1. Innleiing

Kommunane sine vedtak etter jordlova, konsesjonslova og omdisponering etter plan- og bygningslova, skal rapporterast via KOSTRA.

Desse opplysningane vert brukte mellom anna som grunnlag for departementet sitt arbeid med lovendringar og andre styringsverktøy. Opplysningane som vert henta inn gjennom KOSTRA er den viktigaste kjelda til informasjon om korleis kommunane praktiserer dei nemnde lovane på landbruksområdet. Det er difor viktig at KOSTRA-skjema nr. 32 vert fylt ut så fullstendig og riktig som mogleg.

2. Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord etter plan- og bygningslova

I KOSTRA er det endeleg vedtekne reguleringsplanar (område- eller detaljregulering) som skal rapporterast. Kommunen skal rapportere på omdisponering av dyrka og dyrkbar jord.  Dyrka jord er fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

  • Dyrka jord omfattar fulldyrka jord (ARTYPE 21), overflatedyrka jord (ARTYPE 22) og innmarksbeite (ARTYPE 23).
    • Fulldyrka jord er areal som er dyrka til vanleg pløyedjupne, og som kan nyttast til åkervekstar eller til eng som kan fornyast ved å pløye.
    • Overflatedyrka jord er areal som for det meste er rydda og jamna  i overflata, slik at maskinell hausting er mogleg.
    • Innmarksbeite er innmarksareal som kan nyttast som beite, men som ikkje kan bli maskinelt hausta. Minst 50 % av arealet skal være dekt av grasarter.
  • Dyrkbar jord er areal som ved oppdyrking kan setjast i slik stand at det vil oppfylle krava til lettbrukt eller mindre lettbrukt fulldyrka jord.

Les meir om definisjonar av dyrka jord i NIBIO-bok 5 2019 – AR5 Klassifikasjonssystem.

Kart og hjelpemiddel for berekning av areal for dyrka og dyrkbar jord finn du i kartportalen til Norsk institutt for bioøkonomi  (NIBIO): Kilden, under Verktøy/Arealberegning Kostra.

  • Last opp reguleringsplanar i SOSI-format og få automatisk berekna arealbeslag av dyrka og dyrkbar jord, fordelt på dei ulike arealformåla. NB: fila må vere zippa.
  • Det er også mogeleg å teikne inn ei flate i kartet og få berekna dyrka og dyrkbar jord for dette området. Ved å zoome inn på riktig område i kommunen, kjem dei aktuelle kartlaga opp automatisk.
  • I tillegg til å få arealtala i ein tabell på skjermen kan du lagre resultatet i csv-format.

Tillate omdisponerte areal gis opp i KOSTRA-skjemaet under angitt formålsinndeling fordelt på dyrka og dyrkbar jord. Areala kan leggast inn med ein desimal.

Tabell 1 gir oversikt over SOSI-kodane som skal registrerast på dei ulike formåla i KOSTRA-skjemaet. Dersom det likevel oppstår tvil om kva for arealformål som det er riktig å bruke, kan ein nytte formålet «Annen bebyggelse og anlegg». Det viktigaste er at arealet blir registrert i skjemaet. Vær likevel obs på at einskilde formål innan landbruk ikkje skal registrerast i skjemaet, da dei sikrar fortsatt landbruksdrift (sjå tabell 1).

Dyrka jord skal rapporterast sjølv om den for tida ikkje er i bruk. Dyrkbar jord skal rapporterast sjølv om det for tida ikkje er aktuelt, korkje økonomisk eller politisk, å dyrke opp jorda nå.

Det er berre reguleringsplanar som omfattar areal som ikkje tidlegare er regulert til andre formål enn landbruk som skal registrerast.

Dersom areal tidlegare regulert til landbruk blir regulert om, skal dei takast med. 

Areal i områderegulering skal ikkje rapporterast om det i planane er vedtak med krav om seinare detaljregulering. Planen skal i så fall rapporterast det året detaljreguleringa blir vedtatt.

Ei utviding av tidlegare vedtekne reguleringsplanar skal med, men berre det areal som ikkje tidlegare er regulert til andre formål enn landbruk.

Areal skal registrerast om det tidlegare er lagt ut til andre formål enn LNFR i kommune(del)plan. Det er med andre ord reguleringsplannivået som skal registrerast i KOSTRA, ikkje kommuneplannivået.

Det er reguleringsplanar som skal registrerast. Dersom kommunen godkjenner mindre bygge- og anleggstiltak i kommuneplanen utan å krevje reguleringsplan eller jordlovsbehandling, er det ikkje nødvendig å registrere desse areala i KOSTRA-skjemaet.

Frå og med rapporteringsåret 2019 har kommunane rapportert på areal av dyrka og dyrkbar jord som tidlegare er regulert til anna formål enn LNFR, og som nå er tilbakeført til LNFR. Dette er spørsmål 2.3 og 2.4.

Rapporteringa gjeld areal med dyrka og dyrkbar jord der gjeldande reguleringsplan er oppheva og areala tilbakeførte til LNFR, eller der heile eller delar av arealet blir tilbakeført til LNFR-formål som følgje av omregulering.

Det er berre kommunen sine vedtak som skal rapporterast i KOSTRA. Utfall av Statsforvaltaren sin behandling av ev. klager skal ikkje rapporterast her. Desse utfalla vert rapporterte direkte frå Statsforvaltaren til Landbruksdirektoratet.

Tabell 1. Oversikt over reguleringsformål i PBL til bruk i KOSTRA-rapporteringen

Reguleringsformål PBL § 12-5Sosikoder etter pbl frå 2008
Busetnad (§12-5 nr. 1) inkludert uteopphaldsareal1110-1119,  1600-1690
Fritidsbebyggelse (§12-5 nr. 1)1120-1124
Næringsbebyggelse /verksemd (§12-5 nr. 1) (utanom landbruk, reindrift og akvakultur):  
Kjøpesenter, forretning 1140, 1150
Fritids- og turistformål1170-1174
Råstoffutvinning1200-1201
Næringsverksemd: kontor, hotell, bevertning, industri, lager, bensinstasjon 1300-1390
Kombinasjonar av næringsbebyggelse1810-1812, 1820-1822, 1830
Offentlig eller privat tenesteyting (§12-5 nr. 1)  
Skole, barnehage, institusjon, kyrkje, forsamlingslokale.1160-1169
Golfbane (§12-5 nr. 1)1450
Annen bebyggelse og anlegg (§12-5 nr. 1)  
Sentrumsformål1130
Idrettsanlegg1400-1490
Godsterminal/-lager, energianlegg, kommunaltekniske anlegg 1500-1590
Grav- og urnelund1700-1730
Kombinasjonar som ikkje kan fordelast på de enkelte gruppene under Bebyggelse og anlegg.1801-1804, 1813-1814, 1824-1826, 1830-1831
Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (§12-5 nr. 2) 
Veg, bane, lufthamn, hamn, kollektivanlegg, parkering, jernbane, energinett, vatn- og avløpsnett, med meir2000-2800
Grønstruktur (§12-5 nr. 3) Naturområde, turdrag, friområde, park3000-3800
Forsvaret (§12-5 nr. 4) Skytefelt, øvingsområde, leir 4000-4800
LNFR der landbruk er utelukka (§12-5 nr. 5)  
Berre areal der reguleringsbestemmingane utelukkar vidare landbruksverksemd. Berekn råka areal! 
Natur- og friluftsformål, naturvern5120, 5130, 5300 (vurder og berekn!)
Vern av kulturmiljø eller kulturminne, reindriftsformål. 5600, 5140 (vurder og beregn!)
Bl.a. skal følgjande formål ikkje rapporterast sidan dei sikrar fortsatt landbruksdrift: Landbruksformål, jordbruk, skogbruk, seterområde, gartneri, pelsdyranlegg, jordvern, særlige landskapsomsyn5100,5110-5115, 5400, 5500
LNFR spreitt utbygging (§12-5 nr. 5) Spreitt bustad-, fritidsbustad og næringsbebyggelse. Gi berre opp det arealet som blir frådelt/festa til bebyggelse. Alternativt oppgis det arealet som blir bebygd.5200, 5210, 5220, 5230 (vurder og berekn!)
Bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone (§12-5 nr. 6) 
Akvakultur, småbåtanlegg og natur- og friluftsområde med tilhøyrande strandsone6000-6800
Kombinasjonar av hovudformål (§12-5 nr. 1-6)  
(Bebyggelse og anlegg, Samferdselsanlegg, Grønstruktur, Forsvaret, LNFR, Bruk og vern av sjø og vassdrag) Kombinasjonar som ikkje kan fordelast på dei einskilde hovudformåla skal rapporterast her.1833, 1900, 2900, 3900, 4900, 5900, 6900

3. Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord etter jordlova § 9

Saker som kommunen behandlar etter jordlova § 9, samt saker etter jordlova § 12 som også inneber omdisponering av dyrka og/eller dyrkbar jord, skal også førast under punkt 3 på skjemaet. Kommunen skal rapportere på omdisponering av både dyrka og dyrkbar jord. Dyrka jord omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

  • Dyrka jord omfattar fulldyrka jord (ARTYPE 21), overflatedyrka jord (ARTYPE 22) og innmarksbeite (ARTYPE 23).
    • Fulldyrka jord er areal som er dyrka til vanleg pløyedjupne, og som kan nyttast til åkervekstar eller til eng som kan fornyast ved å pløye.
    • Overflatedyrka jord er areal som for det meste er rydda og jamna  i overflata, slik at maskinell hausting er mogleg.
    • Innmarksbeite er innmarksareal som kan nyttast som beite, men som ikkje kan bli maskinelt hausta. Minst 50 % av arealet skal være dekt av grasarter.
  • Dyrkbar jord er areal som ved oppdyrking kan setjast i slik stand at det vil oppfylle krava til lettbrukt eller mindre lettbrukt fulldyrka jord.

Les meir om definisjoner av dyrka jord i NIBIO-bok 5 2019 – AR5 Klassifikasjonssystem.

 

Kart og hjelpemiddel for berekning av areal ligg i kartportalen til NIBIO, Kilden: under Verktøy/Arealberegning Kostra. Der kan ein teikne inn ei flate i kartet og få berekna dyrka og dyrkbar jord for det aktuelle området. Når ein zoomer inn i kartet i kommunen, kjem dei aktuelle kartlaga opp automatisk. Teikne inn aktuelle flater i form av polygonar og trykk på «Arealberegning». Du vil da få opp ein tabell over kor mange dekar dyrka og dyrkbar jord polygonane inneheld.

Tillate omdisponerte areal førast opp i KOSTRA-skjemaet under angitt formålsinndeling fordelt på dyrka og dyrkbar jord. Arealtalet kan leggjast inn med éin desimal. Dyrka jord skal rapporterast sjølv om den for tida ikkje er i bruk. Dyrkbar jord skal rapporterast sjølv om det for tida ikkje er aktuelt, verken økonomisk eller politisk, å dyrke opp jorda nå.

Begge kartlaga er også tilgjengeleg på internettsida til NIBIO i  Kilden. Opplysningar om dyrka jord er i «Markslag (AR5)» oppgitt som ”Jordbruksareal (AR5)” (ARTYPE 21 Fulldyrka jord, ARTYPE 22 Overflatedyrka jord og ARTYPE 23 Innmarksbeite). Dyrkbar jord er tilgjengeleg som eige kartlag.

Tillate omdisponerte areal gis opp i KOSTRA-skjemaet under angitt formålsinndeling fordelt på dyrka og dyrkbar jord. Areala kan førast opp med ein desimal. Dersom det oppstår tvil om kva for arealformål som er riktig å bruke, kan «Anna bebyggelse og anlegg» nyttast. Det viktigaste er at arealet berre blir registrert på éin plass i skjemaet.

Dyrka jord skal rapporterast sjølv om den for tida ikkje er i bruk. Dyrkbar jord skal rapporterast sjølv om det for tida ikkje er aktuelt, korkje økonomisk eller politisk, å dyrke opp jorda nå.

Det er resultat av vedtaka til kommunen som skal gis opp. Sjølv om vedtaket blir påklaga, og det blir ei klagesaksbehandling, er det kommunens første vedtak som skal førast opp. Saker som gjeld midlertidig tidsbestemt omdisponering skal ikkje takast med, t.d. midlertidig omdisponering til massedeponi og midlertidig omdisponering til juletreproduksjon/pyntegrønt. Dersom det ved utløpet av perioden så blir søkt om varig omdisponering, skal desse sakene og tilhøyrande areal rapporterast på det året det ble gitt løyve til varig omdisponering.

Talet på innvilga saker og dekar omdisponert areal skal gis opp uavhengig av om omdisponeringa faktisk blir gjennomført. Det medfører at det også skal gis opp saker der manglande løyver etter anna lovverk, som f.eks. dispensasjon etter plan frå plan- og bygningslova, hindrar gjennomføring.

Dersom løyvet til omdisponering fell bort på grunn av at tiltaket ikkje blir gjennomført innan 3-årsfristen som er angitt i lova, skal arealet ikkje rapporterast som tilbakeført areal eller bli trekt frå anna omdisponert areal i seinare KOSTRA-rapportar.

Dersom det blir søkt på nytt for areal som tidlegare er godkjent omdisponert, skal berre ei eventuell utviding av arealet rapporterast i KOSTRA-skjemaet. 

Anna landbruksformål er til dømes tilleggsnæringar i landbruket og tiltak som ikkje tar sikte på jordbruksproduksjon i jordlovas forstand. Dette kan t.d. vere ridehall, utleigehytter, andre byggjetiltak for landbruksbasert næringsutvikling eller drivhus (dersom det blir lagt golv, slik at jorda må betraktast som omdisponert).

4. Nydyrking

Nydyrking er fulldyrking og overflatedyrking av jord. Gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år, reknast som nydyrking.

Fulldyrking er rydding og bryting til vanleg pløyedjupn slik at arealet kan nyttast til åkervekstar eller til eng og beite som kan fornyast ved å pløye.

Overflatedyrking er rydding og sletting av overflata slik at maskinell hausting er mogleg.

Areal skal gis opp i heile dekar. Areal under 1 dekar gis som 1 dekar i rapporten.

I ein einskild sak kan det ver fleire omsyn som gjer at det blir sett fleire vilkår for godkjenning. Alle aktuelle vilkår skal gis opp, og fordelast på dei ulike kategoriane. Talet på vilkår til saman kan derfor bli høgare enn talet på søknader innvilga med vilkår.

Dersom kommunen godkjenner nydyrking i område som er viktige for bevaring av biologisk mangfald, skal det gis opp i KOSTRA-skjemaet. Kommunen kan her ta utgangspunkt i naturtyperegistreringane slik dei er i kartdatabasen «Naturbase» til Miljødirektoratet. Karttemaet og kartlaga «Naturtyper, naturmangfold » à «Naturtyper – DN-håndbok 13» kan nyttast som utgangspunkt for registrering i KOSTRA-skjemaet. Ved å klikke på figurane kjem det opp informasjon om verdi. I KOSTRA-skjemaet er det område med verdien Svært viktig (A) og Viktig (B) som skal registrerast. Naturbase inneheld også verktøy for å måle areal.

Naturtyperegistreringane er også tilgjengelege i NIBIOs kartportal KILDEN, under «Arealinformasjon» à «Eksterne» à «Naturtyper (Mdir)».

Det er resultat av vedtaka til kommunen som skal gis opp. Sjølv om vedtaket blir påklaga, og det blir ei klagesaksbehandling, er det kommunens første vedtak som skal førast opp i KOSTRA-skjemaet.

Som følgje av forbod mot nydyrking av myr har det frå og med rapporteringsåret 2021 blitt lagt til fire nye spørsmål om nydyrking i rapporteringsskjemaet (punkt 4.4 - 4.7). Under følgjer rettleiing for utfylling av dei nye spørsmåla.

Nydyrking av myr er forbode. Etter forskrift om nydyrking § 5a annet ledd kan kommunen i særskilte tilfelle gi dispensasjon til nydyrking av myr;

  1. når grunneigar mister andre produksjonsareal på grunn av tap av leigejord eller ved utbygging i offentleg regi som samferdselstiltak eller liknande, 
  2. der grunneigar sin einaste dyrkingsressurs er myr, eller 
  3. for å ivareta særskilte produksjonar i myr på fjellgrunn. 

I spørsmål 4.5 skal kommunen gi opp talet på saker innvilga og avslått i alt, samt kva for vilkår som har gitt grunnlag for å vurdere dispensasjon.

I spørsmål 4.6 skal kommunen gi opp omsøkt, innvilga og avslått myrareal fordelt på myrdjupn. Det blir skilt på grunn og djup myr, der djup myr har ei gjennomsnittleg djupn på meir enn 1 meter. Kartlaget «myrinformasjon» i NIBIO sin kartløsning Kilden gir informasjon om tidlegare kartlagt myrdjupn.

Når nydyrkingstiltaket av myr er gjennomført skal grunneigar gi melding til kommunen. Kommunen skal gjennomføre ferdiggodkjenning av nydyrkingstiltaket og registrere dette i KOSTRA. 

5. Deling av eigedom etter jordlova

Vi gjer merksam på at søknader om deling som fører med seg ei omdisponering av dyrka eller dyrkbar mark også skal takast med under pkt. 2.2 (talet på søknader behandla etter jordlova § 9).

Alle søknader om deling etter jordlova § 12 behandla av kommunen skal med her. Dette gjeld også for forpakting, tomtefeste og liknande leige eller bruksrett til del av eigedom når retten er stifta for lengre tid enn 10 år eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren). Med eigedom meiner ein også rettar som ligg til eigedomen og partar i sameige.

Av dei innvilga søknadene om deling vil vi også vete kor mange som vart innvilga på grunn av at det frådelte arealet skulle nyttast som tilleggsareal til annan landbrukseigedom. Likedan dei søknadene som vart innvilga av omsyn til busettinga i området (jf. jordlova § 12 fjerde ledd). Vi vil også ha opplysningar om talet på tillatingar som fører til at det oppstår ein ubygd  skogeigedom ved frådelinga, og talet på tillatingar som fører til at det oppstår ein bebygd eigedom som framleis kan nyttast til landbruksdrift. Eigedomen må vere større enn 10 dekar, og 35 dekar eller mindre skal vere fulldyrka eller overflatedyrka jord. Vær merksam på at utskiljing av tun ikkje inngår her.

6. Driveplikt etter jordlova § 8 og § 8a. Jordleigeavtaler

Eigar av jordbruksareal har etter jordlova § 8 plikt til å drive jorda, enten ved å drive ho sjølv, eller leige ho bort med ei leigetid på minst 10 år.  Eigar kan søkje fritak frå driveplikta etter jordlova § 8a.

I spørsmål 6.2 skal tal jordleigeavtaler etter jordlova § 8 andre ledd som kommunen har motteke i 2024 frå eigar av landbrukseigedom med driveplikt førast opp.

Det er berre søknader om varig fritak frå driveplikta som skal rapporterast i spørsmål 6.3 og 6.4..

Pålegg etter jordlova § 8 tredje ledd

Vi gjer merksam på at det kan vere gitt fleire pålegg i same saka. Talet på saker under pkt. 6.4 og 6.5 kan difor vere ulikt.

7. Søknader om konsesjon etter konsesjonslova

Søknader behandla i perioden 1. januar – 31. desember 2023 skal rapporterast under spørsmålsgruppe 7.

Dei sakene som skal rapporterast under pkt. 7.2 er det vi kan kalle «vanlege» søknader om konsesjon. Her skal også behandla søknader om konsesjon for AS/ASA takast med.

Søknader om konsesjon for AS/ASA

Her skal dei sakene som gjeld søknader om konsesjon for AS/ASA rapporterast for seg.

Slektskapskonsesjon

Dette er saker der søkjer kunne tatt over utan å søkje konsesjon, men der han/ho ikkje vil eller kan busette seg på eigedomen. Han/ho må då søkje om konsesjon etter konsesjonslova § 9 siste ledd.

8. Søknader etter konsesjonslova – nullgrensesaker

Under dette punktet skal alle søknader som vert behandla på grunn av at kommunen har innført forskrift etter konsesjonslova § 7 takast med.  Dette gjeld både dei søknadene som gjeld tidlegare heilårsbustad som skal nyttast til fritidsbustad, og dei som har bakgrunn i at kommunen i forskrift har satt slektskapsunntaket i konsesjonslova § 5 til sides. Saker som blir eigenerklærte som konsesjonsfrie etter skjema LDIR-356 skal ikkje rapporterast.

Ein oversikt over kva for kommunar som til ein kvar tid har innført forskrift med heimel i konsesjonslova § 7, er å finne på Landbruksdirektoratet si heimeside.

9. Landbrukseigedom i dødsbu

Her skal det kryssast av for «Ja» dersom kommunen har fatta vedtak om forlenga frist etter arveloven § 99 a andre ledd eller vedtak om tvangssal etter arveloven § 99 a tredje ledd i 2024. Tal vedtak skal også førast opp.

10. Lovheimel

Opplysningane blir henta inn av Statistisk sentralbyrå på vegne av Landbruks- og matdepartementet med heimel i Lov om kommuner og fylkeskommuner av 22.06.2018 nr. 83 § 16-1, og i medhald av § 2 i Landbruksdepartementets forskrift av 8. desember 2003 Om saksbehandling mv. i kommunane i saker etter konsesjonsloven, jordloven, odelsloven og skogbruksloven. Statistisk sentralbyrå vil i medhald av lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 16 samstundes nytte oppgåvene til utarbeiding av offisiell statistikk.