Indeksnivået for industriproduksjonen i 3. kvartal 2023 var på 118,1 (2005=100) mot 118,3 i førre kvartal. Trenden i aktivitetsnivået i industrien er relativt stabil, sjølv om det held fram med å vere ein del variasjon frå månad til månad (sjå figur 1).
Månadsendring: fall i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 1,3 prosent frå august til september 2023. Denne nedgangen kjem etter ein oppgang på 1,5 prosent i førre månad. Det var særleg næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog til den samla nedgangen i industriproduksjonen med eit fall på heile 5,8 prosent.
- Årsaka til nedgangen i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri skuldast delvis fleire tilfelle av driftsstans blant viktige verksemder. Fleire verksemder innanfor næringsgruppa melde òg om at lågare etterspørsel og endra marknadsforhold førte til fall i produksjon, seier rådgjevar Lars Jacob Balchen Dale i SSB.
Det var òg nedgang i maskinindustri i denne perioden. Fallet skuldast delvis at eit stort føretak har omstrukturert slik at delar av aktiviteten har blitt flytta til utvinningstenester.
Tremånadarsendring: moderat fall i industriproduksjonen
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein liten nedgang på 0,2 prosent i 3. kvartal 2023 samanlikna med førre kvartal. Det var næringa kjemiske råvarer som bidrog mest til den samla nedgangen med eit klårt fall på 6,3 prosent.
Fallet i industrien blei dempa av høgare aktivitet innanfor data- og elektrisk utstyrsindustri som hadde ein oppgang på 3,8 prosent. Det var òg auke i metallvareindustri i denne perioden.
Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,3 prosent i 3. kvartal 2023 samanlikna med førre kvartal (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt nedgang i aktiviteten.
Månadsendring: oppgang i industriproduksjon i Eurosona i august
Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein liten oppgang på 0,2 prosent frå juli til august 2023. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 1,5 prosent (sjå figur 3).
Sverige hadde ein auke på 2,8 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein liten oppgang på 0,2 prosent.
Tremånadarsendring: nedgang i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på 1,4 prosent i 3. kvartal 2023 samanlikna med 2. kvartal 2023, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 0,5 prosent, medan utvinning av naturgass fall med heile 4,1 prosent.
- Nedgangen for naturgass kjem i stor grad frå lågare produksjon i september. Den låge produksjonen denne månaden kom av planlagt vedlikehald og forsinka oppstart i produksjonen, seier Lars Jacob Balchen Dale.
For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet (npd.no).
Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 1,7 prosent i 3. kvartal 2023 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 3,5 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med heile 4,1 prosent (sjå figur 4).