Fangsten fordelte seg på 30 400 avliva laks og 14 800 laks som blei satt levande ut i elva igjen. Samanlikna med året før er det ein nedgang på 41 prosent for avliva laks og 22 prosent for laks som blei satt ut igjen. Svakt innsig og låge fangstar tidleg i fiskesesongen førte til at Miljødirektoratet stengte fisket i 33 elvar frå svenskegrensa i sør til og med Trøndelag.

Dei årlege fangstane frå elvefiske varierer etter kor mykje laks som går opp i elvane og fiskeforholda i elvane. I tillegg har det med omsyn på sårbare laksebestandar blitt innført fleire reguleringar av fisket. Frå tidlegare reguleringar er det gjort endringar i  kvoteordningar og midtsesongevalueringar med forvaltningstiltak. Tanavassdraget i Finnmark har til dømes vore eit av dei viktigaste laksevassdraga i Noreg, men det har ikkje vore opna for laksefiske i dette vassdraget dei siste fire åra. Den siste reguleringa av fisket kom i 2024 (lovdata.no)

På strekningen frå svenskegrensa i sør til og med Trøndelag blei 33 elvar stengt for laksefiske. Same strekning blei stengt for sjølaksefiske, bortsett frå Drammensfjorden og Drivaregionen. Etter ei evaluering seinare i sesongen blei det opna igjen for eit svært avgrensa fiske frå 11. juli i 16 elvar og fjordregionane Åfjord og Namsfjorden. Sjølaksefiske i Varangerfjorden blei stramma inn og fisketida i elvane rundt Varangerfjorden blei redusert med to veker.

Nedgang i nesten alle fylke

Reguleringa av fisket førte til nedgang i nesten alle fylker i 2024. Berre Nordland hadde auka laksefangst samanlikna med året før. Der blei det fiska 6 100 laks, ein auke på 17 prosent frå 2023.

Finnmark var fylket der det blei fiska mest laks i 2024, med  totalt 9 600 laks. Troms og Finnmark var eitt fylke i 2023. I 2024 vart det fiska 13 900 laks i desse to fylka, noko som er 21 prosent  mindre enn i 2023. 

Fylket med nest størst laksefangst var Trøndelag. Der blei det fiska 7 200 laks i 2024, som er meir enn ei halvering av fangsten frå året før.

Størst nedgang i Gaula og Orkla

Gaula og Orkla er elvane som hadde størst nedgang i fangstane frå 2023. Begge elvene ligg i Trøndelag, og begge blei stengte frå og med 23. juni og ut 2024.

I Gaulavassdraget blei det fiska 460 laks i 2024, ein nedgang på 88 prosent frå året før. 32 prosent blei satt ut i elva igjen. I Orkla blei det fiska 280 laks, som er 92 prosent mindre enn i 2024, og 70 prosent blei satt ut igjen.

Mest laks i Bjerkreimsvassdraget

Det blei landa totalt 2 500 atlantisk laks i Bjerkreimsvassdraget i Rogaland i 2024. Det er ein auke på 8 prosent frå året før. 91 prosent av laksen blei avliva, og dette er også elva med mest avliva laks i 2024.

Etter Bjerkreimsvassdraget  var det i Målselvvassdraget i Troms og Namsenvassdraget i Trøndelag det blei fiska mest laks. I Målselvvassdraget blei det fiska 2 200 laks, om lag det same som året før. 9 prosent av laksen blei sett levande ut igjen.

Namsenvassdraget var blant elvane som blei stengt for fiske 23. juni og opna for eit avgrensa fiske frå 11. juli. Det blei fiska 2 000 laks i vassdraget, noko som er 37 prosent færre enn i 2023. Meir enn halvparten av laksen blei satt ut igjen, og Namsenvassdraget er saman med Vefsnavassdraget nest største elv på fang og slepp av laks i 2024.

Mest fang og slepp i Stjørdalsvassdraget

Det blei landa totalt 1 500 atlantisk laks i Stjørdalsvassdraget i 2024. Det er ein nedgang på 3 prosent frå året før. 72 prosent av laksen blei satt levande ut i elva igjen. Elva blei stengt 23. juni og opna for eit avgrensa fiske frå 11. juli.

Figur 1. Elver med størst fangst av atlantisk laks i 2024. Førebelse tal

Elva blei stengt for fiske 23. juni 2024 og opna igjen for eit svært avgrensa fiske 11. juli 2024.

Auka fangst av sjøaure

Det blei landa 37 600 sjøaure i 2024. Det er ein auke på 16 prosent frå 2023. Mest sjøaure blei tatt opp i Altavassdraget. Der blei det fiska 2 500 sjøaure. Det er ein auke på 18 prosent frå året før, og 19 prosent blei satt ut i elva igjen. Deretter følgjer Målselvvassdraget med 2 400 sjøaure, som er 22 prosent fleire enn året før. 16 prosent blei satt levande ut igjen.

Ikkje år for pukkellaks

Pukkellaks har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år. I 2024 blei det rapportert nesten ikkje noko fangst av pukkellaks.

Pukkellaks er ein stillehavslaks som blei sett ut på Kolahalvøya frå 1956 til 1998. Den spreidde seg først til dei nordlege elvane i Noreg, der det no er påvist sjølvreproduserande bestandar. Laksen har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år. Denne framande arten er uønska i Noreg. Den vert forvalta med mål om å ha minst mogleg av den, og den skal ikkje settast levande ut i elva igjen.