Det vart selt 223 millionar liter autodiesel i januar, 4 millionar liter mindre enn i i same periode i 2021 viser statistikken Sal av petroleumsprodukt. Salet av bilbensin gjekk òg ned med 4 millionar liter, og enda på 64 millionar liter.
I januar vart det selt 40 millionar liter jetparafin. Det er ein auke på 60 prosent samanlikna med same månad i fjor. Salsmengda i januar 2022 utgjer snaut halvparten av nivået i januar 2020, før koronapandemien.