Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Lågare investeringar i 2001
Investeringsaktiviteten i industrien, bergverksdrifta og kraftforsyninga ser ut til å bli om lag 7 prosent lågare i 2001 i forhold til i år. 2000-overslaga ligg no på 18,5 milliardar i løpande kroner. Dette er om lag på same nivå som i fjor.
Investeringsoverslaga for 2001 ligg 7 prosent lågare enn tala for 2000 gitt på same tidspunkt i fjor. Det er industrien som reduserer overslaga sine, mens tala for kraftforsyninga er uendra.
Overslaga som er gitt av dei bedriftene som deltek i undersøkinga, viser totale investeringar for 2000 på 18,5 milliardar kroner. Dette er om lag same nivå som vart rapportert for 1999 på same tidspunkt i fjor. Tala for industrien og bergverksdrifta er på 14,1 milliardar, mens kraftforsyninga rapporterer 4,4 milliardar kroner.
Endringar industri og bergverk i 2000 og 2001
Industrioverslaga tyder på eit investeringsnivå i år på om lag 13,6 milliardar kroner. Dette er 1 prosent lågare enn overslaga for 1999 gitt i augustundersøkinga i fjor. Størst nedgang finn vi i næringane treforedling og maskinindustri, med nedgang på 31 og 36 prosent. Nedgangen i treforedlinga kjem av ferdigstilling av nokre større prosjekt, mens det i maskinindustrien er ein meir generell nedgang. Den største auken finn vi i mineralproduktindustrien og nærings- og nytingsmiddelindustrien. Auken er på respektive 18 og 17 prosent. Ein stor del av auken i mineralproduktindustrien kjem av eit stort prosjekt. I nærings- og nytingsmiddelindustrien medverkar nokre større prosjekt til ein auke på nærare ein halv milliard kroner i forhold til i fjor.
2001-overslaga for industrien er 9 prosent lågare enn tala for 2000 gitt på same tidspunkt i fjor. Om lag halve reduksjonen kjem av låge tal frå elektroteknisk og optisk industri. Dei gir ein forventa nedgang i næringa på om lag 47 prosent, men stor uvisse er knytt til tala på dette tidspunktet.
Pårekna investeringar for 2000 innanfor bergverksdrifta er 54 prosent over dei som vart gitt for 1999 på same tidspunkt i fjor. Mykje av auken kjem av eit stort prosjekt. Overslaga for 2001 er 3 prosent under dei som vart gitt for 2000 for eit år sidan.
Endringar kraftforsyning i 2000 og 2001
Overslaga for 2000 viser ein moderat nedgang på om lag 4 prosent i forhold til tala som vart rapporterte for 1999 i augustundersøkinga i fjor. Kraftforsyninga sine overslag for 2001 er uendra sett i forhold til 2000-tala rapporterte for eit år sidan.
Utførte og pårekna investeringar i alt i industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Millionar løpande kroner |
Pårekna 1999 | Pårekna 2000 | Pårekna 2001 | Utført og pårekna 1999 | Utført og pårekna 2000 | Utført og pårekna 2000 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Registrert i
3. kv. 1998 |
Registrert i
3. kv. 1999 |
Registrert i
3. kv. 2000 |
Registrert i
3. kv. 1999 |
Registrert i
2. kv. 2000 |
Registrert i
3. kv. 2000 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri, bergverksdrift og kraftforsyning | 16 518 | 14 419 | 13 383 | 18 685 | 18 239 | 18 480 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift | 174 | 211 | 205 | 334 | 446 | 515 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 11 296 | 10 943 | 9 911 | 13 771 | 13 501 | 13 581 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 5 048 | 3 265 | 3 266 | 4 581 | 4 291 | 4 385 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Finn flere tall
FInn detaljerte tall for Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Ståle Mæland
E-post: stale.maeland@ssb.no
tlf.: 95 05 98 88
-
Edvard Andreassen
E-post: edvard.andreassen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 32