Hushaldsavfall er avfall frå private hushald. Dette omfattar avfall frå normal verksemd i eit hushald (matavfall, emballasje, papir, kasserte møblar mm.). Større gjenstandar frå hushalda som inventar er òg hushaldsavfall.
Desse avfallstypane inngår i rapporteringa av hushaldsavfall:
- Alt hushaldsavfall som oppstod i kommunen/regionen, både det som blei omfatta av henteordning og det som blei levert direkte til gjenvinningsstasjon eller anna bringeordning.
- Avfall frå private hushald, fritidsbustader og studentbustader vert rekna som hushaldsavfall.
Desse avfallstypane inngår ikkje i rapporteringa:
- Kloakkslam
- Matavfall som vert heimekompostert eller på anna måte disponert av den som genererer avfallet.
- Avfall som er mottatt frå andre kommunar eller regionar, sjølv om det blei behandla på avfallsanlegg i denne kommunen/regionen.
- Reine naturlege massar som jord, stein, grus.
Kommunalt innsamla og mottatt næringsavfall
Avfall som i type og samansetning er tilsvarande hushaldsavfall, i samsvar med definisjonen over, og som samlast inn eller leverast saman med hushaldsavfallet i kommunen/regionen.
Alle kommunar som samlar inn og mottar næringsavfall skal ha eit sjølvkostrekneskap kor næringsavfall skal skiljast ut slik at det ikkje er ein del av grunnlaget for renovasjonsgebyret.
1. Kommunal/ interkommunal avfallsordning
Kommunar som er med i eit interkommunalt avfallsselskap skal berre gje opplysningar om renovasjonsordningane. Avfallsmengda vil bli henta inn direkte frå avfallsselskapet. Selskapa rapporterer samla for sine medlemskommunar på eit eige KOSTRA-skjema. Mengda blir fordelt på medlemskommunane etter innbyggjartal justert for hyttar.
Renovasjonsordning | Kva skal du svare på? |
Har kommunen eigen renovasjonsteneste? | Alle spørsmål |
Har kommunen satt bort renovasjonen til interkommunalt selskap? | Spørsmål 1,2,3 |
1.2–1.4 Spørsmål om organisering av avfallsordninga i kommunen
Ytterlegare forklaring til svaralternativa finnast i rettleiar til reglane om offentlege anskaffingar.
2. Abonnement og hytterenovasjon
Med ordning for heimekompostering meiner vi om kommunen eller avfallsselskapet har godkjent kompostering som ein del av avfallsordninga for hushalda. Slike ordningar stiller ofte krav til kompostbinge, kunnskap om kompostering o.l.
2.2 Kor mange bueiningar er knytt til hytterenovasjonen i kommunen?
Oppgje talet på bueiningar knytt til hytterenovasjonen. Vi ønskjer talet på bueiningar og ikkje talet på abonnentar, då det kan vere fleire bueiningar knytt til eit abonnement.
Talet på hyttar (bueiningar tilknytt hytterenovasjonen) brukast til å berekne talet på årsinnbyggjarar i kommunen.
Med årsinnbyggjar meiner vi: Ein variabel som fangar opp feriebefolkning i tillegg til innbyggjarar. Årsinnbyggjarar vert berekna slik
Årsinnbyggjarar = (innbyggjarar) + (hyttar * 4personar/hytte * 30 bruksdagar i året/365 dagar i året).
4 Avfall frå hushald og næring
NB! Berre for kommunar som ikkje er med i eit interkommunalt avfallsselskap. Dei interkommunale selskapa fyller ut tilsvarande tal på skjema 21C.
4.1 Henteordning
Ta med avfall henta heime hos abonnenten og lokale ubetjente returpunkt. Farleg avfall og EE- avfall som vert henta heime rapporterast og her. Andre avfallstypar som vert henta heime, men som vanlegvis vert levert på gjenvinningsstasjon, førast på gjenvinningsstasjon.
4.2 Gjenvinningsstasjon
Avfall levert på gjenvinningsstasjon av hushalda og næringskundar. Også mobile gjenvinningsstasjonar.
Spørsmålstabellane 4.1 og 4.2
Fyll ut TONN utsortert avfall av dei forskjellige materiala. Ein skal fordele mengda på følgjande typar behandling: materialgjenvinning, kompostering, biogassproduksjon, forbrenning med energiutnytting, deponering og anna handtering.
For kommunar som samlar inn avfall frå næringslivet saman med avfall frå hushalda:
Samla mengd avfall frå hushald og næring, for kvar avfallstype og behandling, rapporterast. Vert summert til «Totalt hushald + næring».
Mengd hushaldsavfall for kvar avfallstype rapporterast. Vert summert til «Totalt hushaldsavfall».
Mengd næringsavfall vert berekna automatisk som differansen mellom «Totalt hushaldsavfall + næring» og «Totalt hushaldsavfall».
For kommunar som samlar inn berre hushaldsavfall:
Mengd avfall frå hushald for kvar avfallstype og behandling rapporterast. Vert summert til «Totalt hushald + næring».
Mengd avfall frå hushald for kvar avfallstype rapporterast. Vert summert til «Totalt hushald».
Mengd næringsavfall skal vere lik 0.
Materiala er angitt med nummerering frå Norsk Standard for avfall (NS 9431). Mengdene vert summert automatisk.
Avfall som blir sortert ut for gjenvinning inne på anlegget, skal og førast som "Utsortert".
4.3 Levert til ombruk
Rapporter levert til ombruk på gjenvinningsstasjon og tekstilar levert til UFF/Fretex/andre organisasjonar.
Avfallskategoriar
1200 Papir, papp og kartong
- Blanda papir/papp
- Kartong/drikkekartong
- Papp
- Aviser/tidsskrift
- Bøker
1300 Glas
- Blanda glasemballasje (1312)
- Vindaugsglas, ikkje laminert (1332)
- Ikkje vindaugsruter med karm
- Dersom glas- og metallemballasje samlast inn saman og mengdeforholdet ikkje er kjent brukast 10 % metallemballasje og 90 % glasemballasje
1700 Plast
- Blanda plastemballasje (1729)
- Blanda plast
- Blanda hardplast
- Ikkje gummi
1400 Metall
- Metallemballasje (1411)
- Blanda metall (kompleksmetall)
- Magnetisk metall utsortert frå sentral sortering
- Ikkje-magnetisk metall utsortert frå sentral sortering
- Ikkje EE-avfall, batteriar, bilvrak, mm.
- Ikkje metall frå utsortering av botnaske
- Dersom glas- og metallemballasje vert samla inn saman og mengdeforhold ikkje er kjend, bruk 10 % metallemballasje og 90 % glassemballasje
1500 EE-avfall
- Kvitevarar
- Kuldemøblar
- Elektronikk (burvarar)
- Kablar og leidningar
- Lyskjelder
- Varmtvassbehaldarar
- Anna elektrisk
- Røykvarslarar
- Ikkje batteriar og bilbatteriar
1111 Mat og anna våtorganisk avfall
- Matavfall
- Våtorganisk avfall (inkl. tørkepapir og evt. planterestar)
- Bioavfall
- Matolje
- Matavfall og kadaver mottatt ved gjenvinningsstasjon viss utsortering og separat veging
- Ikkje heimekompostert våtorganisk avfall
1141-1149 Treavfall
- Reint ubehandla trevirke
- Blanda trevirke
- Pallar/emballasje
- Tremøblar
- Ikke bark
1131 Hageavfall
- Planterestar (kvist, gras, mv.)
- Røter/GROT
- Jord
- Bark
- Svartelista plantar (forbrenning), viss separat veging
1911 Tekstilar
- Brukte klær, sko og accessoirar (tilbehør)
- Blanda tekstilar (alle typer)
- Tepper
7000 Farleg avfall
- Impregnert trevirke
- Spillolje
- Maling, lim og lakk
- Sprayflasker
- Ikke organisk
- Batterier
- Bilakkumulatorer
- PCB-vindusruter
- Klorparafin vindusruter
- Ftalater (vinylbelegg)
- XPS-plater/byggplater (med bromerte flammehemmere)
- PUR-skum
- Asbest
1600 Betong, tegl og anna byggavfall
- 1613 Tegl og takstein,
- 1611-1612 Betong med/utan armeringsjern,
- 1614 forureina betong og tegl
- 1617 Mineralull
- 1618 Keramikk og porselen
- 1619 Asfalt
- 1621 Takpapp/ tjærepapp
- Ikkje naturlege reine massar som jord, stein og grus
- Dersom fraksjonane nemnt over ikkje overveiande er byggavfall – rapporter under restavfall
1603-1604 Lett forureina massar og Forureina massar
- Lett forureina massar 1603 Jord, stein, grus og anna ikkje farleg avfall som tilfredsstiller kriterium for mottak på deponi for inert avfall.
- Forureina massar 1604
1615 Gips
- Gipsplater
1811 Bildekk/gummidekk
- Personbildekk, andre dekk (motorsykkeldekk)
Anna (utsortert)
- Fritidsbåter opptil 15 fot
- Møblar
- Døde kjæledyr
- Deponirest
Utsortert i alt
- Summering av utsorterte materialer
9911 Restavfall
- Restavfall
- Blanda brennbart avfall
- Blanda ikkje brennbart avfall
- Vindaugerutar med karm (ikke med PCB eller klorparafiner)
- Avfall frå ryddeaksjonar (strandrydding, mv)
- Ikkje botnaske eller rejekt frå anna behandling
Behandlingsformar/Handtering
Ombruk
Å bruke om att produkt eller komponentar som ikkje er avfall, til same føremål som i utgangspunktet. Kommunane bør rapportere tekstilmengd som vert levert gjenvinningsstasjon og levert returpunkt som vert drifta av ulike organisasjonar (f.eks. UFF, Fretex). Vidare bør kommunane rapportere alt registrert uttak av ombruksartiklar frå kommunale gjenvinningsstasjonar der kor det er satt i system. Ulike typer mineralsk avfall som vert disponert ubehandla på eit regulert avfallsdeponi skal ikkje reknast som ombruk.
Materialgjenvinning, jf. definisjon oversett frå EU
Handtering kor avfallsmaterialet vert brukt på nytt i produkt, materiale eller stoff til det opprinnelege eller nye formål. Gjenvinning av organisk materiale inkluderast, men ikkje energiutnytting eller produksjon av materiale som skal brukast til drivstoff- eller energiutnyttingsformål. Materialgjenvinninga skal resultere i verdifulle materiale som kan brukast om att, og ikkje i produkt eller materiale som kan utgjere fare for miljø eller helse. Under materialgjenvinning finn ein handteringsformar som vasking, kverning, smelting, granulering osv.
Overordna krav: Handteringa skal ha som hovudformål å minimere negative effektar på helse og miljø.
Forbrenning med energiutnytting
Forbrenning av avfall kor energien vert utnytta i nokon grad. Gjeld både utsorterte reine forbrenningsfraksjonar og restavfall. Avfall som vert handtert ved forbrenning utan energiutnytting skal førast under annen handtering.
Biogassproduksjon
Anaerob (utan tilgang på oksygen) nedbryting av våtorganisk avfall (matavfall). Nedbrytinga skjer ved hjelp av levande mikroorganismar utan tilgang på oksygen. Biogassen består i hovudsak av metan (ca. 60 %) og karbondioksid (ca. 40 %).
Kompostering
Aerob (med tilgang på oksygen) nedbryting av våtorganisk avfall (matavfall og hageavfall). Nedbrytinga skjer ved hjelp av levande organismar med tilgang på oksygen.
Deponering
Sluthandtering kor avfallet (ikkje-organisk) vert lagt på fyllplass/deponi.
5. Kontroll mot førre året
Resultata frå førre året for nokre utvalde storleiker blir vist, og tilsvarande tal berekna for rapporteringsåret. For dette året vil det berre vere eit foreløpig tal, det vert forventa at tala kan endrast noko når dei vert publisert.
Hensikta med sida er å vise store endringar frå førre året for oppgåvegjevar, slik at feil kan bli oppdaga før innsending. Store endringar kan òg ha naturlege forklaringar, og vi oppfordrar i så fall til å skrive inn ein kommentar i kommentarfeltet på siste sida.
6. Plukkanalysar
NB! Fyllast berre ut av kommunar som har utført plukkanalysar og som ikkje er med i eit interkommunalt avfallsselskap.
6. Prosentvis fordeling av restavfall/våtorganisk avfall etter plukkanalyse
Fyll inn mengda avfall av dei ulike materiala, i prosent.
Se Avfall Norge sin rapport, "Veileder-plukkanalyser" (PDF på avfallnorge.no) for meir informasjon.