Etter  ein topp på tidleg 2000-talet har det vore nedgang i fangstane frå sjølaksefisket. Med omsyn på sårbare laksebestandar har det blitt innført  fleire reguleringar av fisket, og den siste reguleringa kom i 2024. Svakt innsig og låge fangstar tidleg i sesongen førte til at Miljødirektoratet stengde fisket i 33 elvar frå svenskegrensa i sør til og med Trøndelag. Same strekning blei stengt for sjølaksefiske, bortsett frå Drammensfjorden og Drivaregionen. Etter ei evaluering seinare i sesongen blei det opna igjen for eit svært avgrensa fiske i 16 elvar og fjordregionane Åfjord og Namsfjorden. Sjølaksefiske i Varangerfjorden blei stramma inn og fisketida i elvene rundt Varangerfjorden blei redusert med to veker.

Figur 1. Sjøfiske etter laks. Tonn

Nedgang i alle fylke

Finnmark var fylket der det blei fiska mest laks i 2024, med 48 tonn. Troms og Finnmark var eitt fylke i 2023. I 2024 vart det fiska 54 tonn laks i desse to fylka, noko som er 11 tonn mindre enn i 2023.  Fylket med nest størst laksefangst var Trøndelag. Der blei det fiska 19 tonn laks, som er meir enn ei halvering av fangsten frå året før. Sør for Nordland var det berre Drammensfjorden i Akershus og Buskerud, Drivaregionen på Nordmøre og Fjordregionane Åfjord og Namsfjorden i Trøndelag som vart opna for sjølaksefiske i 2024.

Størst fangst i Namsos

Mellom kommunane var det i Namsos laksefangsten var størst i 2024. Der blei det fiska 16 tonn laks, som er ein nedgang på 12 tonn frå året før. Deretter følgjer Alta og Porsanger, med høvesvis 13 og 10 tonn laks. Fangsten i Alta var om lag det same som i 2023, medan det i Porsanger vart fiska 3 tonn meir  enn året før.