Det vart selt 249 millionar liter autodiesel i august, 8 millionar liter mindre enn i same periode i 2021 viser statistikken Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff. Salet av bilbensin gjekk òg ned med 9 millionar liter, og enda på 88 millionar liter.
I perioden januar til og med august i år har salet av bilbensin minka med 4,8 prosent samanlikna med same periode i 2021. Salet av autodiesel er tilnærma uendra.