Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Ventar høgare investeringar i 2007
Tala for 2007 for industri, bergverksdrift og kraftforsyning tyder på ein ytterlegare auke i investeringane. Forventning om eit enda høgare investeringsnivå innafor både industri og kraftforsyning er årsaka til dette.
Førebelse tal for nyinvesteringar i industri, bergverksdrift og kraftforsyning i 2006 summerer seg til 34,1 milliardar kroner - målt i løpande priser. Dette gir ein auke på 19 prosent samanlikna med tilsvarande tal for 2005. Tala for 2007 tyder på ein ytterlegare auke i investeringane. Forventningar om eit enda høgare investeringsnivå innafor både industri og kraftforsyning er årsaka til dette.
Industrien stadfestar høgare investeringsnivå i 2006
Innan industrien summerer førebelse tal for nyinvesteringar i 2006 seg til 22,1 milliardar kroner - målt i løpande priser. Dette gir ein auke på 16 prosent samanlikna med tilsvarande tal for 2005 og er eit svært høgt nivå historisk sett. Generelt høg investeringsvilje innafor ei rekke næringar kombinert med nokre store enkeltprosjekt, er årsaka til utviklinga. Ferdigstilling av fleire store prosjekt innafor kjemisk råvareindustri gir eit kraftig fall i investeringane for denne næringa.
Tala for 2007 for nyinvesteringar i industrien summerer seg til 20,2 milliardar kroner. Dette gir ein auke på 12 prosent samanlikna med tilsvarande tal for inneverande år. Forventning om eit merkbart høgare investeringsnivå innafor næringsmiddelindustrien, mineralproduktindustrien samt elektroteknisk og optisk industri er årsaka til dette. Det er venta ein ytterlegare nedgang i investeringar innafor kjemisk råvareindustri.
Innan bergverksdrift summerer førebelse tal for nyinvesteringar i 2006 seg til 800 millionar kroner - målt i løpande prisar. Resultatet er merkbart høgare enn for august-undersøkinga og er no på om lag same nivå som i fjor på denne tida.
Kraftforsyning ventar ytterlegare auke
Førebelse tal for nyinvesteringar innafor kraftforsyning i 2006 summerer seg til 11,2 milliardar kroner - målt i løpande priser. Dette gir ein auke på 25 prosent samanlikna med tilsvarande tal for 2005. Generelt høg investeringsvilje kombinert med nokre store prosjekt innafor næringa er årsak til utviklinga. Tala for 2007 tyder på ytterlegare auke i investeringane.
Endringar i tidlegare tal
Endra næringsklassifisering for ein observasjon i utvalet har gjort det nødvendig å berekne nye tal for mai- og august-undersøkingane. Endringane har innverknad på metallindustri og mineralproduktindustri samt hovudaggregatet for industrien.
Utførte og pårekna investeringar i alt i industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Millionar løpande kroner. |
Antatt 2005, registrert i 4. kv. 2004 | Antatt 2006, registrert i 4. kv. 2005 | Antatt 2007, registrert i 4. kv. 2006 | Utført og antatt 2005, registrert i 4. kv. 2005 | Utført og antatt 2006, registrert i 3. kv. 2006 | Utført og antatt 2006, registrert i 4. kv. 2006 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Industri, bergverksdrift og kraftforsyning | 23 111 | 28 184 | 32 437 | 28 696 | 33 375 | 34 083 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift | 246 | 269 | 366 | 769 | 453 | 799 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 15 011 | 18 002 | 20 228 | 18 968 | 21 348 | 22 088 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraftforsyning | 7 854 | 9 913 | 11 843 | 8 959 | 11 575 | 11 196 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Finn flere tall
FInn detaljerte tall for Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Ståle Mæland
E-post: stale.maeland@ssb.no
tlf.: 95 05 98 88
-
Edvard Andreassen
E-post: edvard.andreassen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 32