Kjøtproduksjon
Oppdatert: 2. desember 2024
Neste oppdatering: 6. mai 2025
Tonn | Prosent endring fra | ||
---|---|---|---|
1. halvår 2024 | 1. halvår 2023 - 1. halvår 2024 | 1. halvår 2019 - 1. halvår 2024 | |
Svin | 64 677 | -1,6 | 0,0 |
Fjørfe | 61 371 | 7,6 | 15,8 |
Storfe | 41 726 | -2,8 | -3,2 |
Sau | 1 822 | -5,4 | 5,9 |
Om statistikken
Slaktestatistikken viser total kjøtproduksjon og kjøtproduksjon fordelt på dei ulike dyreslaga.
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 16. mars 2021.
I tabellane blir ofte omgrepet fjørfe nytta. Det er summen av dyreslaga høns, kylling, kalkun og andre fjørfe.
Fylke, der tal blir gitt samla for Oslo og Akershus fordi det er få jordbruksbedrifter i Oslo.
Kjøtproduksjon
426 Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk
Fylke.
Halvår. Årleg.
Mikrodata blir lagra i SSB.
Statistikken byggjer på rapportering frå slakteri og kontrollstasjonar. Alle slakt som slakteri og kontrollstasjonar tar hand om skal registrerast i Leveranseregisteret for slakt. Leveranseregisteret for slakt blir administrert av Landbruksdirektoratet.
Statistikken blir nytta av offentlege etatar og ulike næringsorganisasjonar.
Populasjonen omfattar alle leveransar av slakt til godkjende slakteri og kontrollstasjonar. Statistikken omfattar ikkje heimeslakt.
Landbruksdirektoratet sitt register over alle leverte slakt er grunnlaget for utarbeiding av statistikken
Elektronisk datainnsamling, frå Leveranseregisteret for slakt.
Statistikken blir kontrollert på aggregert nivå (lands- og fylkestal) i høve til tidlegare års registreringar.
Leveranseregisteret for slakt inneheld alle leverte slakt i løpet av året. SSB mottar aggregerte datafiler, der ein record inneheld opplysningar om alle slakt av det einskilde kjøtslag hos kvar produsent kvar månad.
Tal blir ikkje offentleggjort dersom det kan medføre fare for at einskilde jordbruksbedrifter blir identifisert.
Statistikken går attende til 1952. Ved overgang til registerutnytting i 1995, har publisering av data etter produsentane sin lokalisering i kommune og fylke vore mogleg.
Ei mogleg feilkjelde kan vere feilføringar og manglande opplysningar ved innlegging av data i registeret. Ein reknar likevel med at opplysningane i registeret er av god kvalitet.