Innhald
Publisert:
Sterk vekst i formuen
Gjennomsnittleg nettoformue for norske hushald var på 2 millionar kroner i 2012. Dette var ein auke på vel 8 prosent frå året før.
2012 | 2011 - 2012 | |||
---|---|---|---|---|
Gjennomsnitt for dei med beløp (kroner) | Hushald med beløp (prosent) | Millionar kroner | Prosentvis endring | |
Berekna realkapital | 2 782 600 | 81,9 | 5 119 020 | 10,6 |
Berekna marknadsverdi primærbustad | 2 795 100 | 67,4 | 4 229 032 | 10,4 |
Berekna marknadsverdi sekundærbustad | 2 125 000 | 10,6 | 506 258 | 18,5 |
Skattepliktig bruttofinanskapital | 813 900 | 98,9 | 1 806 939 | 5,5 |
Bankinnskot | 384 900 | 98,8 | 853 896 | 8,3 |
Aksjar og andre verdipapir | 1 391 400 | 21,1 | 658 124 | 3,1 |
Partar i aksje-, obligasjons- og pengemarknadsfond | 130 700 | 31,7 | 93 133 | 7,8 |
Skattepliktig formue i utlandet | 295 600 | 5,3 | 35 397 | 0,1 |
Berekna bruttoformue | 3 116 400 | 99,0 | 6 925 959 | 9,2 |
Gjeld | 1 325 700 | 83,5 | 2 485 133 | 7,5 |
Studiegjeld | 185 400 | 23,4 | 97 550 | 6,1 |
Berekna nettoformue | 1 988 800 | 99,4 | 4 440 826 | 10,2 |
Positiv nettoformue | 2 550 100 | 81,3 | 4 653 874 | 8,9 |
Negativ nettoformue | -522 300 | 18,2 | -213 048 | -11,9 |
Formuesskatt | 28 900 | 19,9 | 12 909 | 4,5 |
Det er først og fremst ein sterk auke i realkapitalen , som forklarer auken i nettoformuen. Summen av realkapitalen, som er den viktigaste formueskomponenten til hushalda, auka klart meir i 2012 enn både finanskapitalen og gjelda. Realkapitalen til hushalda består først og fremst av primærbustaden. I 2012 auka den samla verdien av primærbustadane med vel 10 prosent.
Det har blitt populært å eige ein sekundærbustad. Meir enn kvart tiande hushald hadde ein slik bustad i 2012. Pårekna marknadsverdi for alle sekundærbustadar auka med vel 18 prosent i 2012.
Høgast gjennomsnittsformue blant yngre alderspensjonistar
Det er hushald der hovudinntektstakaren er mellom 67-79 år som har høgast nettoformue. I 2012 var gjennomsnittleg nettoformue for denne aldersgruppa på 3,2 millionar kroner. Også hushald der hovudinntektstakaren var mellom 55-66 år, hadde ein gjennomsnittleg nettoformue på over 3 millionar kroner. Meir enn halvparten, 52 prosent, av alle hushald hadde i 2012 ein nettoformue på over 1 million kroner.
Noko jamnare formuesfordeling
Nettoformuen er svært skeivt fordelt blant hushalda. Tidelen med høgast nettoformue eigde i 2012 om lag 49 prosent av all formue, medan den rikaste 1 prosenten eigde 18 prosent. Dei rikaste 0,1 prosent av hushalda, om lag 2 200 hushald, eigde 8 prosent av all formue. Fordelinga av nettoformue har likevel vorte noko jamnare dei siste åra. I 2010 eigde til dømes tidelen med høgast nettoformue 51 prosent av all formue.
Sterkast gjeldsvekst blant høginntektshushald
Gjennomsnittleg gjeld for norske hushald var på drygt 1,1 millionar kroner i 2012. Dette var ein auke på 5,6 prosent frå året før. Det er blant hushalda med dei høgaste inntektene at gjelda aukar mest. Tidelen av hushalda med høgast samla inntekt auka gjelda med 6,5 prosent i 2012. Hushalda med inntekter nær gjennomsnittet (desil 5) auka gjelda med 5,3 prosent, medan hushalda med dei lågaste inntektene (desil 1) hadde ein nedgang i gjennomsnittleg gjeld på 3,4 prosent samanlikna med året før.
Høgare gjeldsbelastning
Sidan gjelda auka meir enn inntektene i 2012, har det blitt fleire hushald med høg gjeldsbelastning. I 2012 hadde 15,2 prosent av alle hushalda ei gjeld som var minst tre gonger større enn samla hushaldsinntekt. Tilsvarande tal for 2011 var 14,6 prosent. Blant dei hushaldstypane med høgast gjeldsbelastning finn ein par med barn under 6 år, og par utan barn der hovudinntektstakaren er under 30 år. Innanfor begge desse hushaldstypane hadde 28 prosent ei gjeld som oversteig inntekta tre gonger.
Berekna marknadsverdi av eigen bustadÅpne og lesLukk
Statistisk sentralbyrå (SSB) har utvikla ein modell som estimerer ein marknadsverdi på alle bustader i landet. Det er denne modellen Skatteetaten nyttar til å berekna likningsverdiane i sjølvmeldinga. Primærbustad får ein likningsverdi tilsvarande 25 prosent av berekna marknadsverdi, medan sekundærbustad blir taksert til 40 prosent av berekna marknadsverdi. I SSB sin formuestatistikk for hushald er likningsverdiane frå sjølvmeldingane oppjustert til full berekna marknadsverdi. Fritidseigedomar og bustader på gardsbruk er ikkje omfatta av dei nye reglane for likningsverdiar.
Statistikken blir no publisert saman med Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger.
Tilleggsinformasjon
Statistikken er ei totalteljing og omfattar alle personar i privathushald. Personar i studenthushald er ikkje med. Alle registrerte kontante inntekter og gjelds- og formuespostar frå likninga er med.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42