Formålet med skjemaet
Formålet med skjema 34 er å skaffe data om arealet på fylkeskommunale formålsbygg. I kontoplanen for KOSTRA blei det frå og med 2008 skilt ut informasjon om forvaltning, drift og vedlikehald (FDV). På denne måten vil det kunne presenterast nøkkeltall der til dømes fylkeskommunanes utgifter/inntekter til FDV finns i teljaren og bruttoarealet i nemnaren.
Rettleiing
Fylkeskommunen skal føre opp samla bruttoareal på funksjonane i skjemaet. Fylkeskommunen skal rapportere både eigde og leigde formålsbygg. Det er bygningsmassen per 31.12 i rekneskapsåret som er utgangspunktet for rapporteringa. Bruttoarealet ein rapporterer på funksjonane i skjemaet skal korrespondere med utgiftene og inntektene som er ført på kvar av funksjonane i rekneskapen. Fylkeskommunar skal rapportere areal for bygningar dei har ført opp i balansen i skjema 34C. For dei bygningane fylkeskommunen leiger skal art 190 ”Leie av lokaler og grunn” korrespondere med areal ein rapporterer i skjema for disse bygningane. Er lokala nytta av forskjellige funksjonar, skal arealet fordeles.
Dei bruttoareal ein skal rapportera er:
- F430 Administrasjonslokaler
- F510 Skolelokaler og internater
Lokale knytt til andre funksjonar skal ikkje rapporteras.
For funksjon F430 Administrasjonslokaler er det kun arealer som benyttes til oppgåver under funksjonane 400 Politisk styring, 410 kontroll og revisjon, 420 Administrasjon og 421 Forvaltningsutgifter i eiendomsforvaltningen som skal førast.
Det er svært viktig at det er samsvar mellom utgifter og inntekter for dei funksjonane ein finn definert i «kontoplanveilederen» i KOSTRA og det areal ein rapporterer på dei same funksjonane i dette skjemaet. Dersom utgiftene og inntektene ikkje står i samsvar med arealet vil fylkeskommunens nøkkeltal bli misvisande.
Definisjon av bruttoareal (BTA) i NS 3940:
"Bruttoarealet for en bygning er summen av bruttoarealene for alle plan. Bruttoarealet for hvert plan beregnes utvendig av omsluttende bygningsdelar i gulvhøyde og inkluderer utside utvendig kledning."
Reglar for å måle bruttoareal
Bruttoarealet finn ein ved å måle yttersida på ytterveggen. Alle plan er måleverdig same kvar dei ligg i bygget, så lenge dei har ei etasjehøgde på 1,90m eller meir. Innhukk og/eller framspring av konstruksjonsmessig eller estetisk art reknas ikkje med i arealet.
Bruttoarealet fastsetjast separat for kvart plan og blir målt i golvhøgd. Nødvendige opningar i etasjeskilje for trapp, heiser, sjakter og liknande reknas med i arealet for kvar etasje.