman med at det i april og mai var ein rekke tilfelle av drifts- og vedlikehaldsstans blant viktige verksemder innanfor næringsgruppa.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,7 prosent i perioden mars – mai 2024 samanlikna med førre tremånadersperiode. Aktiviteten i denne delen av industrien har auka mykje sidan starten på 2022. Industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien auka med 0,9 prosent i same periode (sjå figur 2).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte tal. Tremåneders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: fall i industriproduksjon i Eurosona i april

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde eit fall på 0,4 prosent frå mars til april 2024. I same periode hadde industriproduksjonen i Noreg ein nedgang på heile 5,5 prosent. (sjå figur 3).

Sverige hadde eit fall på 3,0 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein klår auke på heile 11,3 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein auke på 1,1 prosent i perioden mars – mai 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein oppgang på 0,7 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 1,6 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side hadde eit fall på 1,3 prosent i perioden mars – mai 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein oppgang på heile 14,6 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 5,1 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.