Portal for innrapportering opnar 2. januar, frist for rapportering er 15. februar.

Generelt 

Skjemaet skal fyllast ut på kommunenivå av øvste ansvarleg for barne- og ungdomstiltak i den etat/seksjon som er tillagd dette ansvaret. Den som fyller ut skjemaet skal førast opp med namn.

Opplysningane som blir gjeve skal vere i samsvar med dei faktiske forholda. Skjemaet består av ei side, og er inndelt i seksjonar. Seksjon 2 er meint å rapportere aktiviteten innanfor funksjon 231 Aktivitetstilbod til barn og unge, medan seksjon 3 og 4 omhandlar spørsmål kring funksjon 380 Idrett og 385 Andre kulturaktivitetar.

Samla driftstilskot (spørsmål 3 og 4) skal rapporterast i heile 1 000 kr. Kulturskular skal ein ikkje rapportere via skjema 17.

NB! Det er viktig å merke seg at det er dei reelle tala som skal innrapporterast kvart år, også i år kor det er mange avvik frå normalen. Dette gjeld heile skjemaet. Om det til dømes er slik at fritidssentra hadde opent færre veker enn vanleg så skal dette synast i innrapporteringa. Bruk gjerne kommentarfeltet til å forklare avvik.

1. Innleiande spørsmål (opplysningar om kommunen)

Kommunenummer fylles ut automatisk ved pålogging. Namn på skjemaansvarleg, telefonnummer til skjemaansvarleg og e-post til skjemaansvarleg må fyllast ut.

2. Barne- og ungdomstiltak m.m. (f231)

Kommunalt drivne fritidssenter

 Fritidssenter er eit samlenamn og omfattar alle typar fritidsklubbar, ungdomskafé, ungdomshus, mediesenter, aktivitetshus, og andre ungdoms- og fritidsordningar og liknande. Ein kommune kan ha fleire fritidssenter. Inkluderer også opne møteplassar.

  • Talet på kommunale fritidssenter
    Eit fritidssenter kan innehalde ein eller fleire aktivitetar, for eksempel alle typar fritidsklubbar, ungdomskafé, ungdomshus, mediesenter, aktivitetshus, og andre ungdoms- og fritidsordningar og liknande. Ein kommune kan ha fleire fritidssenter. Rapporteringa gjeld for heile året, til dømes dersom eit fritidssenter vert nedlagd midt i året, tel det som 0,5 som igjen rundast opp til 1.
     
  • Samla disponibelt areal i m2 for det kommunale fritidssenteret/-sentera
    I dette spørsmålet ønskjer ein talet på m2 til disposisjon for fritidsklubben, anten ved eige, leige eller lån. Det kan vere heile eller deler av eit areal som har ein annan funksjon, men i denne samanhengen vert nytta til føremålet fritidsklubb.
     
  • Timar opent per veke, gjennomsnitt
    Med opningstimar meiner ein den tida fritidssenteret er tilgjengeleg for brukarane, med eller utan vaksne til stades. Dersom det er fleire tiltak, reknar ein gjennomsnittleg tal på opne timar. (Eksempel: Tiltak a på 10 timar per veke, tiltak b på 15 per veke. (10 + 15)/2= 12,5 timar per veke.)
     
  • Talet på dagar/kveldar opent per veke, gjennomsnitt
    Dersom det er fleire tiltak, reknar ein gjennomsnittleg tal på dagar/kveldar per veke. (Eksempel: Tiltak a på 2 dagar per veke, tiltak b på 3 dagar per veke. (2 + 3)/2= 2,5 dagar per veke.)
     
  • Talet på veker opent i året, gjennomsnitt
    Dersom det er fleire tiltak, reknar ein gjennomsnittleg tal på veker i rapporteringsåret. Same utrekningsmetode som over.
     
  • Talet på opningstimar i året
    Dette feltet summerer seg automatisk (timar i veka x talet på tiltak x talet på veker).
     
  • Talet på besøk per dag/kveld, gjennomsnitt
    Her tel ein kor mange som er innom fritidssenteret per dag/kveld. Dersom det er fleire tiltak, reknar ein gjennomsnittleg tal på besøk per dag/kveld.
     
  • Årsverk og tilsette
    Talet på årsverk, totalt for fritidssenteret/-sentera i kommunen:
    Registrerast med ein desimal

    Talet på tilsette, totalt for fritidssenteret/-sentera i kommunen:
    Feilmelding: Talet på årsverk kan ikkje vere større enn talet på tilsette.

Tal på årsverk og tal på tilsette

I desse to spørsmåla fører ein totalt tal på tilsette og årsverk i fritidssentera i kommunen. Det skal ikkje skiljast mellom ulike typar kommunale tiltak og heller ikkje mellom heiltids- og deltidstilsette. Målet med dette spørsmålet er å få ei fullstendig oversikt over alle tilsette i sektoren. Merk at berre tilsette i kommunen skal telje med. Eitt normalårsverk innanfor barne- og ungdomstiltak svarar til 37,5 timeverk per veke i eitt år, eksklusiv ferie. For personar som arbeider deltid eller ein mindre del av året, skal ein rekne om arbeidstida til årsverk. Ein person som f.eks. arbeider 75 prosent av full stilling, blir registrert med 0,75 årsverk. Ein som arbeider full veke 8 månader i året, blir registrert med 8/12 årsverk=0,67 årsverk. Merk at det er avtala arbeidstid som skal registrerast. Det vil f.eks. seie at for ein person som har hatt førebels fråvær på grunn av sjukdom eller liknande, så skal ein føre opp avtala arbeidstid for vedkomande. Vikar tilsett på grunn av sjukdomsfråvær, skal ikkje tas med.

Med tilsette er det meint alle tilsette, medrekna tilsette i engasjement, vikariat og timelønte ekstrahjelpar. Vikarar tilsette på grunn av sjukdomsfråvær, sivilarbeidarar eller personar på AMO-tiltak skal ikkje tas med. Med talet på tilsette er meint det faktiske talet på personar som var tilsette i sektoren per 31. desember i rapporteringsåret, både heiltids- og deltidstilsette.

Frivillige barne- og ungdomsforeiningar

I hovudsak gjeld dette foreiningar tilslutta Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) og elles barne- og ungdomsorganisasjonar som dokumenterer verksemda gjennom budsjett/rekneskap.

Her fører ein opp talet på frivillige barne- og ungdomsforeiningar som får kommunalt driftstilskot. Det skal ikkje skiljast på type foreining (musikk, teater osv.).

Driftstilskot til frivillige barne- og ungdomsforeiningar blir frå og med rapporteringsåret 2007 henta frå kommunerekneskapen funksjon 231/art 470.

3. Idrettslag/skyttarlag (f380)

Dette omfattar idrettslag som er tilslutta idrettsorganisasjon under Noregs idrettsforbund (NIF) og skyttarlag som er tilslutta Det frivillige Skyttervesen eller sportsskyttarlag tilslutta NIF, og for øvrig andre idrettslag- og organisasjonar som dokumenterer virksomheten gjennom budsjett/regnskap. Lag og foreiningar som har søkt og får kommunalt tilskot (ordinært tilskot og prosjekttilskot) og kor mykje dei får (spelemidlar fører ein ikkje her).

Samla kommunalt tilskot: Inkluderer alle overføringar i kommunen, ordinært driftstilskot (som regel basert på medlemstal), prosjekttilskot, anleggsbidrag, ulike typar refusjonar. Beløpet fører ein i heile  1 000 kr. For eksempel rapporterer ein tilskot på 150 000 som 150.

4. Andre kulturaktivitetar (f385)

Her fører ein talet på frivillige lag og foreiningar som har søkt, og får, kommunalt tilskot,

og kor mykje dei får. Det skal ikkje skiljast på type foreining (musikk, teater osv.) Denne posten gjeld ikkje kulturaktivitetar for barn og unge, og ikkje frivilligsentralar. Sistnemnte er endra frå i fjor, då ein skulle rapportere tal for frivilligsentralane under denne posten.

Samla kommunalt tilskot: Inkluderer alle kommunen sine overføringar, ordinært driftstilskot  (som regel basert på medlemstal), prosjekttilskot, anleggsbidrag og ulike typar refusjonar. Beløpet fører ein opp i heile 1 000 kr. For eksempel rapporterer ein tilskot på 150 000 som 150.

5. Kommentarfelt

Her er det mogleg å skrive kommentarar til dei utfylte tala eller skjemaet. Ein kan til dømes forklare større avvik frå tidlegare års rapportering.