8415_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/kis/arkiv
8415
Store investeringar i industrien
statistikk
2007-12-03T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
kis, Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, antatte investeringer, utførte investeringer, investeringsnivå, investeringsanslagEnergi, Industri og bergverksdrift, Energi og industri
false

Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning4. kvartal 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Store investeringar i industrien

Samla nyinvesteringar i industrien i 2008 vil venteleg bli merkbart høgare enn i inneverande år. Hovudsakleg har dette si årsak i nokre store enkeltprosjekt.

Investeringsanslag 1989-2007 registrert i 4. kvartal same år. Millionar løpande kroner

Førebelse tal for nyinvesteringar i industri, bergverksdrift og kraftforsyning i 2007 summerar seg til 40,7 milliardar kroner - målt i løpande prisar. Dette gir ein auke på 19 prosent samanlikna med tilsvarande tal for 2006. Tala for 2008 syner ein ytterlegare auke i investeringane. Dette heng saman med fleire store prosjekt i industrien.

Industrien stadfestar tala frå juli-undersøkinga

For industrien samla syner førebelse tal at nyinvesteringane i 2007 vil liggje på om lag 27,2 milliardar kroner - målt i løpande prisar. Dette gir ein vekst på 23 prosent samanlikna med tilsvarande tal for 2006, og er eit svært høgt nivå historisk sett. Store nybygg og omfattande oppgraderingar i næringa oljeraffinering og kjemisk industri medverkar sterkt til utviklinga. Mellom anna skjer det mykje innanfor silisiumrelatert produksjon. Høg etterspurnad etter ikkje-jernhaldige metall gir grunnlag for auka investeringar i denne næringa. Førebels meiner ein å oppretthalde eller forbetre eksisterande anlegg. Uvanleg høge ordrereservar (sjå Kvartalsvis ordrestatistikk ) i verftsindustrien skapar behov for auka produksjonskapasitet i næringane transportmiddel, metallvareindustri og maskinindustri. Dette kjem til syne i form av ein merkbar auke i investeringane.

Oljeraffinering og kjemisk industri driv utviklinga

Tala for 2008 summerar seg til 28 milliardar kroner - målt i løpande prisar. Dette gir ein auke på 38 prosent samanlikna med tilsvarande resultat for 2007. Næringa oljeraffinering og kjemisk industri utgjer drivkrafta bak utviklinga. Forventning om eit høgt nivå på investeringane i nærings- og nytingsmiddelindustrien medverkar også til å trekke opp resultatet. Avslutning av eit stort prosjekt i mineralproduktindustrien fører til ein merkbar nedgang i investeringane for denne næringa.

For bergverksdrift syner førebelse tal at nyinvesteringane i 2007 vil liggje på om lag 680 millionar kroner - målt i løpande prisar. Resultatet er dermed noko lågare enn registrert på den same tida i fjor. Tala for 2008 tyder på at investeringane vil halde seg på om lag det same nivået som i inneverande år.

Lågare tal for nyinvesteringar i 2007

Førebelse tal for nyinvesteringar i kraftforsyning i 2007 summerar seg til om lag 12,9 milliardar kroner - målt i løpande prisar. Dette gir ein auke på 15 prosent samanlikna med tilsvarande tal for 2006, men er noko lågare enn resultatet frå juli-undersøkinga. Forseinkingar i eit stort prosjekt er den viktigaste årsaka til dette. Tala for komande år syner eit enda høgare nivå på investeringane i 2008.

Utførte og pårekna investeringar i alt i industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Millionar løpande kroner
  Pårekna 2006, registrert i 4. kv. 2005 Pårekna 2007, registrert i 4. kv. 2006 Pårekna 2008, registrert i 4. kv. 2007 Utført og pårekna 2006, registrert i 4. kv. 2006 Utført og pårekna 2007, registrert i 3. kv. 2007 Utført og pårekna 2007, registrert i 4. kv. 2007
Industri, bergverksdrift og kraftforsyning 28 184 32 437 41 765 34 083 42 868 40 692
Bergverksdrift  269  366  394  799  640  682
Industri 18 002 20 228 27 951 22 088 27 650 27 153
Kraftforsyning 9 913 11 843 13 421 11 196 14 578 12 856