Gå til Altinn rapportering

Svara dykkar er viktige

Data om kommunal eigedomsskatt vert nytta i statistikk som gjev viktig informasjon om skatt, inntekt og formuestilhøve for privatpersonar og hushald i Noreg. Statistikken er viktig for å gje ei dekkande beskriving av norske hushald sine økonomiske levekår, mellom anna ved å beskrive i kva grad eigedomsskatt verkar inn på inntekt etter skatt i hushalda. Statistikken vert brukt av politikarar, forskarar, offentlege verksemder og næringslivet.

De har plikt til å svare innan fristen

Statistikken er så viktig for samfunnet at det ikkje er valfritt å delta.

Svarfristen er oppgjeven til høgre for skjematittelen i innboksen i Altinn.

For å lage god statistikk om kommunal eigedomsskatt for privatpersonar og hushald treng vi å vite kor mykje eigedomsskatt hushalda har betalt for kvar einskild bustad og fritidsbustad, og kva verdi eigedommane har.

De skal rapportere data for desse typane eigedommar:

  • Bustader og fritidsbustader
  • Bustader og fritidsbustader på gardsbruk der desse er underlagt kommunal eigedomsskatt
  • For blanda eigedommar med både næring- og bustadbygg vil vi berre ha data om eigedomsskatt for bustaddelen.
  • Naust, garasjar og liknande skal rapporterast dersom desse har eige gards- og bruksnummer (eventuelt og feste- og seksjonsnummer) og er underlagd kommunal eigedomsskatt.
  • Tomt til bustad- eller fritidsføremål rapporterast og dersom dei har eige gards- og bruksnummer (eventuelt og feste- og seksjonsnummer) og er underlagd kommunal eigedomsskatt 

De skal ikkje rapportere data om næringseigedommar. Difor er kommunar som krev inn eigedomsskatt berre for eigedommar dekte av bokstav c og d under §3 i eigedomsskattelova, ikkje omfatta av opplysningsplikta og treng ikkje sende inn data.

Vi treng opplysningar om følgjande for kvar enkelt eigedom:

  • kommunenummer (kommnr)
  • gardsnummer (gnr.)
  • bruksnummer (bnr.)
  • festenummer (fnr.) – dette feltet kan vere blankt
  • seksjonsnummer (snr.) – dette feltet kan vere blankt
  • eigedomsskattegrunnlaget – bustadens tilnærma marknadsverdi som er henta frå Skatteetaten eller frå eiga taksering utført av kommunen (bustadverdi eller takst)
  • berekningsgrunnlag - grunnlaget som til slutt nyttast for sjølve berekninga av skatten
  • skatt – den faktiske eigedomsskatten som vert betalt for eigedommen

De skal levere fila på eit spesifikt XML-format. Fil- og feltspesifikasjon og anna relatert dokumentasjon finst under Rapporteringsmateriell.

Det er viktig at de namngir fila riktig og at fila ikkje inneheld fleire opplysningar enn dei vi bed om. Kvar kommune skal i utgangspunktet sende inn ei fil.

Skulle det bli nødvendig å dele opp i fleire filer på grunn av storleiken (grensa går på 25 MB), må dette gå fram av filnamna. Dette gjeld berre store kommunar.

Mange kommunar vil kunne generere XML-fila automatisk i eige IT-system, då sentrale IT-leverandørar har utvikla ei eiga løysing for denne rapporteringa.

Opplysningsplikta gjeld for alle kommunar som krev inn skatt etter §3 i Lov om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova), med unntak for kommunar som berre krev inn for eigedommar dekte av paragrafens bokstav c og d.

Dersom de meiner at de ikkje er omfatta av plikta til å svare fordi kommunen ikkje har eigedomsskatt på private bustader eller fritidsbustader, ta kontakt med datafangst@ssb.no.

Opplysningsplikta gjeld så lenge kommunen skriv ut skatt på private bustader og fritidsbustader.

Plikta til å gi og retten til å hente inn opplysingar: statistikklova § 10

Retten til å ileggje tvangsmulkt: statistikklova § 20 og statistikkforskrifta § 4

Retten til å tvangskrevje mulkt og krevje betaling for kostnader: tvangsfullføringslova

Retten til å klage på eit vedtak: forvaltingslova kapittel VI

Desse lovene finn de på Lovdatas sider.

Treng du hjelp?

Rettleiing - korleis sende inn opplysningar

Finn du ikkje svar på det du lurer på, kan du kontakte oss på chat, e-post eller telefon. Sjå kontaktinformasjon nedst på denne sida.