Statistisk sentralbyrå (SSB) ønskjer å vite om gebyra/gebyrsatsane knytte til utvalde tenester for hushalda i kommunen. Gebyra skal vere berekna på årsbasis og skal vere utan meirverdiavgift (mva.). Gebyra skal vere fastsette av kommunestyret eller anna styrande myndigheit. Vi spør etter dei gebyra/gebyr­satsane som gjeld frå januar 2024.

For ein enklare og meir samanliknbar statistikkproduksjon ber SSB om at det nyttas satsar knytte til ein einebustad på 120 m2 målt som bruksareal.

Bruksareal: Bruksareal er arealet innanfor omslutta veggar. Dette blir berekna etter Norsk Standard nr. 3940 "Areal- og volumberegninger av bygninger". Kommunane er ikkje bundne av å følgje denne berekningsmetoden.

Leigeareal: Enkelte kommunar har fastsett gebyrsatsar etter kvadratmeter leigeareal. Kommunen må da gi opp satsen for den arealstorleiken som tilsvarar 120 m2 bruksareal. Det er ingen konstant samanheng mellom bruksareal og leigeareal. Kommunen må derfor bruke den tilnærminga som er mest korrekt for kommunen.

Dersom kommunen verken nyttar nemningane bruks- eller leigeareal, skal ein gi opp satsar for ein standard einebustad tilnærma 120 m2 bruksareal.

2. Avfall:

Årsgebyret for avfall baserer seg på tømming av blanda avfall (restavfall). Der renova­sjons­tilbodet omfattar spesielle ordningar (t.d. kjeldesortering) skal ein gi opp det mest vanlege hushaldsabonnementet (utan mva.) for ein einebustad på 120 m2 (bruksareal).

Dersom kommunen har inngått ein avtale med eit firma som leverer ei interkommunal teneste for avfall skal ein gi opp både namnet på firmaet og beløpet hushalda betalar for tenesta.

Septiktømming; gi opp årsgebyr for septiktømming dersom kommunen tilbyr denne tenesta. Beløpet skal innehalde grunnavgift og avgift for tømming av tank/beholdar inntil 4 m3.  

 

3. Feiing og tilsyn:

Årsgebyret for feiing byggjer på årleg feiing av eitt pipeløp. I mange kommunar er det ikkje feiing kvart år, men etter behov. I dei kommunane kor det vart betalt eit fast årleg gebyr også i dei åra det ikkje vart feid føras dette. I kommunar kor det vart betalt etter hyppigheita på feiinga ønskas ein årleg gebyrsats. Døme: Dersom det vart feid anna kvart år, og gebyret betalast det året feiing vart utført førar ein opp gebyrsatsen dividert på to.

Nokre  kommunar har ulike satsar for feiing og tilsyn. I dette tilfelle må både satsen for feiing og tilsyn førast i kvart sitt felt. Vidare skal ein skrive det totale årlege beløpet. Det skal også opplysast om kor ofte det blir feia i kommunen, og korleis feiing og tilsyn betalast.

4. Vatn og avløp:

Viss kommunen har eit todelt gebyrsystem skal totale årlege gebyr for begge system rapporterast, dvs. for både stipulert forbruk og målt forbruk (med vassmålar). 

Dersom kommunen ikkje har gebyr som nemnd i 4.1 – 4.6, skal dette kryssast av.

4.1 Årsgebyr etter stipulerte forbruk

Det er viktig å huske at ein skal gje opp den prisen som hushaldet med ein 120 m2 einebustad betalar, inkludert eventuelt fast gebyr.

Eventuell faktor som kommunen brukar for å rekne om frå kvadratmeter til kubikkmeter skal førast opp i 4.2. Den stipulerte mengda kommunen nyttar for ein standardbustad skal førast opp i 4.3.

4.4 Satsar for abonnentar med vassmålar

I 4.4 skal ein gi opp prisar per kubikkmeter (utan mva.) for vatn og avløp. Tala skal givast opp med to desimalar.

Alle kommunar skal etter forskrifta kunne tilby abonnentane gebyr etter måling, og bør derfor ha ein fastsett sats for dette. Har kommunen ikkje ein slik sats, kryss av i feltet ”kommunen har ikkje slikt gebyr”.

Dersom kommunen har både fast del og variabel del etter målar, gi opp begge. Dersom kommunen berre har variabel del kan fastprisfeltet stå utan svar.

4.5 Målarleige

Ein skal gi opp eventuell målarleige (utan mva.) i 4.5. Dersom kommunen ikkje opererer med slike gebyr overfor private hushald, kryss av for det.

4.6 Tilknytingsgebyr vatn og avløp:

Kommunar som berre har ein sats for tilknytingsgebyr rapporterar under del A, medan kommunar som har differensierte satsar for tilknytingsgebyr rapporterar under del B. Kommunane har forskjellige definisjonar og grenser for differensierte tilknytings­satsar. Desse kan vere baserte på om det er betalt refusjon eller ikkje, og/eller dei blir fastsette ut frå t.d. distanse frå eit etablert leidningsnett.

Dersom kommunen ikkje har tilknytingsgebyr, kryss av for dette.

4.7 Tilleggsopplysningar – del med vassmålar (vatn og avløp)

Før opp omtrentleg kor stor del av hushaldsabonnentane knytte til høvesvis kommunalt vatn og avløp som bruker vassmålar. Sjølv om dei fleste abonnentane som installerer vassmålar bruker disse til både vatn og avløp, kan talla bli ulike avhengig av om abonnentane er knytt til privat eller kommunalt nett. Derfor er spørsmålet todelt. Dersom kommunen ikkje har eksakte tal på dette, fyllast spørsmålet ut skjønnsmessig.