Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden februar – april 2024 var på 100,6 (2021=100) mot 100,3 i føregåande tremånadarsperiode. Dei sesongjusterte månadstala har svinga mykje dei siste par månadane, men den underliggande trenden har vore nokso stabil (sjå figur 1).

Tremånadarsendring: moderat vekst i industriproduksjon

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein marginal oppgang på 0,3 prosent i perioden februar – april 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg næringsmiddelindustri og bygging av skip og oljeplattformer som bidrog mest til den samla auken i industrien med ein auke på høvesvis 1,8 og 4,6 prosent. Det var òg ein oppgang i ikkje-jernhaldige metall på 2,0 prosent i same periode.

På den anna side hadde næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri ein klår nedgang på 4,1 prosent og bidrog såleis til å dempe auken i industriproduksjonen. Nedgangen heng blant anna saman med at det i februar og april var ein rekke tilfelle av drifts- og vedlikehaldsstans blant viktige verksemder innanfor næringsgruppa.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,4 prosent i perioden februar – april 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Aktiviteten i denne delen av industrien har auka mykje sidan starten på 2022. Industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien auka med 0,2 prosent i same periode (sjå figur 2).

Månadsendring: nedgang i industriproduksjon i april etter auke i mars

Sesongjusterte tal viser at aktiviteten i industrien hadde eit klårt fall på 5,6 prosent frå mars til april 2024. Fallet kjem etter ei auke på 5,6 prosent i mars. Det var mange næringar som bidrog til fallet i april, men mest bidrog næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri med ein nedgang på 4,7 prosent. 

Det var òg nedgang i næringsmiddelindustri på 3,9 prosent. Dette kjem særleg av nedgang innan foredling og konservering av fisk frå svært høgt produksjonsnivå i mars. I tillegg har fleire verksemder innanfor næringa meldt om tilfelle av drifts- og vedlikehaldsstans i april. Elles var det òg nedgang i metallvareindustrien samt maskinreparasjon og -installasjon.

På den anna side hadde ikkje-jernhaldige metall ein auke frå mars til april, og bidrog difor til å dempe det samla produksjonsfallet i industrien.

 Den sterke nedgangen frå mars til april skuldast at aktiviteten i mars har vore høgare enn det som normalt er for ein påskemånad. Sesongjusteringa tar høgde for påskens plassering, men det er viktig å være klar over at ein har nokre forutsetningar i forhold til fridagar i modellen, og at dei sesongjusterte tala i mars og april er meir usikre på grunn av påskens plassering frå år til år, seier rådgjevar Lars Jacob Dale i Statistisk sentralbyrå.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte tal. Tremåneders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: liten auke i industriproduksjon i Eurosona i mars

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein auke på 0,9 prosent frå februar til mars 2024. I same periode hadde industriproduksjonen i Noreg ein oppgang på heile 5,6 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein oppgang på 3,0 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein klår nedgang på heile 5,2 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: liten nedgang i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde eit fall på 0,6 prosent i perioden februar – april 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein nedgang på 1,2 prosent, medan utvinning av naturgass er ned med 1,3 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 2,2 prosent i perioden februar – april 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein oppgang på heile 5,1 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 1,5 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.