Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden april – juni 2024 var på 100,4 (2021=100) mot 101,3 i føregåande tremånadarsperiode. Dei sesongjusterte månadstala har svinga mykje dei siste par månadane, men den underliggande trenden har vore nokso stabil (sjå figur 1).

Tremånadarsendring: moderat fall i aktiviteten

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. tal viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 0,9 prosent i perioden april - juni 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog til den samla nedgangen i industriproduksjonen med eit fall på heile 6,2 prosent. Nedgangen heng blant anna saman med at det i april og mai var ein rekke tilfelle av drifts- og vedlikehaldsstans blant viktige verksemder innanfor næringsgruppa. Det var òg fall i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri og gummi, plast og mineralsk industri i denne perioden.

På den motsette sida hadde ikkje-jarnhaldige metallar ein auke på 4,5 prosent og bidrog såleis til å dempe nedgangen i industriproduksjonen i 2. kvartal. Det var òg auke i møbelindustri og annan industri i denne perioden.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 0,3 prosent i 2. kvartal 2024 samanlikna med førre kvartal, medan industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien gjekk ned med 1,3 prosent (sjå figur 2).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte tal. Tremåneders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: auke i industriproduksjon i juni

Sesongjusterte tal viser at aktiviteten i industrien hadde ein oppgang på 1,4 prosent frå mai til juni 2024. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest i positiv retning med ein oppgang på heile 8,2 prosent. Denne auken kjem etter ein nedgang i mai som følgje av ein rekke tilfelle av drifts- og vedlikehaldsstans blant viktige verksemder innanfor næringsgruppa. Også næringsmiddelindustri og metallindustri såg ein auke i denne perioden med ein oppgang på høvesvis 2,8 og 3,5 prosent. 

På den motsette sida var det eit fall i næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri på 1,4 prosent og bidrog såleis til dempe auken i industriproduksjonen.

Månadsendring: fall i industriproduksjon i Eurosona i mai

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 0,8 prosent frå april til mai 2024. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 1,8 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein auke på 1,2 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg eit fall på heile 6,0 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 3,7 prosent i 2. kvartal 2024 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein auke på 2,9 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 5,2 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side fall med 0,3 prosent i 2. kvartal 2024 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 3,3 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med 4,6 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.