Formålet med skjemaet

Formålet med skjema 34 er å skaffe data om arealet på kommunale formålsbygg. I kontoplanen for KOSTRA blei det frå og med 2008 skilt ut informasjon om forvaltning, drift og vedlikehald (FDV). På denne måten vil det kunne presenterast nøkkeltall der til dømes kommunanes utgifter/inntekter til FDV finns i teljaren og bruttoarealet i nemnaren.

Rettleiing

Kommunen skal føre opp samla bruttoareal på funksjonane i skjemaet. Kommunen skal rapportere både eigde og leigde formålsbygg. Bruttoarealet ein rapporterer på funksjonane i skjemaet skal korrespondere med utgiftene og inntektene som er ført på dei enkelte av funksjonane i rekneskapen. Med eigde bygningar menes bygningar som er ført opp i balansen for kommunen. For dei bygningane kommunen leiger skal art 190 ”Leie av lokaler og grunn” korrespondere med areal ein rapporterer i skjema for disse bygningane. Er lokala nytta av forskjellige funksjonar, skal arealet fordeles. Har kommunen eit kommunalt føretak som eig formålsbygg skal kommunen ikkje rapportere arealet på desse bygningane som leigd. Det kommunale føretaket skal rapportere arealet for bygningane det eig i skjema 34B (kommunen skal ikkje rapportere skjema 34B). Kommunen må gjerne sjå til at areal i føretaka vert rapportert.

Dei bruttoareala ein skal rapportere er:

  • F130 Administrasjonslokaler
  • F221 Barnehagelokaler
  • F222 Skolelokaler
  • F261 Institusjonslokaler
  • F381 Kommunale idrettsbygg
  • F386 Kommunale kulturbygg

Ein skal ikkje rapportere areal for lokale knytt til andre funksjonar.

Det er svært viktig at det er samsvar mellom utgifter og inntekter for dei funksjonane ein finn definert i «kontoplanveilederen» i KOSTRA og det areal ein rapporterer på dei same funksjonane i dette skjemaet. Dersom utgiftene og inntektene ikkje står i samsvar med arealet vil kommunens nøkkeltal bli misvisande.

Definisjon av bruttoareal (BTA) i NS 3940:

"Bruttoarealet for ein bygning er summen av bruttoareala for alle plan. Bruttoarealet for kvart plan bereknes utvendig av omsluttende bygningsdelar i golvhøgde og inkluderer utside utvendig kledning."

Regler for å måle bruttoareal

Bruttoarealet finn ein ved å måle yttersida på ytterveggen. Alle plan er måleverdig same kvar dei ligg i bygget, så lenge dei har ei etasjehøgde på 1,90 m eller mer. Innhugg og/eller framspring av konstruksjonsmessig eller estetisk art reknas ikkje med i arealet.

Bruttoarealet fastsetjas separat for kvart plan og blir målt i golvhøgd. Nødvendige opningar i etasjeskilje for trapp, heiser, sjakter og liknande reknas med i arealet for kvar etasje.