Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden august-oktober 2024 var på 102,0 (2021=100) mot 102,6 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden i aktivitetsnivået i industrien har flata ut etter ein periode med auke, sjølv om det held fram med å vere ein del variasjon frå månad til månad (sjå figur 1).
Månadsendring: fall i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 1,6 prosent frå september til oktober 2024. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla nedgangen i industriproduksjonen med eit fall på 4,2 prosent. Også maskinindustri såg eit fall i denne perioden.
På den motsette sida hadde ikkje-jernhaldige metall ein oppgang på 5,6 prosent og bidrog såleis til å dempe fallet i industriproduksjonen.
Tremånadarsendring: lågare industriproduksjon
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 0,6 prosent i perioden august-oktober 2024 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Det var kjemiske råvarer som bidrog mest til den samla nedgangen med eit klårt fall på 6,4 prosent. Det var òg fall i metallvareindustrien i denne perioden.
På den anna side hadde næringsmiddelindustri ein oppgang på 1,8 prosent i denne tremånadarsperioden.
Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. eit produksjonsfall på 1,1 prosent i perioden august-oktober 2024 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode (sjå figur 2). Nedgangen kjem etter ei lang periode med auka aktivitet. Industri unntatt leverandørindustrien hadde òg eit fall i aktiviteten i same periode.
Månadsendring: nedgang i industriproduksjon i Eurosona i september
Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 2,1 prosent frå august til september 2024. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 0,9 prosent (sjå figur 3).
Sverige hadde ein auke på 1,1 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg eit fall på heile 4,9 prosent.
Tremånadarsendring: nedgang i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på heile 7,3 prosent i perioden august-oktober 2024 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 2,5 prosent, medan utvinning av naturgass fall med heile 9,2 prosent. Nedgangen for naturgass i tremånadarsperioden kjem i stor grad frå låg produksjon i september. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)
Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 3,3 prosent i perioden august-oktober 2024 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 1,0 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med 2,1 prosent (sjå figur 4).