Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden november 2024–januar 2025 var på 103,6 (2021=100) mot 102,1 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden i aktivitetsnivået i industrien viser no ein aukande utvikling sidan starten på 2024, sjølv om det held fram med å vere ein del variasjon frå månad til månad (sjå figur 1).

Månadsendring: nedgang i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 1,5 prosent frå desember 2024 til januar 2025. Det var dataindustri og elektrisk utstyrsindustri som bidrog mest til den samla nedgangen i industriproduksjonen med eit fall på 4,5 prosent. Også oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri såg eit fall i denne perioden.

På den motsette sida hadde næringsmiddelindustri ein auke på 1,2 prosent og bidrog såleis til å dempe nedgangen i industriproduksjonen.

Tremånadarsendring: auke i industriproduksjonen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 1,5 prosent i perioden november 2024–januar 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Høg aktivitet i desember 2024 bidrog til å trekke tremånadersperioden opp. Det var oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla oppgangen med ein auke på 2,0 prosent. Det var òg vekst i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri på 3,0 prosent i denne perioden.

Auken i industrien blei dempa av lågare aktivitet innanfor metallindustri som hadde eit fall på 2,3 prosent.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,0 prosent i perioden november 2024–januar 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt ein vekst på 1,7 prosent.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2021=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: fall i industriproduksjon i Eurosona i desember

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på heile 1,8 prosent frå november– desember 2024. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med heile 3,2 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein auke på heile 6,0 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein oppgang på heile 4,0 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 1,6 prosent i perioden november 2024–januar 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 2,4 prosent, og utvinning av naturgass fall med 1,7 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 0,5 prosent i perioden november 2024–januar 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 5,4 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 5,8 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Vekter i produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) er oppdaterte no ved overgangen til nytt år. Grunnlaget for vektene er tilverkingsverdi til faktorpris frå årleg strukturstatistikk for olje- og gassutvinning, industri, elektrisitet og fjernvarme for 2023. Desse blir framskrivne til situasjonen ved utgangen av 2024 med endringstal frå kvartalsvis nasjonalrekneskap og kvantumsopplysningar frå Sokkeldirektoratet.

For industrinæringane var det vekta til metallindustri som gjekk mest ned medan næringsmiddelindustri gjekk mest opp frå 2024 til 2025. Samla sett for totalaggregatet (PII) auka vekta til industrien, medan vekta for utvinning og utvinningstenester gjekk ned.

Oppdaterte produktivitetsfaktorar for produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) blir tekne i bruk frå og med januar 2025. Desse opplysningane er henta frå årleg nasjonalrekneskap. Faktorane bygger på årleg volumendring i bruttoprodukt per utført timeverk for dei næringane der ein nyttar timeverk som indikator, og er eit gjennomsnitt for årene 2018 til og med 2022.