Føremålet med skjemaet

Føremålet med skjema 35A er å innhente data om energibruken i kommunale føremålsbygg. Dette er nødvendig styringsinformasjon i samband med arbeidet kommunane gjer innafor klima- og energiplanlegging. Rapporteringa er sett i verk fordi ei samla oversikt over eigen energibruk i kommunane ikkje er tilgjengeleg frå andre datakjelder.

Faktorar for omrekning til kWh (oppgåvegivar kan bruke eigne faktorar dersom oppgåvegivar meiner at desse er sikrare)

EnergivareEnhetOmregnet til kWh
Fyringsolje1 liter10,056 kWh
Fyringsolje1 kg11,972 kWh
Fyringsparafin1 liter9,694 kWh
Fyringsparafin1 kg11,972 kWh
Naturgass, i gassform1 Sm39,92 kWh
Naturgass, flytende (LNG)1 kg12,5 kWh
LPG (propan og butan)1 liter6,778 kWh
LPG (propan og butan)1 kg12,815 kWh
Pellets1 kg4,8 kWh
Flis1 kg4,3 kWh
Ved og treavfall1 m3 fast mål2330 kWh
Bioetanol1 liter5,5 kWh
Bioetanol1 kg7,4 kWh
Biodiesel1 liter8,6 kWh
Biodiesel1 kg10,2 kWh
Biogass1 kg14,0 kWh
Biogass1 Sm310,5 kWh
Bioolje1 liter9,7 kWh

Rettleiing

Rapporteringa av energibruk i skjema 35A gjeld for den parten av arealet som rapporterast i skjema 34A som kommunen eig.

Ikkje rapporter følgjande:

  • Energibruk i lokalar som kommunen leiger
  • Energibruk til andre føremål enn dei som er oppført på skjemaet
  • Lokalar som leiges ut til private aktørar

Når det gjeld lokalar som mellombels ikkje er i aktiv bruk: før dei på føremålet dei tidlegare har vore brukt til.

Dersom kommunen ikkje har fullstendige opplysningar om energibruken for det eigde arealet, ber vi om at oppgåvegivar bereknar dette, slik at det blir samsvar mellom rapporteringa av energibruk i skjema 35A og eigd areal i skjema 34A.

Fordel energibruken på desse føremåla:

  • Funksjon 130 Administrasjonslokale
  • Funksjon 221 Førskolelokale
  • Funksjon 222 Skolelokale
  • Funksjon 261 Institusjonslokale
  • Funksjon 381 Kommunale idrettsbygg
  • Funksjon 386 Kommunale kulturbygg

For funksjon F130 Administrasjonslokaler, før kun energibruken på areal som brukes til oppgåver under funksjonane 100 Politisk styring110 Kontroll og revisjon120 Administrasjon og 121 Forvaltningsutgifter i eiendomsforvaltningen. For meir informasjon om kva som inngår i dei ulike funksjonane, sjå regjeringas KOSTRA-rettleiing (regjeringen.no).

Tala gjeld brutto tilført energi av dei ulike energivarene, målt i kWh. Dette kan avvike frå det som er kjøpt inn eller betalt for i gjennom året pga. lagerendringar eller forskotts- eller etterskottsbetaling. Det betyr òg at ein ikkje skal korrigere forbrukstala i høve til utnyttingsgraden (verknadsgraden) eller unormalt forbruk pga. temperaturavvik frå normalen.

Plasser alt energiforbruk på energitypane som er oppgitt i skjemaet. Ikkje rapporter ”gratisvarme” frå varmepumper, solfangarar og liknande, men i staden energien (vanlegvis elektrisitet) som blir brukt til å drive slike varmekjelder.

Bioenergi er ein sekkepost som inneheld blant anna:

  • energivarer som byrjar med "bio" (biogass, bioolje, biodiesel osv.)
  • pellets, flis og treavfall osv.
  • solcelleenergi

Dersom kommunen har eit lokalt fjernvarmeanlegg (nærvarmeanlegg): før energivareforbruket på energivarene som blir brukt til å drive anlegget dersom dette er tilgjengeleg. Om så, ikkje rapporter den distribuerte eller forbrukte fjernvarmen. Dette gjeld òg for fjernkjøling.

Dersom bygningane brukas på fleire tenesteområde og det ikkje er mogleg å fordele energibruken på desse ut frå opplysningane som kommunen har om energiforbruket: fordel forbruket på dei aktuelle tenesteområda etter skjøn.