Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden juni-august 2024 var på 103,7 (2021=100) mot 101,5 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden i aktivitetsnivået i industrien viser no ein aukande utvikling (sjå figur 1).

Tremånadarsendring: auke i produksjonsaktiviteten

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 2,2 prosent i perioden juni-august 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk som bidrog til den samla oppgangen i industriproduksjonen med ein auke på heile 5,9 prosent. Det var òg ein auke i metallvareindustrien og i maskinreparasjon og -installasjon i denne perioden.

På den anna side trekte næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri den samla utviklinga i motsett retning i perioden med eit klårt fall på 5,7 prosent. 

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 4,3 prosent i perioden juni-august 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode, medan industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien auka med 1,3 prosent (sjå figur 2). Auken i leverandørindustrien kan sjåast i samanheng med høgare oljeinvesteringar grunna blant anna økt feltutbygging.

 

Månadsendring: fall i oljeraffineri, kjemisk og farmasøytisk industri

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen fall med 1,1 prosent frå juli til august 2024. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest i negativ retning med ein klår nedgang på 9,0 prosent. Denne nedgangen kjem etter ein sterk auke i produksjonen i føregåande månadar. Det var òg fall i maskinreparasjon og -installasjon i denne perioden.

På den anna side hadde næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri ein oppgang på 9,0 prosent og bidrog såleis til å dempe fallet i industriproduksjonen. Oppgangen i næringsgruppa kan knytast til ein normalisering av aktiviteten etter at førre periode vart prega av ein rekke tilfelle av drifts- og vedlikehaldsstans blant viktige verksemder.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte tal. Tremåneders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

 

Månadsendring: fall i industriproduksjon i Eurosona i juli

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 1,1 prosent frå juni til juli 2024. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 2,1 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein auke på 0,2 prosent i same periode, produksjonen i Danmark såg òg ein auke på heile 7,3 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein auke på heile 5,0 prosent i perioden juni-august 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje auka med 2,7 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 5,9 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side fall med 1,2 prosent i perioden juni-august 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 7,2 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med 3,0 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.