Dette svarar til ein oppgang i salet på 26,5 prosent. Framleis ligg salet av Jetparafin er ein type drivstoff som nyttast i fly med jetmotor. vesentleg under nivået før koronapandemien. Salet i september i år utgjer 44% av salet i september 2019.
Liten auke i salet av autodiesel hittil i år
Frå januar til og med september i år blei det selt 2,2 milliardar liter autodiesel, ein auke på 0,7 prosent samanlikna med året før. Salet av bilbensin har gått ned 0,4 prosent og ligg no på 748 millionar liter. Samla sett har salet av drivstoff til vegtrafikk vore 0,4 prosent høgare i 2021 samanlikna med perioden januar til september i 2020.