Det vart selt 250 millionar liter autodiesel i mars, 10 millionar liter meir enn i same periode i 2021 viser statistikken Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff. Salet av bilbensin auka med 3 millionar liter, og enda på 75 millionar liter.
Sal av reint, flytande biodrivstoff
I mars 2022 vart det selt 8 millionar liter reint biodrivstoff i Norge. Av dette gjekk 6 millionar liter til vegtrafikken.