Rettleiing Skjema 4

Endringar for rapporteringa i 2024 (tal pr 31.12.2023)

  • Inga endringar av betyding.

Kva skal kommunen rapportere i skjema 4?

  • Tal knytte til kommunen sine omsorgstenester, først og fremst knytte til heimetenester (F254) og aktivisering- og servicetenester (F234).
  • IKKJE  tal knytte til brukarar og plassar i institusjon (sjukeheimar, aldersheimar, barnebustader, avlastingsbustad/-institusjon). Dette vert samla inn gjennom Kommunalt pasient og brukarregister (KPR) og KOSTRA-skjema 5 Helse- og omsorgsinstitusjonar.
  • IKKJE årsverkstal. SSB samlar inn årsverk frå a-ordninga, der kommunen skal rapportere årsverk jamleg. SSB hentar tal frå a-ordninga den 3. veka i november.

Korleis fyller eg ut KOSTRA-skjema 4?

KOSTRA-skjema 4 Helse- og omsorgstenester – samskjema består av 7 spørsmålsgrupper. Nokre av felta i skjemaet er ferdigutfylte, basert på berekningar i skjemaet eller data frå tidlegare årgangar.

Denne rettleiaren er meint som ei utdjuping av den rettleiinga som allereie finst i spørjeskjemaet. Nummereringa nedanfor viser til spørsmålsgruppene i skjemaet.

2 System for brukarundersøkingar

I spørsmålsgruppe 2 System for brukarundersøkingar skal du svare på om kommunen har eit system for brukarundersøkingar. Definisjonar og kriteria for at noko skal bli definert som eit system for brukarundersøkingar, fylgjer nedanfor.

Brukarundersøking

Vi definerer ei brukarundersøking som ei kartlegging av tenestetilbodet, som vert svara av mottakaren av tenestene eller deira pårørande. Undersøkinga kan ha ulike former for metodikk, til dømes intervju, samtale eller spørjeskjema. Kommunen vel også sjølv kva grupper av tenestemottakarar dei ynskjer å gjennomføre undersøkinga blant, til dømes alle brukarar ved ein institusjon, brukarar som berre får heimesjukepleie, berre praktisk bistand eller som får begge delar. Kriteria for brukarundersøkinga:

  • Personen som gjennomfører intervjua, samtalane eller liknande, skal ikkje vere ein tilsett i verksemda som gir omsorgstenester til brukaren. Likevel kan dei tilsette ved verksemda som utfører omsorgstenestene bidra med å plukke ut kva brukarar som er passande respondentar til undersøkinga.
  • Undersøkinga skal vere representativ for brukarane av tilbodet som vert undersøkt, slik at resultata faktisk reflekterer brukaren sitt reelle funksjonsnivå. Dersom tenestemottakaren er ein person med psykisk utviklingshemming, demens eller andre alvorlege kognitive lidingar, kan det vere utfordrande å gjennomføre ei brukarundersøking med desse som respondentar. Det er likevel viktig at også desse personane på brukarundersøkingar, på ein måte som er tilpassa deira funksjonsnivå.
  • Dersom kommunen ikkje har høve til å spørje alle tenestemottakarane, skal utvalet av respondentar vere innretta slik at utvalet er representativt for brukarane som mottar tenesta som undersøkast.
  • Deltakinga på undersøkinga skal vere frivillig og brukarane skal vere anonyme.
  • Undersøkingar blant tenestemottakarar og pårørande må gjennomførast separat.
  • Svarprosent må registrerast. Det burde også registrerast kor stor del av dei potensielle respondentane som reserverte seg frå å delta, og kor stor del av brukarane som kommunen rekna for å ikkje vere i stand til å svare på undersøkinga av medisinske orsakar.

System

At det er eit system for brukarundersøkingar, inneber at brukarundersøkinga:

  • utførast systematisk, og minst éin gong i løpet av siste treårsperiode.
  • utførast i verksemder som omfattar minst halvparten av brukarane av høvesvis kommunen sine helse- og omsorgsinstitusjonar eller heimetenester.
  • skal ha ein standardisert datainnsamling og databehandling, ved at spørsmåla og analysemetodane er konsistente over tid, for fleire respondentar og eventuelt for fleire kommunar.

3 Tilgang til tenestene pr 31.12

Dersom tilbodet i kommunen varierer internt i kommunen/bydelen, angir du opplysningane som er mest representative for tilbodet.

4 Tenestetilbod

Dagaktivitetstilbod kan til dømes vere knytt til eit frittståande dagsenter eller ein institusjon/bufellesskap/omsorgsbustader, eller utan fast lokalisering.

Du skal ikkje inkludere dagplassar i institusjon som er gitt etter vedtak med heimel i helse- og omsorgstenestelova, sidan dette er meir retta mot helsebehov enn omsorgsbehov.

5 Eigenandel for praktisk bistand

5.2 og 5-3 Takstar pr 31.12 og 1.1.

I 5.2 og 5.3 skal du angi kommunen sine eigenandeler for praktisk bistand, høvesvis pr 31. desember i fjor og 1. januar i år. Brukarane skal plasserast i inntektsgrupper basert på husstanden si samla skattbare inntekt.

Angi prisane som månadspris per abonnement og/eller timepris. Ta utgangspunkt i prisen for eit fullt abonnement. Dersom kommunen har fleire ulike abonnement, til dømes avhengig av ulikt timetal, skal du rapportere inn abonnementet som flest brukarar nyttar.

Utgiftstaket skal du rapportere som kroner per månad. Dersom kommunen har eit utgiftstak per år, skal dette delast på talet på månader brukaren ville betalt for. Døme på utrekning av månadleg utgiftstak, for ein kommune med årleg utgiftstak, men der brukarane ikkje betalar for tenestene i juli og desember:

Utgiftstak per år = 12 000 kr. 
Utgiftstak per månad = 12 000 kr / 10 månader = 1 200 kr

Andre betalingsordningar enn det skjemaet gir rom for

Dersom kommunen nyttar ein annan inndeling for eigenandel for praktisk bistand enn den som er angitt i skjemaet, til dømes ein betalingsløysing med variabel timepris avhengig av tal på timar, skal kommunen angi timepris basert på eit vekta gjennomsnitt. Til dømes:

Innan 3-4 G er det 10 brukarar som har timepris 150 kr for 1-4 timar/veke og 5 brukarar som har timepris 80 kr for 5 timar eller meir/veke. Gjennomsnittleg betaling for denne brukargruppa blir då (10 * 150 + 5 * 80) / 15 = (1500 + 400) / 15 = 127.

5.4 Kor mange månader betalar brukarane for?

Angi kor mange månader ein brukar skal betale for praktisk bistand gjennom heile året.

Eksempel: Brukarane har fritak for betaling i desember. Dei betaler for 11 månader.

6. Samlokaliserte BUSTADER/bufellesskap disponert til omsorgsføremål med FAST TILKNYTTA PERSONELL HEILE DØGNET

Her skal du berre rapportere bebuarar i bustader med fast tilknytt personell heile døgnet som kommunen disponerer for eldre, personar med utviklingshemming, personar med psykiske lidingar og personar med funksjonsnedsetjing. (Jf. registrering av vedtak om bustadtildeling i KPR Helse-omsorg, Helsedirektoratets brukarregister).

Følgjande kriterium gjeld for at ein bustad skal definerast som «Samlokaliserte bustader/bufellesskap med fast tilknytt personell heile døgnet»:

  1. Bebuarar har inngått husleigekontrakt og betaler husleige for leilegheita. Dette gjeld også i tilfelle der verksemda er samlokalisert med ein institusjon.
  2. Eininga oppfyller krava til å kunne skiljast ut som ein eigen eining i Einingsregisteret, jf. Reglar for inndeling av kommunal verksemd i Einingsregisteret. Del 3 i regelverket definerer hovudprinsippet om at kommunens verksemder skal delast inn etter type verksemd (næring) og etter plassering (fysisk adresse).
  3. For at samlokaliserte bustader/bufellesskap skal definerast som å ha «fast tilknytt personell heile døgnet», gjeld følgjande kriterium:
    • Personalet skal ha tenestestad i, eller i nærleik til, den aktuelle eininga heile døgnet
    • Bygningen må ha tenesteytar til stades heile døgnet (eventuelt med unntak av periodar det ikkje er bebuarar til stades). Det aksepterast at personell i bustaden tek kortvarige tilsynsrundar i nærliggjande institusjon/bukompleks.
    • Det reknast ikkje som verksemd med fast tilknytt personell dersom personalet oppheld seg i nærliggjande institusjon/bukompleks og berre tek tilsynsrundar til aktuell eining.
  4. Dersom ein bebuar i bustaden har eige personell direkte knytt til seg og ikkje til bustaden, skal ikkje denne bebuaren teljast med i rapporteringa av bebuarar.

BEBUARAR OG BUEININGAR I INSTITUSJON (SJUKEHEIM, ALDERSHEIM, BARNEBUSTADER, AVLØYSINGSINNBUSTAD/-INSTITUSJON) SKAL IKKJE RAPPORTERAST I KOSTRA-SKJEMA 4, men i skjema 5 Helse- og omsorgsinstitusjonar.

Bustader betalt av annan kommune/bydel: Kommunen/bydelen skal rapportere inn alle bebuarar i bustader som er lokalisert i sin kommune/bydel, inkludert dei bebuarane som bur i bustader betalt for av ein annan kommune/bydel. Sjølve vedtaket om bustad skal den betalande kommune/bydel rapportere i KOSTRA-skjema 13 og Helsedirektoratets KPR-register.

Bebuarar i eigen privat bustad eller private anlegg: Dersom enkelte bebuarar blir betente frå heildøgnsbemanna base i umedelbar nærleik, skal desse bebuarane IKKJE teljast med.

Eventuelt ledige bueiningar og bueiningar i alt: Det skal rapporterast tal på bueiningar (plassar) som er ledige. «Bueiningar i alt» blir automatisk rekna ut, ut frå tal på bebuarar og eventuelt ledige bueiningar.

Bueiningar spesielt tilrettelagt for enkelte målgrupper: Tal på bueiningar totalt skal fordelast på ev. spesielt tilrettelagte bustader for høvesvis personar med demens og personar med utviklingshemming og/eller andre typar utviklingsforstyrringar. Med «spesielt tilrettelagt» meinast at bustadverksemda sin tenesteorganisering, fysisk utforming og personellkompetanse er tilpassa bebuarane sine behov.

b) Fjorårets rapportering av bebuarar (utfylt på førehand)

Du får ein åtvaring i skjemaet dersom differansen mellom tal for årets rapportering og fjorårets er større enn 10, og det ikkje er gitt forklaring i merknadsfeltet tilknytt spørsmålet.