Hushaldsavfall er avfall frå private hushald. Dette inkluderer større gjenstandar som inventar og liknande. Dette omfattar avfall frå normal verksemd i eit hushald (matavfall, emballasje, papir, kasserte møblar mm.). Ver merksam på at større gjenstandar frå hushalda òg er hushaldsavfall.
Desse avfallstypane inngår i rapporteringa av hushaldsavfall:
- Alt hushaldsavfall som oppstod i kommunen/regionen, både det som blei omfatta av henteordninga og det som blei levert direkte til gjenvinningsstasjon eller anna bringeordning.
- Avfall frå private hushald, fritidsbustadar og studentbustadar vert rekna som hushaldsavfall.
Desse avfallstypane inngår ikkje i rapporteringa:
- Kloakkslam
- Matavfall som heimekomposterast eller på anna måte disponerast av den som genererer avfallet.
- Avfall som er mottatt frå andre kommunar eller regionar, sjølv om det blei behandla på avfallsanlegg i denne kommunen/regionen.
- Reine naturlege massar som jord, stein, grus.
Kommunalt innsamla og mottatt næringsavfall
- Avfall som i type og samansetning er tilsvarande hushaldsavfall, i samsvar med definisjonen over, og som samlast inn eller leverast saman med hushaldsavfallet i kommunen/regionen.
- Alle kommunar som samlar inn og mottar næringsavfall skal ha eit sjølvkostrekneskap kor næringsavfall skal skiljast ut slik at det ikkje er ein del av grunnlaget for renovasjonsgebyret.
3. Avfall frå hushald og næring
3.2 Henteordning
Ta med avfall hente heima hos abonnenten og lokale ubetjente returpunkt. Farleg avfall og EE- avfall som vert henta heime rapporterast og her. Andre avfallstypar som vert henta heime, men som vanlegvis vert levert på gjenvinningsstasjon, førast på gjenvinningsstasjon.
3.4 Gjenvinningsstasjon
Avfall levert på gjenvinningsstasjon av hushalda og næringskundar. Også mobile gjenvinningsstasjonar.
Spørsmålstabellane 3.2 og 3.4
Fyll ut TONN utsortert avfall av dei forskjellige materiala. Ein skal fordele mengda på følgjande typar behandling: materialgjenvinning, kompostering, biogassproduksjon, forbrenning med energiutnytting, deponering og anna handtering.
For kommunar som samlar inn avfall frå næringslivet saman med avfall frå hushalda:
- Samla mengd avfall frå hushald og næring, for kvar avfallstype og behandling, rapporterast. Vert summert til «Totalt hushald + næring».
- Mengd hushaldsavfall for kvar avfallstype rapporterast. Vert summert til «Totalt hushaldsavfall».
- Mengd næringsavfall vert berekna automatisk som differansen mellom «Totalt hushaldsavfall + næring» og «Totalt hushaldsavfall».
Kommunar som samlar inn berre hushaldsavfall:
- Mengd avfall frå hushald for kvar avfallstype og behandling rapporterast. Vert summert til «Totalt hushald + næring».
- Mengd avfall frå hushald for kvar avfallstype rapporterast. Vert summert til «Totalt hushald».
- Mengd næringsavfall skal vere lik 0.
Materiala er angitt med nummerering frå Norsk Standard for avfall (NS 9431). Mengdene vert summert automatisk.
Avfall som blir sortert ut for gjenvinning inne på anlegget, skal og førast som "Utsortert".
3.6 Levert til ombruk
Rapporter levert til ombruk på gjenvinningsstasjon og tekstilar levert til UFF/Fretex/andre organisasjonar.
Avfallskategoriar
1200 Papir, papp og kartong
- Blanda papir/papp
- Kartong/drikkekartong
- Papp
- Avis/tidsskrift
- Bøker
1300 Glas
- Blanda glasemballasje (1312)
- Vindaugsglas, ikkje laminert (1332)
- Ikkje vindaugsrutar med karm
- Dersom glas- og metallemballasje vert samle inn saman og mengdeforholdet ikkje er kjend, nyttast 10 % metallemballasje og 90 % glasemballasje
1700 Plast
- Blanda plastemballasje (1729)
- Blanda plast
- Blanda hardplast
- Ikkje gummi
1400 Metaller
- Metallemballasje (1411)
- Blanda metall (kompleksmetall)
- Magnetisk metall utsortert frå sentralsortering
- Ikkje-magnetisk metall utsortert frå sentral sortering
- Ikkje EE-avfall, batteriar, bilvrak, mm.
- Ikkje metall frå utsortering av bunnaske
- Dersom glas- og metallemballasje vert samla inn saman og mengdeforhold ikkje er kjend nyttast 10 % metallemballasje og 90 % glasemballasje
1500 EE-avfall
- Kvitevarar
- Kuldemøblar
- Elektronikk (burvarar)
- Kablar og ledningar
- Lyskjelde
- Varmtvassberedarar
- Anna elektrisk
- Røykvarslarar
- Ikkje batteriar og bilbatteriar
1111 Mat og anna våtorganisk avfall
- Matavfall
- Våtorganisk avfall (inkl. tørkepapir og evt. planterestar)
- Bioavfall
- Matolje
- Matavfall og kadaver mottatt ved gjenvinningsstasjon dersom utsortering og separat veiing
- Ikkje heimekompostert våtorganisk avfall
1141-1149 Treavfall
- Reint ubehandla trevirke
- Blanda trevirke
- Pallar/emballasje
- Tremøblar
- Ikkje bark
1131 Hageavfall
- Planterestar (kvist, gras, mv.)
- Røter/GROT
- Jord
- Bark
- Svartelista planter (forbrenning), dersom separat veiing
1911 Tekstilar
- Brukte klede, sko og accessoirar
- Blanda tekstilar (alle typar)
- Tepper
7000 Farleg avfall
- Impregnert trevirke
- Spillolje
- Maling, lim og lakk
- Sprayflaskar
- Uorganisk farleg avfall
- Batteriar
- Bilakkumulatorar
- PCB-vindaugsrutar
- Klorparafin vindaugsrutar
- Ftalater (vinylbelegg)
- XPS-plater/byggplatar (med bromerte flammehemmarar)
- PUR-skum
- Asbest
1600 Betong, tegl og anna mineralsk byggavfall
- 1613 Tegl og takstein,
- 1611-1612 Betong med/uten armeringsjern,
- 1614 forurenset betong og tegl
- 1617 Mineralull
- 1618 Keramikk og porselen
- 1619 Asfalt
- 1621 Takpapp/ tjærepapp
- Ikkje naturlege reine massar som jord, stein og grus
- Dersom fraksjonane nemnt over ikkje overveiande er byggavfall – rapporter under restavfall
1603-1604 Lett forureina massar og forureina massar
- Lett forureina massar 1603 Jord, stein, grus og anna ikkje farleg avfall som tilfredsstiller kriterium for mottak på deponi for inert avfall.
- Forureina massar 1604
1615 Gips
- Gips
- Gipsplater
- 1811 Bildekk
- Bildekk/gummi
- Personbildekk, andre dekk
Anna (utsortert)
- Fritidsbåtar opptil 15 fot
- Møblar
- Døde kjæeledyr
- Deponirest
Utsortert i alt
- Summering av utsorterte materialar
9911 Restavfall
- Restavfall
- Blanda brennbart avfall
- Blanda ikkje brennbart avfall
- Vindaugsrutar med karm (ikkje med PCB eller klorparafinar)
- Ikkje botnaske eller rejekt frå anna handtering
Behandling av avfall
Ombruk
Å bruke om att produkt eller komponentar som ikkje er avfall, til same føremål som i utgangspunktet. Kommunane bør rapportere tekstilmengd som vert levert gjenvinningsstasjon og levert returpunkt som vert drifta av ulike organisasjonar (f.eks. UFF, Fretex). Vidare bør kommunane rapportere alt registrert uttak av ombruksartiklar frå kommunale gjenvinningsstasjonar der kor det er satt i system. Ulike typer mineralsk avfall som vert disponert ubehandla på eit regulert avfallsdeponi skal ikkje reknast som ombruk.
Materialgjenvinning, jf. definisjon oversett frå EU
Handtering kor avfallsmaterialet vert brukt på nytt i produkt, materiale eller stoff til det opprinnelege eller nye formål. Gjenvinning av organisk materiale inkluderast, men ikkje energiutnytting eller produksjon av materiale som skal brukast til drivstoff- eller energiutnyttingsformål. Materialgjenvinninga skal resultere i verdifulle materiale som kan brukast om att, og ikkje i produkt eller materiale som kan utgjere fare for miljø eller helse. Under materialgjenvinning finn ein handteringsformar som vasking, kverning, smelting, granulering osv.
Overordna krav: Handteringa skal ha som hovudformål å minimere negative effektar på helse og miljø.
Forbrenning med energiutnytting
Forbrenning av avfall kor energien vert utnytta i nokon grad. Gjeld både utsorterte reine forbrenningsfraksjonar og restavfall. Avfall som vert handtert ved forbrenning utan energiutnytting skal førast under annen handtering.
Biogassproduksjon
Anaerob (utan tilgang på oksygen) nedbryting av våtorganisk avfall (matavfall). Nedbrytinga skjer ved hjelp av levande mikroorganismar utan tilgang på oksygen. Biogassen består i hovudsak av metan (ca. 60 %) og karbondioksid (ca. 40 %).
Kompostering
Aerob (med tilgang på oksygen) nedbryting av våtorganisk avfall (matavfall og hageavfall). Nedbrytinga skjer ved hjelp av levande organismar med tilgang på oksygen.
Deponering
Sluthandtering kor avfallet (ikkje-organisk) vert lagt på fyllplass/deponi.
4. Plukkanalysar
Prosentvis fordeling av avfall etter plukkanalyse
Fyll inn mengd avfall av dei ulike materialtypane, i prosent.
Sjå Avfall Norge sin rapport, "Veileder-plukkanalyser" (PDF på avfallnorge.no), for meir informasjon.
5. Kontroll mot førre året
Resultata frå førre året for nokre utvalde storleiker blir vist, og tilsvarande tal berekna for rapporteringsåret. For dette året vil det berre vere eit foreløpig tal, det vert forventa at tala kan endrast noko når dei vert publisert.
Hensikta med sida er å vise store endringar frå førre året for oppgåvegjevar, slik at feil kan bli oppdaga før innsending. Store endringar kan òg ha naturlege forklaringar, og vi oppfordrar i så fall til å skrive inn ein kommentar i kommentarfeltet på siste sida.