Indeksnivået for industriproduksjonen i 3. kvartal 2024 var på 103,5 (2021=100) mot 100,7 i førre kvartal. Trenden i aktivitetsnivået i industrien viser framleis ein aukande utvikling, sjølv om det held fram med å vere ein del variasjon frå månad til månad (sjå figur 1).

Månadsendring: fall i næringsmiddelindustri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 0,8 prosent frå august til september 2024. Det var næringsmiddelindustrien som bidrog mest til den samla nedgangen i industriproduksjonen med eit fall på 2,1 prosent. Også dataindustri og elektrisk utstyrsindustri og maskinreparasjon og -installasjon såg eit fall i denne perioden.

På den motsette sida hadde næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri ein oppgang på 3,0 prosent og bidrog såleis til å dempe fallet i industriproduksjonen.

Tremånadarsendring: auke i industriproduksjonen i 3.kvartal

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonehadde ein oppgang på 2,8 prosent i 3. kvartal 2024 samanlikna med førre kvartal. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla auken med ein klår oppgang på 8,5 prosent. Det var òg auke i maskinreparasjon og -installasjon og dataindustri og elektrisk utstyrsindustri i denne perioden. 

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 4,1 prosent i 3. kvartal 2024 samanlikna med førre kvartal (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien har òg i same periode hatt ein auke i aktiviteten.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2021=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: oppgang i industriproduksjon i Eurosona i august

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein oppgang på 1,5 prosent frå juli til august 2024. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med1,3 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein liten auke på 0,4 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg eit fall på heile 4,8 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: nedgang i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på heile 5,3 prosent i 3. kvartal 2024 samanlikna med 2. kvartal 2024, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 2,3 prosent, medan utvinning av naturgass fall med heile 6,4 prosent. Nedgangen for naturgass kjem i stor grad frå lågare produksjon i september. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side hadde ein liten auke på 0,6 prosent i 3. kvartal 2024 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 1,3 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med heile 3,8 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.