Reviderte tall for 2020 ble publisert 7. oktober 2021. På grunn av mangler i datagrunnlaget var de publiserte tallene for jord- og hagebruk totalt 0,77 prosent for lave, tilleggsnæringer totalt 0,53 prosent for lave, mens skogbruk totalt var 0,01 prosent for lave.
Statistikk innhold
Statistikk om
Landbruksteljing
Føremålet med teljinga er å gi ein oversikt over ressursar, produksjon, drift, miljø og økonomi i jordbruket. Teljinga skal også gi ein historisk oversikt over utviklinga og korleis landbruket i Norge vert drive.
Utvalde tal frå denne statistikken
- Årsverk utført i jord-, hage- og skogbruk.Last ned tabell som ...Årsverk utført i jord-, hage- og skogbruk.
Årsverk Prosent endring 1999 2010 20201 1999-2020 2010-2020 Jord- og hagebruk, skogbruk og tilleggsnæringar i alt 88 327 56 737 50 043 -43 -12 Jord- og hagebruk i alt 80 769 51 240 44 732 -45 -13 Jord- og hagebruk utført av brukar og ektefelle/sambuar 61 371 33 039 27 353 -55 -17 Jord- og hagebruk utført av familiemedlemmer 8 945 5 454 4 337 -52 -20 Jord- og hagebruk utført av anna fast og tilfeldig hjelp 10 452 12 747 13 042 25 2 Skogbruk i alt 3 201 1 435 895 -72 -38 Tilleggsnæringar, i alt 4 357 4 062 4 415 1 9 1Arbeidsinnsatsen gjeld frå 1. oktober 2019 til 30. september 2020 Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for storfe, etter fylke og husdyrslag. 2020Last ned tabell som ...Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for storfe, etter fylke og husdyrslag. 2020
Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk Dyreplassar i bruk Dyreplassar i båsfjøs (prosent) Dyreplassar i løsdriftfjøs (prosent) Dyreplassar i anna husdyrrom/utegang (prosent) Heile landet Mjølkekyr 7 145 213 511 35 64 0 Ammekyr 5 894 105 833 24 67 8 Andre storfe 12 992 563 617 28 68 4 Oslo og Viken Mjølkekyr 395 13 491 25 74 1 Ammekyr 669 14 424 9 80 11 Andre storfe 1 071 47 198 15 78 8 Innlandet Mjølkekyr 1 362 37 773 39 61 0 Ammekyr 1 254 27 086 21 70 9 Andre storfe 2 522 114 252 28 67 5 Vestfold og Telemark Mjølkekyr 138 4 557 22 78 : Ammekyr 356 7 184 5 85 10 Andre storfe 503 19 427 8 84 9 Agder Mjølkekyr 280 7 006 47 53 0 Ammekyr 440 6 821 21 67 12 Andre storfe 717 22 931 28 65 7 Rogaland Mjølkekyr 1 094 38 810 35 64 1 Ammekyr 913 14 449 42 53 5 Andre storfe 1 881 98 207 31 65 4 Vestland Mjølkekyr 1 094 24 377 48 52 1 Ammekyr 602 6 115 45 45 10 Andre storfe 1 818 50 947 42 54 3 Møre og Romsdal Mjølkekyr 637 19 014 35 65 0 Ammekyr 316 4 683 32 62 6 Andre storfe 1 026 43 403 33 64 3 Trøndelag - Trööndelage Mjølkekyr 1 410 46 917 28 71 0 Ammekyr 897 17 356 23 72 6 Andre storfe 2 272 114 861 25 73 2 Nordland - Nordlánnda Mjølkekyr 477 14 452 34 65 0 Ammekyr 347 6 309 35 56 9 Andre storfe 816 38 313 33 64 3 Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku Mjølkekyr 258 7 114 38 62 : Ammekyr 100 1 406 25 63 12 Andre storfe 366 14 078 36 59 4 Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for svin, etter fylke. 2020Last ned tabell som ...Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for svin, etter fylke. 2020
Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for svin Dyreplassar i bruk for svin I rom der delar av golvet er spaltegolv (prosent) I rom med heildekkande tett golv (prosent) I rom der heile golvet er dekka av djupstrø (prosent) I utedrift (prosent) Heile landet 1 998 530 173 82 12 4 2 Oslo og Viken 256 64 722 75 11 10 4 Innlandet 385 120 504 81 11 5 4 Vestfold og Telemark 148 44 164 73 11 13 3 Agder 69 9 697 91 5 1 3 Rogaland 508 147 238 91 7 1 1 Vestland 147 17 150 89 9 0 2 Møre og Romsdal 60 9 354 88 10 1 1 Trøndelag - Trööndelage 310 90 547 77 21 1 1 Nordland - Nordlánnda 93 24 118 74 20 4 1 Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku 22 2 679 88 : : 5 Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for verpehøns, etter fylke. 2020Last ned tabell som ...Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for verpehøns, etter fylke. 2020
Jordbruksbedrifter med dyreplassar i bruk for verpehøns Dyreplassar i bruk for verpehøns I bur med innreiing med gjødselbelte under (prosent) For frittgåande høner i rom med fleire etasjar/aviar (prosent) For frittgåande høner i rom med golvinnreiing (prosent) Utandørs for frittgåande høner (prosent) Heile landet 1 502 4 593 095 13 70 9 9 Oslo og Viken 207 714 481 16 57 3 24 Innlandet 225 771 368 5 62 16 17 Vestfold og Telemark 92 236 547 24 51 3 22 Agder 75 123 267 : 77 : 1 Rogaland 213 1 235 998 20 69 9 2 Vestland 206 197 864 10 80 5 5 Møre og Romsdal 100 143 989 16 67 16 1 Trøndelag - Trööndelage 242 1 027 223 6 87 7 0 Nordland - Nordlánnda 83 91 339 10 71 10 9 Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku 59 51 019 15 84 1 1 Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Brutto mengde husdyrgjødsel i lager, etter husdyrslag og type lager. Tonn totalt nitrogen. 2020Last ned tabell som ...Brutto mengde husdyrgjødsel i lager, etter husdyrslag og type lager. Tonn totalt nitrogen. 2020
Mengde i lager i alt Gjødselkjellar for blautgjødsel Med flyterenne for blautgjødsel Gjødselkum/lagune for blautgjødsel Innandørs talle/djupstrø Utandørs talle/utegard Fastgjødsel utandørs direkte på bakken Fastgjødsel utandørs på tett botnplate Gjødselkjeller for fastgjødsel Landkum/landtank Ikkje eiga lager for husdyrgjødsel Mjølkekyr 20 261 12 985 467 6 522 47 2 26 12 71 131 0 Ammekyr 5 224 2 565 74 855 706 210 492 183 96 24 19 Andre storfe 19 800 12 559 386 4 596 827 240 567 256 182 116 71 Svin 6 394 3 107 152 2 747 82 25 114 43 34 85 5 Sauer 7 089 3 522 8 98 925 320 510 41 1 467 11 186 Geiter 477 305 0 5 49 11 18 2 84 0 2 Hestar 772 50 0 5 51 96 332 78 89 1 70 Slaktekyllingar, Ender, kalkuner og gjess for slakt 2 258 94 : 55 63 66 1 040 254 182 : 503 Verpehøner, 20 uker og eldre 3 024 151 : 233 91 28 621 347 1 222 : 310 Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Jordbruksbedrifter og areal med bruk av spreieutstyr for husdyrgjødsel, etter fylke. 2020Last ned tabell som ...Jordbruksbedrifter og areal med bruk av spreieutstyr for husdyrgjødsel, etter fylke. 2020
Jordbruksbedrifter med bruk av spreieutstyr i alt Direkte nedfelling Breispreiar med tankvogn Breispreiar med slepeslanger Stripespreiar med tankvogn Stripespreiar med slepeslangar Tank-/vatningsvogn med kanon Gjødselvogn med spreievalsar for fastgjødsel Spreieutstyr brukt på jordbruksareal i alt (dekar) Direkte nedfelling (dekar) Breispreder med tankvogn (dekar) Breispreiar med slepeslanger (dekar) Stripespreiar med tankvogn (dekar) Stripespreiar med slepeslangar (dekar) Tank-/vatningsvogn med kanon (dekar) Gjødselvogn med spreievalsar for fastgjødsel (dekar) Heile landet 23 092 506 15 766 1 682 880 2 292 1 662 5 184 3 859 225 61 309 2 391 184 236 415 164 373 554 907 115 302 335 735 Oslo og Viken 1 940 52 791 92 127 313 21 912 342 994 7 724 111 359 14 336 25 646 89 570 2 268 92 091 Innlandet 4 286 103 2 950 328 210 467 83 1 003 676 249 11 167 395 169 50 095 35 354 107 488 4 972 72 003 Vestfold og Telemark 818 22 286 30 97 120 16 390 127 169 3 067 34 494 7 086 18 745 34 842 1 231 27 704 Agder 1 086 66 749 12 50 15 73 248 136 289 9 366 101 011 1 224 7 953 2 285 5 313 9 138 Rogaland 3 288 44 2 562 175 116 382 666 446 612 372 6 881 388 302 27 427 24 247 85 813 52 805 26 897 Vestland 4 055 56 2 440 674 68 382 618 946 378 573 1 372 201 240 59 028 3 591 53 030 34 157 26 154 Møre og Romsdal 1 753 22 1 445 110 29 75 58 250 300 903 1 073 243 143 21 360 4 324 18 749 3 379 8 875 Trøndelag - Trööndelage 3 720 73 2 916 194 125 392 75 592 852 782 10 623 587 350 42 266 29 836 120 038 6 721 55 948 Nordland - Nordlánnda 1 408 40 1 094 52 24 119 34 233 300 012 4 829 229 632 11 731 4 790 35 643 2 997 10 390 Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku 738 28 533 15 34 27 18 164 131 883 5 206 99 484 1 862 9 887 7 449 1 459 6 535 Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ...
Om statistikken
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 24. mars 2025.
Jordbruksbedrift: Verksemd med jordbruksdrift inkludert husdyrhald og hagebruk. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar, og er uavhengig av kommunegrensar.
Brukar: Den/dei som er ansvarleg for jordbruksdrifta. I Einings- og føretaksregisteret vil brukaren vere registrert som innehavar av enkeltmannsføretak, eller som eigar eller deltakar i eit selskap.
Jordbruksareal i drift: Omfattar alt eige og leigd/forpakta jordbruksareal i drift i bedrifta, medrekna eittårig brakk. Som jordbruksareal vert rekna fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.
Jordbruksareal i drift etter kommunen der arealet fysisk ligg. Ei jordbruksbedrift kan drive jordbruksareal i fleire kommunar. Jordbruksareal i drift har sidan 1984 i hovudsak blitt publisert etter den kommunen jordbruksbedrifta sitt driftssenter ligg. Jordeige og -leige på tvers av kommunegrenser gjer at ein då ikkje viser ein kommune sitt faktiske jordbruksareal i drift. Med omgrepet "Jordbruksareal i drift etter kommunen der arealet fysisk ligg" viser ein jordbruksarealet tilhøyrande kvar einskild kommune.
Leigejord. Jordbruksareal der eigar og brukar av arealet er forskjellige personar, inklusive ikkje-fysiske personar. Jordleige er uavhengig av om det vert ytt godtgjersle eller ikkje til eigaren, såleis inngår også jordbruksareal eigd av andre og som brukar disponerer gratis. Både forpakting av heile eigedomar og leige av tilleggsjord til eigen eigedom reknast som jordleige. Dersom ektefelle til brukar er eigar, reknast arealet som eigd. Dersom deltakar i samdrift eig areal som er i drift på samdrifta, reknast arealet som eigd. Eit leigeforhold refererar seg til ein landbrukseigedoms hovudnummer. Dersom ein brukar av ei jordbruksbedrift har inngått fleire leigeavtaler på same eigedom, reknast dette som eitt leigeforhold. På den andre sida kan eigar av ein eigedom leige ut areal til fleire jordbruksbedrifter, og dette blir rekna som eitt leigeforhold på kvar av bedriftene. Einingane rapporterar for det arealet dei søkjer om produksjonstilskot for.
Årsverk. I datafangsten vart arbeidsinnsatsen kartlagt som timeverk. Over tid er timar per årsverk endra. Ved omrekning til årsverk, er det nytta 1875 timar per årsverk for 1999 og 1845 timar for 2010 og 2020.
Tilleggsnæring er aktivitetar som vert drive på jordbruksbedrifta. Aktiviteten skal vere basert på jordbruksbedrifta sine ressursar (areal, bygningar, maskinar og/eller produkt/råvarer), og kan vere av både stort og lite omfang.
Veksthus: Rom der ein kan gå inn utan å måtte fjerne glas- eller plastdekke. Rom med lågare takhøgde blir rekna som vekstbenkar og skal ikkje reknast med som veksthus.
Plasttunnellar og andre dekkesystem: Gjeld løysningar med plasttak og ståhøgde.
Familiemedlem: gjeld besteforeldre, foreldre, barn, barnebarn og sysken av brukar/ektefelle/sambuar.
Fast arbeidshjelp: Gjeld personar 16 år eller eldre, som har arbeidd kvar veke eller størstedelen av perioden.
Sesongarbeidarar: Personar som har utført arbeid av meir kortvarig art i jordbruksbedrifta, til dømes sesonghjelp i forbindelse med våronn, bærplukking o.l.
Nedmolding: Husdyrgjødsla blir pløyd eller harva ned for innblanding i jorda
Planteskule: Verksemd med oppal av prydplanter, frukttre eller bærbuskar. Skogplanteskuler er ikkje omfatta av teljinga.
I tabellane blir følgjande grupperingar nytta: Kommune, Fylke, driftsform og jordbruksareal i drift på jordbruksbedrifta.
Namn: Landbruksteljing
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri
Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk
Kommunenivå. Andre regionar på lågare nivå kan vere aktuelt dersom dette ikkje kjem i konflikt med konfidensialitetsomsyn.
Fullstendige teljingar har blitt gjennomført omlag kvart tiande år sidan byrjinga av 1900-talet. Alle landbrukseigedommar og jordbruksbedrifter over eit visst minimum i storleik er omfatta av teljinga i 2010 og 2020. Sjå avgrensing under "produksjon" lenger ned.
Informasjon vert sendt til EU sitt statistiske kontor (Eurostat) etter spesifikasjonar gitt i rådsforordninga. Resultater blir også inngå i dataleveranser til FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO).
Avidentifisert fil med skjemadata og registerdata vil bli arkivert i SSB.
Føremålet med teljinga er å gi ein oversikt over ressurs- og produksjonsgrunnlag og driftsmessige, miljømessige og økonomiske forhold innan jordbruksnæringa. I tillegg skal teljinga gi ein historisk oversikt over utviklinga, og korleis landbruket i Norge vert drive.
Landbruksteljinga vert finansiert med eigne midlar i SSBs budsjett i tillegg til midlar frå Miljødirektoratet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Viktige brukarar av resultata er ulike forvaltningsorgan, landbruksstyresmaktene og landbruksorganisasjonane. Data vert nytta i planleggjing, utgreiingar, støtte for å fatte vedtak, forsking med meir. Datagrunnlaget er eit særdeles viktig bidrag i jordbruksforhandlingane mellom Staten og næringsorganisasjonane i landbruket.
Ei fullteljing gir høve til å formidle tal på mindre geografiske område enn det som er tilfelle med utvalsundersøkingar. Dette gjev eit betre datagrunnlag for kommunal forvaltning og for å vurdere utviklinga på mindre regionar enn fylke.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
Landbruksteljinga er nært knytta til fleire av statistikkane som vert publisert årleg. I arbeidet med landbruksteljinga vil ein legge til rette for å sjå fleire av statistikkane i samanheng.
Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).
Rådsforordning nr 2018/1091, 1166/2008, 1337/2011; Strukturundersøkingar i jordbruket.
Landbruksteljinga omfattar alle landbrukseigedommar og jordbruksbedrifter over eit visst minimum i storleik.
Ein landbrukseigedom er eigedom med minst 25 dekar produktiv skogareal og/eller minst 5 dekar jordbruksareal. Ei jordbruksbedrift vert definert som ei bedrift med minst 5 dekar jordbruksareal i drift og/eller eit visst minimum av husdyrhald.
Hagebrukseiningar omfattar einingar med minst 2,0 dekar grønsaker på friland, minst 1,0 dekar frukttre (50 frukttre i 1979 og 1989), minst 1,0 dekar bær på friland, minst 300 m 2 veksthusareal eller minst 1,0 planteskule.
Datatilfanget er todelt.
Alle jordbruksbedrifter skal fylle ut eit skjema med spørsmål om arbeidsinnsats, andre næringar basert på jordbruksbedrifta sine ressursar, drenering, vatning og bruk av husdyrgjødsel.
I tillegg vert ei rekkje register nytta, som til dømes:
- Landbruksregisteret
- Søknadar om produksjonstilskott i jordbruket
- Leveranseregisteret for korn- og oljevekstar
- Leveransar av slakt
- Virksomhets- og føretaksregisteret
- Matrikkelen
- Utdanningsregisteret
- Likningsdata
- A-ordninga
Landbruksteljinga er ei fullteljing, men for å kunne frigi førebels tal på eit tidleg tidspunkt, er det trekt eit utval av alle innsende skjema. Utvalet er på 7 850 jordbruksbedrifter. Utvalet blir stratifisert utifrå storleiken på jordbruksareal og driftsform innan kvart fylke.
Skjema vart sendt ut til dei jordbruksbedriftene som er med i populasjonen. Opplysningar vart samla inn via Altinn. Telledato for teljinga var 1. oktober 2020. Opplysningar om arbeidsinnsats vart samla inn for perioden 1. oktober 2019 til 30. september 2020.
Opplysningar som vert henta frå register, vert samla inn av fleire ulike seksjonar i SSB.
Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data. Det blir gjort ei rekkje kontrollar og rettingar for å sikre konsistensen både innan eit enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar. Det vart og nytta eit automatisk editeringssystem for å kontrollere, rette og imputere manglande verdiar. Systemet imputerte etter logiske kontrollar, gjennomsnittsverdiar, proporsjonal frekvensfordeling og etter "næraste nabo"-prinsippet (imputering av verdiar frå ei bedrift som er svært lik bedrifta som vert editert).
I ei fullteljing er utrekningane relativt enkle med oppteljing, gruppering av variablar og krysstabulering av variablar.
I utvalet (nytta ved førebels tal) vert populasjonen gruppert etter fylke, arealstorleik og driftsform. Kvar bedrift får berekna ei vekt ved estimeringa av totalar.
Omrekningar av energiinnhald til kWh i 2010 er basert på faktorar som er omtalt i Om statistikken til Energibalanse og energirekneskap, sjå https://www.ssb.no/emner/01/03/10/energiregn
Ikkje relevant
Tilsette i SSB har teieplikt.
SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.
SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.
Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.
For å sikre konfidensialitet blir metoden undertrykking nytta i denne statistikken.
Det har blitt gjennomført fullstendige teljingar innan jord- og skogbruk sidan 1907.
Tidsseriane kan ikkje utan vidare trekkast så langt tilbake, men statistikken er stort sett samanliknbar tilbake til slutten av 1940-åra. For nokre variablar vil det vere eit brot i tidsserien. Frå 1999 blei alt som blir drive som ei eining uavhengig av kommunegrenser rekna som ei jordbruksbedrift. Før 1999 var den statistiske eininga for jordbruksbedrift avgrensa til å vere alt i ein kommune. For nokre tabellar med tal frå 2020, vil det væra mogleg å sammenlikne tal frå andre tellingar, sjølv om fylkesstruktur vart endra i januar 2020. Blant anna tal for arbeidsinnsats frå 1999 og 2010 er lagt om til ny fylkesstruktur.
Publikasjonane frå teljingane gir meir informasjon om brot i tidsseriar mv. Ei lenke til alle publikasjonar frå tidlegare teljingar er tilgjengeleg her: https://www.ssb.no/lt2010/
Spørsmål om utanlandsk arbeidskraft i 2010 omfattar fleire typar av arbeidskraft enn i 1999. Då vart utanlandsk arbeidskraft avgrensa til "gjestearbeidarar som er i landet i kortare tidsperiodar og som deltok i t.d. innhaustingsarbeid." Spørsmålet i 1999 vart elles berre stilt til dei med hagebruksproduksjon. Omfanget av utanlandsk arbeidskraft har auka kraftig sidan 1999, og det er grunn til å tru at utanlandsk arbeidskraft i 1999 stort sett omfatta berre personar som var i landet i kortare periodar. Ein bør likevel vere litt varsam ved samanstilling av tala for 1999 og 2010.
Spørsmål om andre næringar vart stilt første gong i 1999. Merksemda kring andre næringar har auka, samstundes som at utforming av spørsmåla har blitt justerte. Dette kan ha hatt innverknad på nokre av resultata, slik at auken som går fram av tala for t.d. "utleige av jakt- og fiskerettar" ikkje er reell. Tala for 1999 er truleg for lave.
Primærdata er henta frå skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Skjema kan innehalde feil som den enkelte oppgåvegivar gjer i utfyllinga. Mange av feila vert oppdaga og retta i gjennomgangen i SSB.
Alle undersøkingar vil vere hefta med målefeil, dvs. at den som rapporterer ikkje kjenner den eksakte verdien som det vert stilt spørsmål om, eller at spørsmålet blir misforstått.
Eit automatisk imputeringsprogram har blitt nytta i editeringa, og her kan det oppstå feil. Imputeringa er likevel gjort slik at systematiske feil skal unngåast, og datamaterialet er kontrollert etter den automatiske editeringa.
I registerdataene vil det og kunne vere måle- og handsamingsfeil. Ikkje alle dataene i registra går inn i saksførebuinga hos registereigar, og vert difor ikkje kontrollert inngåande. Så langt det er råd, rettar SSB også i registeropplysningar. SSB har og oversikt over korleis registerdata vert kontrollert hos registereigar.
I 2010 vart det stilt spørsmål om bruk av utanlandsk arbeidskraft, men omgrepet "utanlandsk" var ikkje definert. Det vil seie at oppgåvegivarane kan ha forstått spørsmålet på litt ulike måtar. I tillegg til utanlandske statsborgarer som er i Noreg for ein tidsavgrensa periode på grunn av eit arbeidsforhold, kan og utanlandske statsborgarar som er meir permanent busett i Noreg og innvandrarar med norsk statsborgarskap ha blitt tekne med. For 2020 vil ein nytte opplysninger i a-ordninga som kan gi statistikk om dette temaet.
Då siste svarfrist gjekk ut i 2020, hadde 98 prosent svara på skjema. Verdiar for dei som ikkje har svara, vert imputert ut frå andre kjende opplysningar (register, andre undersøkingar) og ut frå andre statistiske imputeringsmåtar.
Partielt fråfall vert retta opp anten manuelt eller maskinelt. Ei rekkje automatiske kontrollar vert gjennomført saman med ulike imputeringsmåtar (jf. 3.5.)
Utvalsfeil er i utgangspunktet ikkje relevant ved ei fullteljing. Ved publisering av førebels tal, kan det oppstå utvalsfeil.
Utvalsusikkerheit er eit uttrykk for den usikkerheita ein får i dei førebelse resultata fordi desse bygjer på opplysningar frå eit representativt utval av jordbruksbedrifter. Ved å berekne ein størrelse som kallas standardfeil (s), får ein eit mål for kor stor utvalsusikkerheita er. Dersom standardfeilen er kjent, kan ein finne eit intervall som med ei bestemt sannsynlege innehelder den sanne verdien av ein estimert storleik (den verdien ein ville ha fått om ein hadde føretatt ei totalteljing i staden for ei utvalsundersøking). Dette intervallet kallas konfidensintervallet. Kallar ein den estimerte verdien M, vil til dømes intervallet med yttergrensene M ± 2s med 95 prosent sannsynlege innehalde den sanne verdien av estimatet. For å få eit inntrykk av kor stort eit slikt 95-prosents konfidensintervall er, kan ein sjå på intervallet M ± 2s.
Standardfeilen for arbeidstimar utført i jord- og hagebruk er 630 930 timer publisert i førebelse tal frå Landbruksteljing 2020. Det svarar til ein variasjonskoeffisient på 0,76 prosent.
Tabell 1. Variasjonskoeffisient, standardfeil og feilmargin i eit 95 prosent konfidensintervall for estimerte verdiar av utvalde variablar publisert i samband med førebelse tal om arbeidsinnsats frå Landbruksteljing 2020
Variabel |
Estimert verdi |
Variasjonskoeffisient |
Standardfeil |
Feilmargin |
Timar utført i jord- og hagebruk i alt |
82 982 800 |
0,76 |
630 930 |
±1 261 860 |
Timar i jord- og hagebruk utført av brukar og ektefelle/sambuar |
50 779 600 |
0,82 |
417 500 |
±834 990 |
Timar i jord- og hagebruk utført av familiemedlem |
7 839 900
|
2,47 |
193 870 |
±387 740 |
Timar i jord- og hagebruk utført av anna fast og tilfeldig hjelp |
24 363 200
|
1,97 |
480 030 |
±960 050 |
Timar utført i skogbruk i alt |
1 711 500
|
4,13 |
70 680 |
±141 370 |
Timar utført i tilleggsnæringar i alt |
7 220 600
|
3,13 |
225 820 |
±451 650 |
Registerfeil: Kvaliteten på registergrunnlaget for etablering av populasjon kan ha noko å seie for kvaliteten på det ferdige resultatet. Kvaliteten på registergrunnlaget er rekna som særs god, og det vart arbeidd mykje med å etablere ein fulldekkande populasjon.
Alle data om sivil status er henta frå register. Registra fangar ikkje opp alle sambuarformer, slik at det kan vere avvik mellom skjemaopplysningar og register. T.d. kan det vere ført arbeidsinnsats for både brukar og ev. ektefelle, sambuar eller partnar utan at dette er registrert i registra. Ved formidling har vi valt å halde oss strengt til registra som gjer det mogleg å kople andre opplysningar til personane.
Ikkje relevant