Generelt om skjemaet og utfyllinga

Føremålet med oppgåveinnhentinga

Føremålet med denne undersøkinga er å skaffe ei samla oversikt over Noregs fordringar og gjeld overfor utlandet ved utgangen av kvart år. Talmaterialet blir brukt i økonomiske analysar og gjev dessutan viktig datagrunnlag til bl.a. nasjonalrekneskapen og annan statistikk. For å kunne lage denne statistikken er vi avhengige av å få inn eigne oppgåver frå kommunar og fylkeskommunar som har finansielle mellomvære med utlandet.

Innhenting av oppgåvene

Oppgåvene er underlagde teieplikt. Dei vil berre bli nytta til å utarbeide statistikk, og vil bli oppbevart og eventuelt makulert på ein trygg måte. Resultatet av undersøkinga vil berre bli gjeve i samandrag, slik at ein ikkje kan identifisere dei enkelte forvaltningseininganes økonomiske forhold.

Omfang og definisjonar

Oppgåva skal omfatte alle finansielle postar som representerer eit fordrings- eller gjeldsforhold overfor utanlandsk kreditor eller debitor i balanserekneskapen til rapportøren. Som utanlandsk meiner vi alle fysiske personar som har fast bustad utanfor Noreg, uansett statsborgarskap, og alle juridiske personar og verksemder elles, som ligg utanfor Noregs økonomiske territorium, medrekna dotterselskap og filialar av norske verksemder. Personar med utanlandsk statsborgarskap som er fast busett i Noreg, og utanlandskeigde selskap og filialar i Noreg, blir derimot rekna som norske. Utanlandskeigde selskap eller filialar av utanlandske selskap som driv verksemd på den norske kontinentalsokkelen betraktar ein som norske selskap. Alle fordringar skal fordelast etter debitorland og all gjeld etter kreditorland. Landfordelinga skal ta utgangspunkt i dei selskapa som rapportøren reelt sett har fordringar eller gjeld overfor. For eksempel skal fordringar/gjeld som er formidla via meklar/mellommann landfordelast ut frå debitor/kreditor og ikkje ut frå meklar/mellommann. Det er debitoranes og kreditoranes heimland som avgjer landfordelinga, ikkje  valutaslaga beløpa er stipulerte i. Alle beløp skal gjevast i heile tusen norske kroner. Beløp fastsett i utanlandsk valuta skal reknast om til norske kroner etter valutakursane pr. 31. desember eller etter kursane på siste noteringsdag i rapporteringsåret.

Om dei enkelte postane i skjemaet:

Fordringar

Bankinnskot i utlandet

Berre innskot i utanlandske bankar skal takast med. Inneståande på valutakonti i norske bankar blir ikkje rekna som fordringar på utlandet og skal difor ikkje takast med.

Obligasjonar utferda av utlendingar

Posten omfattar omsettelege obligasjonar med utanlandsk utferdar og med opphavleg løpetid på over eitt år. Obligasjonar i utanlandsk valuta med norsk utferdar skal ikkje takast med. Ikkje-omsettelege obligasjonar skal takast med under posten "Lån til utlandet". Andelar i obligasjonsfond skal ikkje takast med her, men under posten «Andelar i utanlandske verdipapirfond». Posten skal oppgjevast til marknadsverdi. Obligasjonar utferda i norsk eller utanlandsk valuta i Noreg av utanlandske selskap skal takast med her.

Sertifikat og andre kortsiktige verdipapir utferda av utlendingar

Her skal førast sertifikat og andre kortsiktige verdipapir utferda av utlendingar, som certificates of deposits, commercial papers og treasury notes. Posten skal oppgjevast i marknadsverdi. Sertifikat utferda i norsk eller utanlandsk valuta i Noreg av utanlandske selskap skal takast med her.

Utanlandske aksjar

Posten omfattar aksjar i utanlandske aksjeselskap. Posten skal oppgjevast til marknadsverdi. Der ein ikkje kan gje marknadsverdi, skal ein nytta bokført verdi. Utanlandske aksjar noterte på Oslo Børs blir sett på som utanlandske aksjar, og skal takast med her.

Kapitalinnskot i utlandet

Posten omfattar langsiktig eigarkapital i utanlandske føretak og internasjonale organisasjonar, med unntak av aksje- og andelskapital.

Andelar i utanlandske verdipapirfond

Posten omfattar andelar i utanlandske aksjefond, obligasjonsfond, pengemarknadsfond og kombinasjonsfond. Verdipapirfond registrerte i Noreg blir sett på som norske, sjølv om dei er utanlandsk eigde eller plasserte i utanlandske verdipapir. Du skal registrere posten til marknadsverdi.

Lån til utlandet

Posten omfattar utlån til utanlandske låntakarar. Utlån som er ansvarleg lånekapital til utanlandske selskap skal oppgjevast såframt lånet ikkje er gjeve i form av obligasjonar. Mellomrekning med eventuelle utanlandske mor- eller dotterselskap skal takast med her.

Andre fordringar på utlandet

Posten omfattar alle fordringar som ikkje er tatt med under postane som er nemnde føre. Utanlandske setlar og sjekkar, forfalne, ikkje betalte renter, opptente, ikkje mottatte provisjonar og opptente, ikkje forfalne renter skal takast med her.

Derivat

Posten omfattar derivat med utanlandske kontraktspartar. Det er ei utførleg beskriving av derivat generelt, og korleis dei skal rekneskapsførast, i KRS nr. 11 Foreløpig standard (F) – «Finansielle eiendeler og forpliktelser”, sjå www. GKRS.no. Posten skal oppgjevast til marknadsverdi.

Gjeld

Leverandørgjeld og forskot frå kundar

Posten omfattar leverandørgjeld ved import av varer og tenester og mottatte forskot ved eksport av varer og tenester.

Sertifikatlån tatt opp i utlandet

Her skal førast kortsiktige sertifikatlån tatt opp i utlandet gjennom utferda commercial papers o.l.

Obligasjonslån tatt opp i utlandet

Her skal førast obligasjonslån tatt opp i utlandet i norsk og utanlandsk valuta. Landfordelinga skal gjerast etter emisjonsland, ikkje etter valutasort.

Obligasjonslån tatt opp i utlandet - del med forfall neste rekneskapsår

Her skal førast avdraga for neste år på obligasjonslån tatt opp i utlandet i norsk og utanlandsk valuta. Landfordelinga skal også her gjerast etter emisjonsland, ikkje etter valutasort.

Andre lån tatt opp i utlandet

Posten omfattar lån og kassekredittar hos utanlandske bankar og andre utanlandske långjevarar. Ansvarleg lånekapital som ikkje er i form av obligasjonslån skal også takast med her. Lån som var innvilga, men ikkje trekte opp pr. 31. desember, skal ikkje takast med. Lån i utanlandsk valuta tatt opp i norske kredittinstitusjonar skal ikkje takast med, mens derimot utanlandske lån som berre er garantert eller formidla av norsk kredittinstitusjon skal vere med i oppgåva. Mellomrekning med eventuelle mor- og dotterselskap i utlandet skal førast her. 

Anna gjeld til utlandet

Posten omfattar all gjeld som ikkje er tatt med under postane som er nemnde føre. Forfalne, ikkje betalte renter, opptente, ikkje betalte provisjonar og påløpne, ikkje forfalne renter skal takast med her.

Derivat

Posten omfattar derivat med utanlandske kontraktspartar. Det er ei utførleg beskriving av derivat generelt, og korleis dei skal rekneskapsførast, i KRS nr. 11 Foreløpig standard (F) – «Finansielle eiendeler og forpliktelser”, se www. GKRS.no. Posten skal oppgjevast til marknadsverdi.