Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr

Oppdatert: 20. februar 2025

Endra: 20. feb. 2025 11:30

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Endring i jordbruksbedrifter
Endring i jordbruksbedrifter
2023 - 2024
-1,0
%
 
Strukturen i jordbruket
Strukturen i jordbruket
2024Prosent endring fra
2023 - 20242014 - 2024
Jordbruksbedrifter i alt36 790-1,0-14,5
Enkeltpersonføretak34 804-1,1-14,5
Andre selskapsformer1 9860,3-13,4
Jordbruksareal i drift, dekar9 839 9200,0-0,3
Fulldyrka jord, dekar8 084 2460,1-0,3
Jordbruksareal per jordbruksbedrift, dekar267,51,016,6
Jordbruksbedrifter med ymse husdyrslag
Ku10 988-2,9-17,5
Sau over 1 år12 906-1,9-10,2
Svin i alt2 2173,3-5,3
Jordbruksbedrifter som dyrkar ymse vekstar
Korn og oljevekstar til mogning9 565-2,5-16,9
Potet1 3481,0-34,8
Eng til slått og beite28 580-1,0-14,3
Tall for svin i alt for 2023 ble rettet 20.02.2025. Dette påvirker endringsraten.
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Husdyr
    Husdyr
    2000200120022003200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024
    Hestar28 46828 88329 50328 53129 02930 01931 15432 94634 38735 62536 71236 42436 34034 45233 11731 69429 93027 20326 59226 40026 13625 59526 52626 52426 993
    Storfe i alt987 915978 854958 661956 916943 208933 698922 976905 515891 170878 134874 529864 139861 924853 655840 000853 327872 145885 292881 991874 136882 961899 712898 286874 216852 817
    Kyr342 248336 173329 814329 698325 368320 837318 458314 309311 520306 288308 316305 239306 582303 897299 876303 048307 307312 954317 033310 234319 344326 783322 678316 670317 307
    Mjølkekyr297 731289 617281 502278 137271 970265 186259 084253 364248 283239 637238 442233 347233 257228 895223 997224 298221 485219 265219 016210 540213 511215 078208 197204 133207 634
    Ammekyr44 51746 55648 31251 56153 39855 65159 37460 94563 23766 65169 87471 89273 32575 00275 87978 75085 82293 68998 01799 694105 833111 705114 481112 537109 673
    Andre storfe645 667642 681628 847627 218617 840612 861604 518591 206579 650571 846566 213558 900555 342549 758540 124550 279564 838572 338564 958563 902563 617572 929575 608557 546535 510
    Sauer i alt2 352 7052 452 8142 459 1852 481 0732 466 9652 423 0412 360 0622 267 1342 250 4712 289 8622 308 2912 300 4712 229 7342 273 9412 287 4102 380 4912 477 4002 417 8132 403 8262 306 3132 295 7362 285 8132 271 2672 174 4992 128 623
    Sauer under 1 år1 386 4271 452 6631 467 4951 494 4341 500 4571 468 3031 431 5761 372 6511 352 5871 382 2991 385 7721 380 0481 324 1281 362 4841 401 3111 462 1501 522 8041 477 4991 447 4371 405 3871 393 0111 369 6581 345 2031 273 6081 251 567
    Sauer over 1 år966 2781 000 151991 690986 639966 508954 738928 486894 483897 884907 563922 519920 423905 606911 457886 099918 341954 596940 314956 389900 926902 725916 155926 064900 891877 056
    Geiter i alt76 37374 99374 31172 39371 84373 05172 20771 98769 46768 27367 48567 23265 68364 12864 36167 00768 64665 56465 82665 17166 99760 41361 24071 51375 015
    Mjølkegeiter50 29948 46746 78645 69245 09544 53242 36541 16138 85337 95936 65035 47635 15433 06431 51533 70234 98233 91334 46234 27833 69533 71433 51332 57132 374
    Svin i alt730 390710 788751 415790 717825 548824 237836 426837 892828 243845 019850 383854 334855 704851 058842 484848 813854 005851 998815 377786 121768 211816 962734 797730 005709 581
    Alssvin i alt90 79191 44292 40997 106100 886100 747102 48399 21699 618100 95497 58697 26396 59696 86294 67095 77192 58089 47985 77480 04475 90974 56170 84969 40264 693
    Andre svin639 599619 346659 006693 611724 662723 490733 943738 676728 625744 065752 797757 071759 108754 196747 814753 042761 425762 519729 603706 077692 302742 401663 948660 603644 888
    Smågrisar255 093247 451245 654267 791280 622275 323283 931271 588274 545286 420289 446283 322280 918280 949275 080275 694281 891267 396259 943248 981244 485248 064235 372236 231224 351
    Slaktesvin384 506371 895413 352425 820444 040448 167450 012467 088454 080457 645463 351473 749478 190473 247472 734477 348479 534495 123469 660457 096447 817494 337428 576424 372420 537
    Høner3 290 5103 222 0223 189 9253 265 6443 528 5053 415 0793 362 9693 542 0943 668 4353 897 0493 952 8573 892 8614 019 0464 168 2804 245 6114 331 2094 339 1004 379 9114 487 5114 627 6234 593 1654 653 8004 667 5834 585 6774 598 507
    Livkyllingar1 188 732..1 014 4361 205 3641 410 7011 298 4681 318 7841 386 6411 280 1371 444 847966 7831 195 6641 062 4831 473 9881 540 7941 551 6121 553 532..1 253 855999 6511 224 7601 217 834939 6751 162 7141 301 570
    Slaktekyllingar8 695 046..7 952 1688 108 4418 039 6318 881 73610 840 71812 606 07513 099 62313 159 33611 854 14811 782 41514 406 44215 974 60716 565 06614 583 62413 918 81215 642 77215 597 67216 096 16914 217 96915 632 86816 144 32616 484 29516 578 523
    Standardteikn i tabellar
  • Jordbruksareal etter bruken. Dekar
    Jordbruksareal etter bruken. Dekar
    2024202320222021202020192018201720162015201420132012201120102009
    Jordbruksareal i drift9 839 9209 843 8349 846 4979 845 1679 859 6189 842 5409 862 8029 851 1169 836 6089 860 3559 867 6799 871 4289 928 6349 989 18710 059 85710 142 874
    Fulldyrka jord8 084 2468 077 2678 074 1768 069 9128 076 6268 051 4628 062 8278 045 0628 081 5808 101 6278 111 3458 107 5158 163 2888 223 6378 301 4648 394 810
    Åker og hage3 301 4803 302 5933 301 2183 294 9513 270 9273 226 6333 275 6913 318 2953 331 6523 302 4513 325 9753 350 4903 434 2593 476 1603 535 9853 566 359
    Korn og oljevekstar til mogning2 820 8982 859 4822 839 0382 859 2512 831 9712 789 8222 832 5912 891 0612 891 9822 861 9532 878 4652 895 1962 996 9943 039 5263 070 7023 104 119
    Kveite591 841645 788753 547635 927676 697803 508586 531757 546667 687857 572791 699548 392669 825738 901720 820815 997
    Rug00000--....0..00000
    Rugkveite57 30387 733106 41183 12165 25093 12533 29283 69145 587104 13060 94730 14414 76152 80567 59571 221
    Bygg1 455 4191 419 7331 313 2021 427 4481 392 2241 304 9541 479 5101 348 5681 375 5591 232 9161 265 0551 593 8711 565 3461 479 7461 461 8001 363 385
    Havre695 226684 277632 012685 183665 480550 981698 302676 211761 692632 550719 765688 166692 189716 049761 143810 310
    Blandkorn og erter til mogning00000--....0..00000
    Oljevekstar til mogning18 48119 29430 27724 21229 73234 28432 75823 11941 45734 78540 99934 62354 87352 02559 34443 206
    Potet118 869115 048118 977116 160115 064116 858116 138117 282119 839118 355123 452126 340126 681128 963132 399137 485
    Rotvekster til fôr, grønfôr og silovekstar00000--....0..00000
    Grønfôr- og silovekstar90 15381 98590 07894 25795 106108 558110 50795 82090 72999 648112 783122 053105 190102 117119 319119 761
    Grønsaker på friland94 36481 15784 33482 99482 45383 65784 17980 92682 90776 76875 64570 78271 24868 68371 22072 271
    Jordbær8 6268 9149 40511 10112 38913 33714 16114 65715 45616 35216 78515 65415 12714 38513 90714 660
    Andre vekstar på åker og i hage161 008148 831150 411122 898128 732107 828112 701113 230121 464117 971109 765101 499107 160112 178117 660108 283
    Brakk7 5627 1767 2306 4855 2126 5735 4145 3199 27511 4049 08018 96611 85910 19610 7789 780
    Eng til slått og beite6 538 4406 541 2416 545 2796 550 2166 588 6886 615 9046 587 1116 532 8216 504 9566 557 9046 541 7046 520 9386 494 3756 513 1396 523 8726 576 515
    Fulldyrka eng4 782 7664 774 6744 774 7034 776 7664 805 6994 824 8294 787 1364 726 7674 749 9284 799 1764 785 3704 757 0494 729 0294 747 5894 765 4794 828 451
    Anna eng og beite1 755 6741 766 5671 770 5761 773 4501 782 9891 791 0751 799 9751 806 0541 755 0281 758 7281 756 3341 763 8891 765 3461 765 5501 758 3931 748 064
    Overflatedyrka eng212 896212 264210 347208 684206 124200 423199 714195 037195 171197 670198 514199 525201 281200 655207 036224 545
    Innmarksbeite1 542 7781 554 3031 560 2291 564 7661 576 8651 590 6521 600 2611 611 0171 559 8571 561 0581 557 8201 564 3641 564 0651 564 8951 551 3571 523 519
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken gir oversikt over talet på jordbruksbedrifter, storleiken på bedriftene, driftsform og produksjonsgrunnlaget i form av jordbruksareal og husdyr som blir disponert.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 29. november 2023.

Jordbruksbedrift

Verksemd med jordbruksdrift, medrekna hagebruk og husdyrhald. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar. Jordbruksbedrifta er uavhengig av kommunegrenser. Ei jordbruksbedrift skal ha driftssenter på ein landbrukseigedom.

Brukar

Den som er ansvarleg for drifta av ei jordbruksbedrift. I Verksemd- og føretaksregisteret er personlege brukarar registrerte som innehavarar av einskildpersonføretak. Andre brukarar av jordbruksbedrifter er til dømes ansvarleg selskap, aksjeselskap, stiftelse, stat, kommune osv.

Brukar blir ofte inndelt i personleg brukar og upersonleg brukar. Personleg brukar omfattar innehavarar av einskildpersonføretak, og desse blir òg fordelte etter kjønn. Om lag 95 prosent av jordbruksbedriftene har personleg brukar. Upersonleg brukar omfattar alle andre organisasjonsformer.

Jordbruksareal

Jordbruksareal er summen av fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Fulldyrka jord

Jordbruksareal som er rydda til vanleg pløyedjupn og som kan nyttast til åkervekstar eller til eng som kan fornyast ved pløying.

Overflatedyrka jord

Jordbruksareal som for det meste er rydda og jamna i overflata, slik at maskinell hausting er mogleg.

Innmarksbeite

Jordbruksareal som kan nyttast til beite, men som ikkje kan haustast maskinelt. Minst 50 prosent av arealet skal vere dekt av grasartar eller urter som toler beiting.

Jordbruksareal i drift

Jordbruksareal som blir hausta minst ein gong i løpet av eit år, medrekna tilsådd eller planta areal av fleirårige vekstar som enno ikkje gir avling. Areal av open åker der det ikkje blir tatt avling i løpet av året, men som er tenkt hausta neste år (eittårig brakk) reknast òg med.

Driftsform og standard omsetning

Klassifisering av jordbruksbedriftene etter driftsform er ei inndeling som er felles for alle EU- og EØS-landa. Driftsforma til ei jordbruksbedrift blir fastsett ut frå delen som dei ulike plante- og husdyrproduksjonane utgjer av den totale produksjonen til bedrifta. Driftsforminndelinga til og med 2009 brukte standard dekningsbidrag (SDB) som felles mål for storleiken til dei ulike plante- og husdyr­produksjonane. Frå og med 2010 er SDB erstatta med standard omsetning (SO) som felles måleeining. Samstundes blei det gjort nokre mindre metodeendringar. Driftsforminndelinga frå og med 2010 er difor ikkje fullt ut samanliknbar med tidlegare inndelingar.

Standard omsetning (SO) for ein plante- eller husdyrproduksjon er verdien av produksjonen basert på produsentpris. SO er eksklusive direkte tilskott, meirverdiavgift og skattar/avgifter. SO-faktorane blir berekna på regionalt nivå per dekar og per dyr for aktuelle plante- og husdyrproduksjonar. Vidare blir SO-faktorane berekna som ein gjennomsnittleg verdi per år for ein referanseperiode på 5 år.

Total standard omsetning for ei jordbruksbedrift er summen av SO-faktorane per dekar/husdyr multiplisert med talet på dekar/hus­dyr for alle plante- og husdyrproduksjonar på bedrifta.

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr

Foreløpig ikkje fastsett

426 Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Fylke, kommune

Årleg.

SSB rapporter til følgjande internasjonale organisasjonar:

  • EUs statistikkontor (Eurostat)
  • FAO

SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.

SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.

Føremålet er å skaffe fram opplysningar om talet på jordbruksbedrifter, storleiken på bedriftene og driftsform samt produksjonsgrunnlaget i form av jordbruksareal og husdyr som bedriftene disponerer.

Frå 1907 er det halde fullstendige jordbruks- eller landbruksteljingar om lag kvart tiande år, med teljinga i 2010 som den siste. Etter 1999 har Statistisk sentralbyrå etablert ein årleg totalpopulasjon av jordbruksbedrifter. Grunnlaget for populasjonen er aktive jordbruksbedrifter i Landbruksregisteret, og gjennom koplingar mot andre administrative register (søknadar om produksjonstilskott i jordbruket, Leveranseregisteret for korn og oljevekstar, Leveranseregisteret for slakt o.a.) blir det henta inn opplysningar om bruken av jordbruksarealet, husdyrhaldet og produksjonen i jordbruksbedriftene. Til saman dannar desse opplysningane grunnlag for utarbeiding av den årlege statistikken om strukturen i jordbruket.

Hovudbrukarar er landbruksforvaltninga og næringsorganisasjonane i jordbruket, mellom anna i regi av Budsjettnemnda for jordbruket.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Landbruksdirektoratet publiserer statistikk basert berre på søknadar om produksjonstilskott i jordbruket. Statistisk sentralbyrå sin statistikk inneheld i tillegg eit mindre tal jordbruksbedrifter som ikkje søker tilskott. Dei seinare åra har dette tillegget utgjort i underkant av ein prosent av totalt tal jordbruksbedrifter.

Europaparlaments- og rådsforordning nr. 1166/2008.

Statistikken omfattar alle aktive jordbruksbedrifter. Som aktive jordbruksbedrifter inngår alle søkarar av produksjonstilskott samt eit mindre tal bedrifter som ikkje søker tilskott, men som fyller visse vilkår med omsyn til plante- og/eller husdyrproduksjon.

Søkjarar av produksjonstilskott utgjer mesteparten av einingane som høyrer med i den årlege totalpopulasjonen av jordbruksbedrifter. Bedrifter som ikkje søker produksjonstilskott blir identifisert ved å kombinere ei rekkje andre datakjelder, både kjelder internt i Statistisk sentralbyrå og register som SSB mottar frå andre:

  • Verksemd- og føretaksregisteret (Statistisk sentralbyrå)
  • Leveranseregisteret for korn- og oljevekstar (Landbruksdirektoratet)
  • Leveranseregisteret for slakt (Landbruksdirektoratet)
  • Storferegisteret (Mattilsynet)

Statistikken byggjer på koplingar av datafiler som kvar for seg har blitt kontrollert ved etablering.

I underkant av ein prosent av jordbruksbedriftene søker ikkje om produksjonstilskott. For ein del av desse einingane er jordbruksareal og tal husdyr berekna utifrå tilgjengelege opplysningar om mellom anna leveransar av korn og slakt.

Ikkje relevant

Tilsette i SSB har teieplikt.

SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.

SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.

Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.

Statistikken kan stort sett samanliknast med tal frå dei tidlegare fullstendige teljingane. I teljingane før 1999 var teljedatoen for det meste 20. juni. For åra 1999 - 2016 var teljedatoen 31. juli med unntak for sau. Frå 2017 er teljedatoen 1. oktober.

Teljingane til og med 1979 omfatta all dyrking av nyttevekstar og alt husdyrhald utan omsyn til omfanget. I publikasjonane frå dei tidlegare teljingane er likevel mange av tabellane avgrensa til å gjelde einingar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift. Nesten all jordbruksdrift drive som næring fann stad på desse einingane, medan einingar under 5 dekar i det alt vesentlege representerte hobbyprega produksjon for eige hushald.

Frå 1989 til 1999 auka talet på samdrifter med mjølkeproduksjon på ku eller geit mykje. Ved søknad om produksjonstilskott blei desse einingane registrerte utan jordbruksareal i drift. Areal nytta til fôrproduksjon for samdriftene blei i staden registrert på jordbruksbedriftene til dei som var med i samdrifta. Dersom tala frå og med 1999 berre skulle omfatte einingar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift, ville ein monaleg produksjon i mjølkesamdrifter og veksthusgartneri blitt utelate. Tabellane frå og med 1999 omfattar difor einingar med mindre enn 5 dekar jordbruksareal i drift så sant produksjonen har eit visst omfang.

I teljingar før 1999 har jordbruksbedrifta vore avgrensa til det som blei drive som ei eining innanfor same kommune. Frå og med 1999 er jordbruksbedrifta uavhengig av kommunegrenser. I statistikken blir da alt eigd eller leigd jordbruksareal bedrifta disponerer rekna med i den kommunen der driftssenteret ligg. Aukande jordleige gjer at dette kan gi monaleg utslag i jordbruksarealet for nokre kommunar.

I 2009 blei det innført produksjonstilskott for jordbruksbedrifter med minst 25 bikubar i produksjon. Dette førte til ein tilgang på om lag 300 bedrifter med berre slik produksjon.

Jordbruksareal og vekstar
I tidlegare teljingar til og med 1989 blei plen og prydhage på jordbruksbedriftene rekna med i jordbruksarealet. Til dømes utgjorde plen og prydhage om lag 46 000 dekar i Landbruksteljing 1989. I Jordbruksteljing 1999 og seinare er jordbruksarealet eksklusive plen og prydhage.

På 1990-talet blei det mogeleg å få tilskott for ugjødsla, inngjerda beiteareal, såkalla innmarksbeite. Tidlegare var det krav om gjødsling, og arealet blei då kalla gjødsla beite. I tidlegare teljingar har gjødsla beite vore ein del av natureng og overflatedyrka eng. Innføring av innmarksbeite har ført til at noko nytt areal har blitt definert som jordbruksareal. Endringa har òg ført til at mykje av arealet som tidlegare blei registrert som natureng og overflatedyrka eng no blir rekna som innmarksbeite. Frå 1989 til 1999 auka det registrerte arealet med overflatedyrka eng og innmarksbeite med til saman 418 000 dekar. Ei vesentleg årsak til den etter måten store auken er blant anna auka arealtilskott og krav om spreieareal for husdyrgjødsel. Det har gjort det lønsamt for brukarane å nytte mykje areal og å ta med alt areal i tilskottssøknaden.

Vidare skal ein merke seg at areala frå og med 1999 i hovudsak er gitt i dekar utan desimal. I tidlegare teljingar blei areala gitt i dekar med éin desimal. Vekstar med areal under eitt dekar er derfor i liten grad talt i 1999 og seinare. Størst utslag gir dette for potet, grønsaker på friland, frukt og bær, og særleg for tal jordbruksbedrifter med vedkomande vekst. Areal i veksthus er til og med 2016 gitt i m2. Frå 2017 blir veksthusarealet gitt i dekar utan desimal.

Jordbruksarealet i drift nådde ein topp i 2001, med 10,47 millionar dekar. Frå 2005 til 2013 blei det registrerte jordbruksarealet (inkl. areal ute av drift) redusert med 4,7 prosent. Tal frå Landbruksdirektoratet syner at innføring av nytt digitalt kartverk i same perioden ga ein reduksjon på om lag 3,3 prosent i jordbruksarealet. Reduksjonen kan skuldast meir nøyaktige målingar eller at tidlegare nedgang ikkje har blitt fanga opp før det nye kartgrunnlaget blei tatt i bruk. Arealnedgangen utanom nytt kartverk har vore om lag 1,4 prosent i same perioden.

Husdyr
For åra 1999 - 2016 gjeld husdyrtala per 31. juli, unntatt for sau der teljedatoen var 1. juni eller ved beiteslepp. Teljedatoen i dei tidlegare teljingane har for det meste vore 20. juni. Ei forskyving av teljedatoen med 1 - 2 månader har neppe stor innverknad på dyretalet. Truleg har tilpassing av dyretalet til teljedatoen for produksjonstilskott meir å seie. Frå og med 2017 er teljedatoen 1. oktober for dei fleste dyreslaga.

Viktigaste feilkjelda er knytt til utfyllinga av søknadar om produksjonstilskott i jordbruket. Mange av feila blir oppdaga og retta opp av den lokale landbruksforvaltninga, men feil som ikkje påverkar utbetalinga av tilskott kan bli ignorert. Tidlegare kunne det òg oppstå feil da tilskottssøknadane blei registrerte elektronisk, sjølv om det blei gjennomført kontrollar i samband med registreringa.

For jordbruksbedrifter som ikkje søker produksjonstilskott, byggjer statistikken på mange ulike register og datakjelder og desse har ulike tidspunkt for oppdatering. Registera kan òg innehalde feil og manglar. Det kan påverke berekningane av til dømes kornareal og talet på dyr utifrå leveransar av korn og slakt.

Det kan vere vanskeleg å avgjere om jordbruksbedrifter som ikkje søker produksjonstilskott er i drift på teljedatoen (31. juli t.o.m. 2016, 1. oktober f.o.m. 2017), eller om drifta er avvikla. Ein kan heller ikkje sjå bort ifrå at nokre få jordbruksbedrifter ikkje blir fanga opp.

Statistikken blir publisert med førebelse tal, og korreksjonar for tidlegare publisert statistikk blir inkludert ved neste publisering av tal.

Kontakt