Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden mai-juli 2024 var på 102,6 (2021=100) mot 100,9 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden i aktivitetsnivået i industrien viser no ein aukande utvikling (sjå figur 1).

Månadsendring: auke i aktiviteten i juli

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen auka med 2,0 prosent frå juni til juli 2024. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest i positiv retning med ein oppgang på heile 12 prosent. Fleire verksemder hadde ein auke i produksjonen, og oppgangen knytast til ein normalisering av aktiviteten etter fall i produksjonen i føregåande månadar. I tillegg bidrog òg bygging av skip og oljeplattformer saman med maskinreparasjon og -installasjon positivt i denne perioden.

På den anna side hadde næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri ein nedgang på heile 9,0 prosent og bidrog såleis til å dempe auken i industriproduksjonen. Nedgangen i næringsgruppa kan knytast til ein rekke tilfelle av drifts- og vedlikehaldsstans blant viktige verksemder i denne perioden. Lågare etterspurnad frå byggenæringa kan òg være ein orsak til lågare aktivitet i denne næringsgruppa dei siste månadene.  

Tremånadarsendring: auke i metallvareindustri

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 1,7 prosent i perioden mai-juli 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg metallvareindustri som bidrog til den samla oppgangen i industriproduksjonen med ein auke på heile 5,7 prosent. Det var òg ein auke i maskinreparasjon og -installasjon på 5,5 prosent i denne perioden.

På den anna side trekte kjemiske råvarer og næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri den samla utviklinga i motsett retning i perioden med eit fall på høvesvis 5,9 og 3,5 prosent

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 4,4 prosent i perioden mai-juli 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode, medan industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien auka med 0,3 prosent (sjå figur 2). Auken i leverandørindustrien kan sjåast i samanheng med høgare oljeinvesteringar grunna blant anna økt feltutbygging.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte tal. Tremåneders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: om lag uendra i industriproduksjon i Eurosona i juni

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein marginal nedgang på 0,1 prosent frå mai til juni 2024. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 2,0 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein auke på 0,1 prosent i same periode, produksjonen i Danmark såg òg ein auke på 0,1 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein auke på heile 5,5 prosent i perioden mai-juli 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje auka med 2,9 prosent, medan utvinning av naturgass auka med heile 7,3 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side fall med 3,4 prosent i perioden mai-juli 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 4,0 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 1,6 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.