Ledige stillingar

Oppdatert: 8. november 2024

Neste oppdatering: 11. februar 2025

Endring i antall ledige stillingar (sesongjustert)
Endring i antall ledige stillingar (sesongjustert)
2. kvartal 2024 - 3. kvartal 2024
2 000
 
Ledige stillingar
Ledige stillingar
3. kvartal 2024Endring frå kvartalet før
Ledige stillingar, sesongjustert101 8002 000
Prosentdelen ledige stillingar, sesongjustert3,20,1
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Ledige stillingar, sesongjustert
    Ledige stillingar, sesongjustert1
    2. kvartal 20233. kvartal 20234. kvartal 20231. kvartal 20242. kvartal 20243. kvartal 2024Endring frå kvartalet før
    2. kvartal 2024 - 3. kvartal 2024
    01-96 I alt118 600119 000105 600116 20099 800101 8002 000
    01-03 Jordbruk, skogbruk og fiske1 5001 7001 800800800500-300
    05-09 Bergverksdrift og utvinning1 9001 8001 7001 8001 7001 8000
    10-33 Industri5 8005 5005 4005 4005 3005 200-100
    35-39 Elektrisitet, vatn og renovasjon1 1001 2001 0001 2001 1001 100-100
    41-43 Byggje- og anleggsverksemd10 60010 0007 3009 7006 7007 100400
    45-47 Varehandel, motorvognreparasjonar16 90014 70012 60012 50011 10011 500400
    49-53 Transport og lagring4 9004 4005 2007 1003 7004 400700
    55-56 Overnattings- og serveringsverksemd7 0007 3006 4006 9004 3005 5001 200
    58-63 Informasjon og kommunikasjon6 6004 9005 0004 2004 3004 700500
    64-66 Finansierings- og forsikringsverksemd1 1001 5001 2001 1001 3001 3000
    68 Omsetning og drift av fast eigedom1 2009001 1001 400700600-100
    69-75 Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting7 5009 2006 2005 1005 1008 2003 100
    77-82 Forretningsmessig tenesteyting9 80011 4007 1008 5007 9007 000-900
    84 Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting5 4005 4004 5007 5005 9005 9000
    85 Undervisning5 7006 9007 3006 3005 9006 300500
    86 Helsetenester8 0007 5008 90012 7009 3008 200-1 100
    87 Pleie- og omsorgstenester i institusjon11 00013 20012 20011 20012 70013 200400
    88 Sosiale omsorgstenester utan butilbod8 0007 6007 0006 7008 4006 500-1 900
    90-93 Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar2 0001 6001 6005 0002 1001 100-1 000
    94-96 Anna tenesteyting2 4002 2002 0001 2001 6001 700100
    1Runda av til næraste 100
    Standardteikn i tabellar
  • Prosent ledige stillingar, sesongjustert, etter næring. Ledige stillingar i prosent av talet på stillingar (ledige stillingar og arbeidstakarforhold) i kvar gruppe
    Prosent ledige stillingar, sesongjustert, etter næring. Ledige stillingar i prosent av talet på stillingar (ledige stillingar og arbeidstakarforhold) i kvar gruppe
    2. kvartal 20233. kvartal 20234. kvartal 20231. kvartal 20242. kvartal 20243. kvartal 2024Endring i prosentpoeng frå kvartalet før1
    2. kvartal 2024 - 3. kvartal 2024
    01-96 I alt3,73,83,33,63,13,20,1
    01-03 Jordbruk, skogbruk og fiske3,74,04,31,81,91,3-0,6
    05-09 Bergverksdrift og utvinning2,72,72,52,62,52,50,0
    10-33 Industri2,62,52,42,42,32,30,0
    35-39 Elektrisitet, vatn og renovasjon3,03,12,73,12,92,7-0,2
    41-43 Byggje- og anleggsverksemd4,03,72,83,72,62,70,2
    45-47 Varehandel, motorvognreparasjonar4,23,73,23,12,82,90,1
    49-53 Transport og lagring3,32,93,54,62,42,90,4
    55-56 Overnattings- og serveringsverksemd5,15,34,74,93,14,00,8
    58-63 Informasjon og kommunikasjon5,44,04,13,53,53,90,4
    64-66 Finansierings- og forsikringsverksemd2,12,82,32,12,32,3-0,1
    68 Omsetning og drift av fast eigedom4,13,03,54,42,32,0-0,3
    69-75 Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting4,55,43,73,13,04,81,7
    77-82 Forretningsmessig tenesteyting5,76,74,35,04,74,1-0,6
    84 Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting2,72,72,33,72,92,90,0
    85 Undervisning2,22,62,72,42,22,40,2
    86 Helsetenester2,82,73,14,43,32,9-0,4
    87 Pleie- og omsorgstenester i institusjon5,46,45,85,36,06,20,2
    88 Sosiale omsorgstenester utan butilbod3,63,53,13,03,72,9-0,8
    90-93 Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar3,02,52,57,13,11,6-1,5
    94-96 Anna tenesteyting4,44,03,72,32,93,20,2
    1Avvik kan oppstå på grunn av avrunding
    Standardteikn i tabellar
  • Ledige stillingar, ikkje-sesongjustert, etter næring
    Ledige stillingar, ikkje-sesongjustert, etter næring1
    ÅrsgjennomsnittKvartalstallEndring siste år2
    202220232. kvartal 20233. kvartal 20234. kvartal 20231. kvartal 20242. kvartal 20243. kvartal 20243. kvartal 2023 - 3. kvartal 2024
    01-96 I alt106 800118 100128 100110 30098 000123 200107 60094 400-15 900
    01-03 Jordbruk, skogbruk og fiske9001 6001 2001 5001 9001 000600500-1 100
    05-09 Bergverksdrift og utvinning1 8001 8001 8001 8001 7001 8001 7001 8000
    10-33 Industri5 2005 6006 1005 2004 9005 8005 6004 900-300
    35-39 Elektrisitet, vatn og renovasjon1 0001 1001 2001 2001 0001 2001 2001 000-100
    41-43 Byggje- og anleggsverksemd8 0009 30011 1009 4007 00010 2006 9006 700-2 700
    45-47 Varehandel, motorvognreparasjonar11 60016 10019 00012 40011 00014 70012 3009 600-2 800
    49-53 Transport og lagring3 8004 9005 5003 9004 3008 4004 0003 8000
    55-56 Overnattings- og serveringsverksemd7 2007 1008 2007 0005 1007 4005 0005 300-1 700
    58-63 Informasjon og kommunikasjon6 1005 9006 6005 0004 8004 4004 2004 800-200
    64-66 Finansierings- og forsikringsverksemd1 4001 3001 2001 4001 2001 1001 4001 200-200
    68 Omsetning og drift av fast eigedom1 0001 0001 2009001 1001 400700600-300
    69-75 Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting7 6008 2007 5009 2006 2005 1005 1008 200-1 000
    77-82 Forretningsmessig tenesteyting11 50010 00010 60010 1006 4009 7008 5006 100-4 000
    84 Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting5 1005 4005 5005 0004 5007 9006 0005 400400
    85 Undervisning6 0006 4008 6004 6005 5006 7008 8004 300-300
    86 Helsetenester8 6008 8008 0007 5008 90012 7009 3008 200700
    87 Pleie- og omsorgstenester i institusjon9 80011 60011 00013 20012 20011 20012 70013 2000
    88 Sosiale omsorgstenester utan butilbod6 4007 6009 2007 1006 6006 3009 6006 000-1 100
    90-93 Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar1 4002 4002 0001 6001 6005 0002 1001 100-500
    94-96 Anna tenesteyting2 5002 2002 4002 2002 0001 2001 6001 700-500
    1Runda av til næraste 100
    2Avvik kan oppstå på grunn av avrunding
    Standardteikn i tabellar
  • Prosent ledige stillingar, ikkje-sesongjustert, etter næring. Ledige stillingar i prosent av talet på stillingar (ledige stillingar og arbeidstakarforhold) i kvar gruppe
    Prosent ledige stillingar, ikkje-sesongjustert, etter næring. Ledige stillingar i prosent av talet på stillingar (ledige stillingar og arbeidstakarforhold) i kvar gruppe
    ÅrsgjennomsnittKvartalstallEndring i prosentpoeng siste år1
    202220232. kvartal 20233. kvartal 20234. kvartal 20231. kvartal 20242. kvartal 20243. kvartal 20243. kvartal 2023 - 3. kvartal 2024
    01-96 I alt3,43,74,03,53,13,93,42,9-0,5
    01-03 Jordbruk, skogbruk og fiske2,33,73,03,24,32,61,51,0-2,2
    05-09 Bergverksdrift og utvinning2,82,62,72,62,52,62,52,5-0,1
    10-33 Industri2,32,52,82,32,22,62,52,1-0,2
    35-39 Elektrisitet, vatn og renovasjon2,62,93,22,92,63,23,12,5-0,4
    41-43 Byggje- og anleggsverksemd3,03,54,23,52,63,92,72,6-0,9
    45-47 Varehandel, motorvognreparasjonar2,94,04,73,02,83,73,12,4-0,7
    49-53 Transport og lagring2,73,33,72,52,95,52,72,4-0,1
    55-56 Overnattings- og serveringsverksemd5,45,16,04,63,85,73,63,5-1,2
    58-63 Informasjon og kommunikasjon5,14,85,44,13,93,63,53,9-0,1
    64-66 Finansierings- og forsikringsverksemd2,72,52,32,62,32,12,62,1-0,5
    68 Omsetning og drift av fast eigedom3,23,44,12,93,54,52,31,9-1,0
    69-75 Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting4,74,84,55,43,63,13,04,8-0,6
    77-82 Forretningsmessig tenesteyting6,55,86,25,83,85,95,13,5-2,3
    84 Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting2,62,72,82,52,33,93,02,70,2
    85 Undervisning2,32,43,11,92,02,53,21,8-0,1
    86 Helsetenester3,23,12,92,73,14,43,32,80,2
    87 Pleie- og omsorgstenester i institusjon4,95,65,56,15,95,56,15,9-0,2
    88 Sosiale omsorgstenester utan butilbod2,93,44,13,32,92,84,22,7-0,6
    90-93 Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar2,23,63,02,42,57,23,11,6-0,8
    94-96 Anna tenesteyting4,64,04,34,03,72,32,93,2-0,9
    1Avvik kan oppstå på grunn av avrunding
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken viser kor mange ledige stillingar det var på eit referansetidspunkt kvart kvartal, og talet på ledige stillingar i prosent av alle stillingar. Statistikken blir gitt for heile landet sett under eitt, og er delt opp etter 20 næringsgrupper.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 12. november 2024.

Ledige stillingar

Det viktigaste aspektet ved definisjonen av ledig stilling er at stillinga må vere utlyst, formelt eller uformelt, slik at eksterne skal kunne søkje på ho. Formelle utlysingar vil til dømes vere annonsering i aviser, på internett, registrering hos NAV eller rekrutteringsfirma. Uformelle utlysingar vil vere til dømes oppslag i butikkvindauge eller oppslagstavler eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som utelukkande er ope for interne søkarar (internt i føretaket, organisasjonen eller konsernet) reknast ikkje som ledige etter denne definisjonen. Stillingen må vere betalt.

Vi skil ikkje mellom deltids- og heiltidsstillingar, slik at ein ledig deltidsstilling vert talt som éi ledig stilling. Vi skil ikkje mellom ledige stillingar som er nyoppretta (ledige stillingar der ingen er tilsette) og stillingar som er utlyste for å erstatte ein person som skal ut i permisjon eller slutte (ledige stillingar der nokon er tilsette).

Tidsaspektet er også viktig for å definere ledige stillingar. Gitt definisjonen ovafor er ei stilling ledig frå det tidspunktet at kunnskapen om at ho er ledig er gjort tilgjengeleg for nokre eksterne. Ei ledig stilling er difor ikkje ledig om det berre er teken ein intern avgjerd om å tilsette ein ny person utan at det er gjort kjent for eksterne på eit eller anna vis. Vidare er stillinga ledig inntil det tidspunktet ein kandidat er tilsett (definert heilt presist som det tidspunktet der arbeidskontrakt er underskriven) eller inntil det tidspunktet der ein av ein eller annan grunn har teke ei avgjerd om likevel ikkje å tilsette nokre nye.

Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillinger på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet.

Sjå variabeldefinisjon i SSBs metadata (Ledige stillingar).

Del av ledige stillingar

Del av ledige stillingar er ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av stillingar med tilsette og ledige stillingar. Vi nyttar omgrepet stillingar med tilsette i samsvar med talet på arbeidstakarforhold slik dette kjem fram i registra.

Det er eit brot i variabelen prosentdel av ledige stillingar mellom 4. kvartal 2014 og 1. kvartal 2015. Dette er forklart i avsnittet nedanfor.

Sjå variabeldefinisjon i SSBs metadata (Del av ledige stillingar).

Arbeidstakarforhold

Fram til 2015 henta vi opplysningar om talet på arbeidstakarforhold frå NAV sitt Aa-register(via BoF). Arbeidsgjevarar plikta å registrere sine tilsette i dette registeret om det var slik at arbeidsforholdet skulle vare i minst sju dagar og arbeidstida truleg ville vere i gjennomsnitt minst fire timar per veke. Frå 1. kvartal 2015 har vi henta opplysningar om talet på arbeidstakarforhold frå a-meldinga. Rapportering av løns- og tilsettingsforhold til Skatteetaten, NAV og Statistisk sentralbyrå (SSB) er samla i a-meldinga og skal verte sendt inn kvar månad av alle som betalar ut løn, pensjon og andre ytingar. I a-ordninga fangar vi opp arbeidstakarforhold som ikkje blei fanga opp av Aa-registeret mellom anna fordi tidsavgrensinga er tatt bort. Disse kvalitetsforbetringane gjer at ein får inn fleire arbeidstakarforhold enn ein gjorde i Aa-registeret. Det er difor eit brot i talet på arbeidstakarforhold mellom 4. kvartal 2014 og 1. kvartal 2015. Desse blir ikkje publisert i denne statistikken, men dei inngår i nevneren til prosentdelen ledige stillingar. Dette betyr at det er eit brot i prosentdelen av ledige stillingar mellom 4. kvartal 2014 og 1. kvartal 2015.

Sjå variabeldefinisjon i SSBs metadata (Arbeidsforhold).

Referanseperiode

Referanseperioden for alle omgrepa er sett til utgangen av midtarste månad i kvartalet. Vi reknar at denne referanseperioden er representativ for resten av kvartalet. Vi gjennomfører datainnsamlinga for kvart kvartal rundt denne perioden, og vi refererar til denne tidsperioden i spørsmålsformuleringa om ledige stillingar. Omgrepa talet på arbeidstakarforhold og næring vert henta frå tilrettelagde tal frå a-ordninga.

Namn: Ledige stillingar
Emne: Arbeid og lønn

11. februar 2025

Seksjon for arbeidsmarkeds- og lønnsstatistikk

Det vert gitt tal for heile landet sett under eitt.

Kvartalsvis statistikk. Tala blir publisert 6-9 veker etter utløpet av kvartalet. Oversikt over datoar for publiseringar for de næraste 4 månadene finnast i statistikkalenderen.

Statistikken vert rapportert til Eurostat etter EU si Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr 453/2008.

SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.

SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.

Statistikken over ledige stillingar skal kaste lys over utviklinga av og nivået på etterspurnaden etter arbeidskraft totalt sett og fordelt etter næring. Dette gir kunnskap om utviklinga av arbeidsmarknaden og økonomien meir generelt. Statistikken skal også kunne vere samanliknbar med tilsvarande statistikk i andre europeiske land som er omfatta av EU- forordninga nemnt over.

Undersøkinga vart starta opp 1. kvartal 2010, med fyrste publisering i 2011.

Viktige brukarar er styresmaktene, forskarar, media, partane i arbeidslivet, bedrifter og internasjonale organisasjonar.

Data om ledige stillingar brote ned etter næring kan nyttast til å overvake og analysere strukturelle ubalansar i arbeidsmarknaden.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

NAV lagar statistikk over ledige stillingar for kvar månad, men statistikken har ikkje det omfang og den avgrensing av ledig stilling som ligg i EU-forordninga nemnt over. NAV sin statistikk over ledige stillingar omfattar ledige stillingar som anten vert meldt til NAV-kontora som oppdrag, registrert av arbeidsgjevar på nav.no eller som er offentliggjorte i media (avisar, tidsskrift o.l.). NAV sin statistikk dekkjer dermed ikkje uformelle utlysningar eller ledige stillingar som utelukkande vert lyste ut på anna sett enn ved metodane nemnt ovanfor (til dømes utlysningar på eigne heimesider på internett). Sidan denne typen utlysningar er svært vanleg, spesielt i visse næringar, får Statistisk sentralbyrå høgare tal for talet på ledige stillingar enn det NAV får. Dette kjem framfor alt av at definisjonane er ulike.

Det er mogleg å samanlikne denne statistikken med NAV sin statistikk over ledige stillingar som kjem kvar månad, men ein må sjølvsagt vere merksam på at definisjonane er ulike. Ei samanlikning med NAV sine behaldningstal vil vise at SSB sine tal ligg monaleg over NAV sine. I perioden 1. kvartal 2010 - 4. kvartal 2014 utgjorde NAV sine tal i gjennomsnitt 30 prosent av talene frå SSB si undersøking om ledige stillingar.

Statistikken inngår i nasjonalt program for offisiell statistikk, hovudområde Arbeid og løn, delområde Arbeidsløyse og ledige stillingar.

Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).

Europaparlaments- og Rådsforordning (EF) nr. 453/2008 av 23. april 2008 om kvartalsvis statistikk over ledige stillingar i Fellesskapet.

Statistikken omfattar bedrifter (med tilsette) i alle næringar sett bort frå næringshovudområda 97 (arbeid med løn i private hushald) og 99 (internasjonale organisasjonar).

Statistikken over ledige stillingar baserer seg på data rapportert av eit utval bedrifter.

Eit stratifisert tilfeldig utval av omtrent 8000 bedrifter vert trekt frå Bedrifts- og føretaksregisteret (BoF). Bedriftene vert delt inn i grupper/strata etter næring og storleik. Alle bedriftene i populasjonen som skal kunne bli trekt ut vert delt inn i 4 grupper avhengig av talet på tilsette i bedrifta. Stratuma etter næring er kvar 5-siffer kode i Standard for næringskoding, SN2007. Dette sikrar god representasjon i alle næringar og blant store og små bedrifter.

Innafor kvar av dei 4 gruppene etter storleik har vi danna 35 næringsblokker, slik at det gjer 140 grupper. Grunna få bedrifter i nokre av næringsblokkane har vi valt å slå saman nokre av gruppene, og vi står då igjen med 124 grupper. Innafor kvar av desse gruppene er det for alle bedriftene like sannsynleg at dei vert trekte ut.

Kor sannsynleg det er at ei bedrift vert trekt ut varierer mellom næringsblokkene, og aukar med talet på tilsette i bedrifta. Bedrifter med færre enn 5 tilsette utgjer eigne gruppar, og vert ikkje trekte ut, medan alle store bedrifter vert trekte ut. For ein del næringsblokker er grensa for at vi trekk med alle bedriftene fleire enn 100 tilsette, medan grensa er fleire enn 250 tilsette i andre næringsblokker. I nokre få næringar vil alle bedrifter vere med i undersøkinga. På dette viset sender vi ut skjema til nesten 2 prosent av bedriftene, men dei tilsette i disse bedriftene utgjer over 25 prosent av det totale talet på tilsette i populasjonen.

Dei største bedriftene må vere med heile tida, medan dei andre er med i 2 år av gangen. Ein gong per år oppdaterer vi difor nesten halve utvalet.

Utvalstrekkinga er samordna med fleire andre utval i SSB for å gi en jamnare fordeling av oppgåvebyrda til bedriftene.

SSB sender ut brev om at spørjeskjema er klart i Altinn den fyrste veka etter den midtarste månaden i kvart kvartal. Dette brevet vert sendt til bedriftene. Vedtaksbrev om at føretaket er trekt ut til å vere med i undersøkinga er tidlegare sendt til føretaka. Svarfristen er satt til omtrent 3 veker.

Omtrent 99 prosent av bedriftene svarer på undersøkinga gjennom Altinn. Her får respondenten ein åtvaring om talet for ledige stillingar som vert rapportert inn, er svært høgt eller svært lågt i høve til talet på tilsette i bedrifta. En del feilrapportering som følgje av tastefeil vert unngått på dette viset.

Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data. Alle svara vert lagt inn i eit editeringssystem der kontrollen slår ut om talet på ledige stillingar som vert rapportert inn er svært høgt eller svært lågt i høve til talet på tilsette i bedrifta. Vi kontaktar desse bedriftene per e-post eller telefon og ber dei om å stadfeste det innrapporterte talet. Slik unngår vi ein del feilrapportering frå bedrifter i føretak som har fleire underliggande bedrifter og som difor kan misforstå kva for eit nivå dei skal rapportere på.

Ved estimeringa av ledige stillingar er det rutinar for å undersøkje enda nærare bedrifter med ekstremverdiar. Resultatet av disse vurderingane kan vere å halde dei innrapporterte data frå desse bedriftene utanfor estimeringa.

Estimeringa av ledige stillingar byggjer på at kvar bedrift i utvalet reknast for å representere fleire bedrifter, slik at vi kan rekne ut talet på ledige stillingar for heile populasjonen av bedrifter. I estimeringa nyttar vi registerinformasjon om tal på arbeidstakarforhold og næring for kvar bedrift i heile populasjonen. Talet på arbeidstakarforhold hentar vi frå a-meldinga. Opplysninga om talet på arbeidstakarforhold byggjer difor på føretakas eigne rapporteringar til a-meldinga.

For å blåse utvalsdata om ledige stillingar opp til populasjonsnivå, det vil si til å gjelde alle bedrifter i dei aktuelle næringane i Noreg, nyttar vi ein stratifisert modellbasert rateestimator, så dokumentasjon av modellen her: statisticsnorway/ssb-statstruk: Model estimation for business surveys (github.com). I den stratifiserte ratemodellen antek vi at variabelen tal på arbeidstakarforhold i bedrifta (x) bidreg til å forklåre variabelen tal på ledige stillingar ved bedrifta (y) og at samanhengen mellom dei to variablane er tilnærma lineær innanfor kvart stratum. På bakgrunn av utvalsdataa (talet på arbeidstakarforhold og rapportert tal på ledige stillingar) estimerar vi samanhengen, representert ved stigningstalet β, mellom talet arbeidstakarforhold og talet på ledige stillingar. Samanhengen β vert estimert med vekta minste kvadraters metode i kvart enkelt nærings- og størrelsesstratum. Innanfor kvart enkelt stratum vert det totale talet på ledige stillingar (y) estimert av talet på arbeidstakarforhold (x) i det stratumet multiplisert med stigningstalet β for det stratumet, pluss eit individuelt feilledd ε:

y = βx + ε

Med stratum meiner vi her ei gruppe beståande av verksemder med same næringstilhørigheit og innanfor same storleiksgruppe (4 grupper), til saman 124 slike grupper. Det er nokre av stratuma som er slått saman, grunna at det er få verksemder i utval og populasjon. Dei samanslåtte stratuma er i same hovudnæring, og det forventast derfor ikkje store endringar i estimata. Ved samanslåing av stratum håper vi på mindre problem med rateestimeringa og at stratuma blir meir stabile, og mindre påverka av enkeltverksemder.

Måten utvalet blir fordelt på stratuma heiter allokering. Måten utvalet allokerast på kan påverke usikkerheita i estimata. Ved å allokere fleire einingar i dei stratuma som har høg varians, så kan ein bidra til å redusere usikkerheita i estimata. Det er valt å allokere proporsjonalt med fast Q (helse- og sosialtjenester) og L (omsetjing av drift og fast eigedom). Ved proporsjonal allokering blir proporsjonane laga basert på populasjonstalla. Det vil seie at proporsjonar av talet på ansatte i kvart stratum. Utvalsstørrelsen til stratuma blir da berekna ved å multiplisere med total utvalsstørrelse (8000). Fordi Q er ei næring med svært mange ansatte, i tillegg til at det er ei homogen gruppe med lav varians, vel vi å setje maksimalt 800 verksemder i utvaet frå denne næringa. Motsatt hentar vi minst 300 verksemder i næring L.

Sidan dei minste bedriftene ikkje er med i undersøkinga, legg vi til grunn at samanhengen mellom talet på arbeidstakarforhold og ledige stillingar er det same i gjennomsnitt for bedrifter med 1-4 tilsette, som for bedrifter med 5-9 tilsette.

For å gjera tolkinga av endringar mellom dei siste kvartalsvise tala enklare, blir tala sesongjusterte ved bruk av X12-ARIMA.

Talet på ledige stillingar og talet på arbeidstakarforhold blir sesongjustert etter 20 næringsgrupper. Det er dermed 40 seriar som vert direkte sesongjustert. Tala på arbeidstakarforhold vert ikkje publiserte, men inngår i nemnaren i prosentdelen ledige stillingar. Sesongjusterte tal for dei to totalane får vi ved å summere dei sesongjusterte delseriane. Sesongjusterte tal vert også gitt etter 10 næringsgrupper. Fem av desse gruppene er direkte sesongjustert og inngår også i oppdelinga etter 20 næringsgrupper, medan dei fem andre er indirekte sesongjustert ved at sesongjusterte tal for dei resterande 15 næringsgruppene vert summert til fem grupper.

Vi overlèt til sesongjusteringsprogrammet å avgjere om additiv eller multiplikativ dekomponering av seriane gir best resultat, i tillegg til val av ARIMA-modell, og sesong- og trendfilter. Desse optimale vala blir vanlegvis låste for eit år av gongen. Vi lar X12-ARIMA berekne sesongkomponentane og parametrane i prekorrigerings-regresjonane på nytt kvart kvartal. Dette er beste praksis for innstillingar av sesongjusteringsprogrammet, ifølgje EUROSTAT, og blir gjort for å få lite revisjon av dei sesongjusterte tidsseriane gjennom året.

Vi lar sesongjusteringsprogrammet prekorrigere tidsseriane ved bruk av regresjonsanalyse. Vi har spesifisert høgresidevariablar for å ta omsyn til ekstreme verdiar, nivåskift og endringar i sesongmønster. Trenden og dei sesongjusterte tala på arbeidstakarforhold er òg justert for overgangen frå Aa-registeret til A-ordninga.

For meir detaljar om sesongjustering av Ledige stillingar, sjå nedanfor, under "Om sesongjustering".

Tilsette i SSB har teieplikt.

SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.

SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.

Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.

Rørlege helligdagar vil ikkje kunne verke inn på nivået på talet på ledige stillingar (1. påskedag kan til dømes ikkje hamne utanfor tidsrommet 22. mars – 25. april, slik at påsken aldri vil hamne innanfor våre referanseperiodar).

Vi samanliknar kvart kvartal med tilsvarande kvartal året/-a før. I ein del næringar kan det vere vanleg å lyse ut ledige stillingar på visse tider av året. Svært mange skolar lyser til dømes ut ledige stillingar i all hovudsak i perioden før førre skoleår sluttar. Dette gjer at det estimerte talet på ledige stillingar i utdanningsnæringen som regel er høgare i 2. kvartal enn i dei resterande kvartala. Liknande sesongvariasjon kan finne stad innanfor andre næringar, og det er difor mest korrekt å samanlikne resultata frå kvart kvartal med resultata frå tilsvarande kvartaler.

Som nemnt over skal statistikken vere samanliknbar med tilsvarande statistikk i de andre landa i EU/EØS-området. Landa er pålagte å lage statistikk over ledige stillingar etter same definisjon, nemleg slik han står skrive i EU-forordninga nemnt over.

På grunn av kvalitetsforbetringar som følgje av bytte av registergrunnlag, begynte ein i 2015 å få inn fleire arbeidstakarforhold enn tidlegare. Dette er nærare omtalt under punktet ovanfor om definisjonar. Tala på arbeidstakarforhold blir ikkje publisert i denne statistikken, men dei inngår i nemnaren til prosentdelen ledige stillingar. Dette inneberer at det er eit brot i prosentdelen av ledige stillingar mellom 4. kvartal 2014 og 1. kvartal 2015.

Det kan oppstå feil ved alle ledd av datafangsten. Respondentane kan fylle ut feil ved rapporteringa. Data som vert mottekne manuelt kan verte registrert feil. Ein kan også gjere feil i editeringa. Kontrollane nemnt over gjer at mange feil vert oppdaga og retta.

Eventuelle ulike tolkingar av omgrepet ledig stilling kan gi uriktige svar. Slike feil prøver vi å unngå ved å ha med vegleiingstekst i spørjeskjemaet, ved å ha ein eigen instruks til bruk for Statistisk sentralbyrås svarteneste og ved å la fagpersonar vere tilgjengelege for å svare på spørsmål frå respondentane om definisjonen av ledige stillingar.

Fråfall kan bidra til skeive estimat jamvel om estimeringsmetoden er relativt robust for vridingar i næringsstrukturen og endringar i storleiken på bedriftene. Av di det er oppgåveplikt knytt til undersøkinga om ledige stillingar, er fråfallet ganske lite. Ein del naturleg fråfall vil ikkje vere til å unngå, til dømes som følgje av opphørte bedrifter. I løpet av heile 2014 forsvann i underkant av 500 bedrifter frå utvalet, i all hovudsak som følgje av naturlig fråfall. I perioden 2011 til 2014 har brutto svarprosent (med det opphavleg trekte utvalet i nemnaren) lege på mellom 91 og 96 prosent, medan netto svarprosent har lege på mellom 95 og 99 prosent.

Alle utvalsundersøkingar har ein viss usikkerheit. Usikkerheiten som er knytt til estimatet vert målt ved eit estimert standardavvik. Om standardavviket var kjent, kunne ein finne eit intervall der den sanne verdien (den verdien ein ville ha fått om ein hadde hatt totalteljing i staden for ein utvalsundersøking) med ein bestemt sannsynlegheit vil vere. Dette intervallet vert kalla konfidensintervallet. Kallar vi den estimerte verdien M og standardavviket s, vil til dømes intervallet med grensene M ±2S med 95 prosent sannsynlegheit innehelde den sanne verdien av estimatet. I fjerde kvartal 2014 var det estimerte talet på ledige stillingar for heile landet 52 700 og det estimerte standardavviket rundt 2 200, noko som gav eit konfidensintervall på omtrent 48 200 til 57 100 på 95-prosentsnivå.

Rateestimatoren er ikkje forventningsrett, men den er ikkje mykje skeiv sidan utvalet er stort og fråfallet relativt lite.

Sidan de minste bedriftene vert haldne utafor utvalet, er det knytt særleg usikkerheit til tala som er rekna ut for denne gruppa .

Revisjon er planlagd endring av tal som allereie er publiserte, for eksempel ved publisering av endelege tal der det tidlegare har vore publisert førebelse tal. Sjå også SSBs prinsipp for revisjon.

Revisjon i tidlegare publiserte sesongjusterte tal kan hende når nye observasjonar (eller reviderte tidlegare observasjonar) blir inkluderte i berekningsgrunnlaget. Revisjonsomfanget er som regel størst i den mest aktuelle delen (siste 1-2 år) av sesongjustert tidsserie. Tilsvarande revisjon i trend er òg normalt, særleg på slutten av tidsserien. Omfanget av revisjon i trend og sesongjusterte tal er påverka av revisjonspolicy, jamfør kapittel 4 i retningslinjene for sesongjustering for det europeiske statistikksystemet (ESS) på Eurostats nettstad (berre på engelsk). For meir informasjon om revisjon av sesongjusterte tal, sjå statistikken sin Om sesongjustering.

Ved publiseringa av 1. kvartal 2017 blei det samstundes publisert reviderte tal for perioden 2014-2016. Frå januar 2014 blei det gjort endringar i noko av datagrunnlaget for statistikken då ein gjekk frå å lage to situasjonsuttak frå Bedrifts- og foretaksregisteret (BoF) kvar månad til eitt. Før 2014 brukte vi talet på tilsette (brukt i estimeringa av ledige stillingar) frå situasjonsuttak nummer to, som refererte til midtarste månad i kvartalet. Etter endringa i 2014, då det berre var eitt situasjonsuttak, skulle vi gått over til å bruke det neste situasjonsuttaket for å sikre at talet på tilsette framleis refererte til midtarste månad i kvartalet. Det gjorde vi ikkje, noko vi retta opp i 2017 og publiserte reviderte tal for perioden 2014-2016. I tillegg gjekk vi frå 2015 (etter innføringa av a-ordninga) over til å bruke tal på tilsette direkte frå same kjelde som BoF. På den måten får vi tal på tilsette for rett månad, medan annan informasjon frå BoF blir henta ut på same tidspunkt som tidlegare.

For måneds- og kvartalstal er det ofte betydelege sesongvariasjonar som vanskeleggjer ei direkte tolking av utviklinga frå periode til periode. For å lette tolkinga av slike tidsseriar, blir mange tallseriar sesongjustert ved bruk av X12-ARIMA eller andre sesongjusteringsverktøy.

For meir generell informasjon om sesongjustering og omgrep knytta til det, sjå http://www.ssb.no/a/metadata/metode/sesongjustering.pdf

Innan fleire næringar følgjer talet på ledige stillingar og talet på tilsette mønstre som blir repetert kvart år. Dette skuldast mellom anna sesongarbeidarar og utlysing av desse stillingane, samt varierande aktivitet i løpet av året. Sesongvariasjonane vanskeleggjer ei direkte samanlikning frå eit kvartal til det neste. For å justere for dette blir tidsseriane sesongjustert.

Seriar som blir sesongjustert

Talet på ledige stillingar og talet på tilsette blir sesongjustert etter 20 næringsgrupper. Dei 20 sesongjusterte seriane blir summert opp for å få dei to sesongjusterte totalane. Talet på tilsette blir ikkje publisert, men inngår, saman med talet på ledige stillingar, i prosentdelen ledige stillingar. Prosentdelen er dermed indirekte sesongjustert. I tillegg blir det publisert sesongjusterte tal etter 10 næringsgrupper. Desse er summert opp frå dei 20 sesongjusterte seriane.

Prekorrigeringsrutinar i bruk

Prekorrigering er korrigering av rådata for kalendereffektar og ekstremverdiar før det blir gjennomført ein sesongjustering.

Det blir gjennomført ein detaljert prekorrigering av rådata. Med detaljert prekorrigering meines bruk av spesialtilpassa modellar for å prekorrigere rådata, som ikkje finnast som standard opsjonar i sesongjusteringsverktøyet.

Kalenderjustering

Det blir ikkje gjennomført nokon kalenderjustering.

Statistikken er basert på talet på ledige stillingar og talet på tilsette ved eit referansetidspunkt kvart kvartal. Kalendarjustering er då ikkje relevant.

Metode for justering for virkedagar

Det korrigerast ikkje for virkedagar.

Justering for rørlege helligdagar

Det justerast ikkje for rørlege helligdagar.

Nasjonal og EU/euroområde-kalender

Seriane har ikkje behov for kalenderjustering.

Behandling av ekstreme verdiar

Seriane kontrollerast for ekstreme verdiar, og identifiserte ekstremar blir forklart/modellert med bruk av all tilgjengeleg informasjon. Når det finnast ei klar tolking av årsaken til dei ekstreme verdiane (til dømes streik eller konsekvensar forårsaka av endringar i politikken m.m.) blir dei inkludert som regressorar i modellen.

Val av modell

For å prekorrigere er det nødvendig å velje ein ARIMA-modell, samt avgjere om data bør logtransformerast eller ikkje.

Modell veljes automatisk etter etablerte rutinar i sesongjusteringsverktøyet.

Dekomponeringsrutinar

Dekomponeringsrutinen spesifiserar korleis trend-, sesong og irregulær komponent blir dekomponert. Dei mest vanlegaste dekomponeringane er additiv, multiplikativ og log additiv.

Automatisk val av dekomponeringsrutine.

Val av sesongjusteringsmetode

X12-ARIMA

Konsistens mellom rådata og sesongjusterte tal

I enkelte seriar er det ønskelig at til dømes sum (gjennomsnitt) kvartalsvise sesongjusterte tal for et år skal være identisk med sum (gjennomsnitt) kvartalsvise tal i den opprinnelege råserien.

Ingen konsistensbetingelsar påleggjast.

Konsistens mellom aggregat/definisjonar for sesongjusterte tal

I enkelte seriar påleggjast det konsistens mellom sesongjusterte totalar og underaggregatar. I tillegg er det for enkelte tidsseriar eit forhold mellom de ulike seriane, til dømes bruttoprodukt som er lik produksjon minus produktinnsats.

Ingen konsistensbetingelsar påleggjast.

Direkte eller indirekte metode

Ein direkte metode er brukt dersom tidsseriar for ein total og tilhøyrande underaggregatar alle er sesongjustert kvar for seg. Ein indirekte metode er brukt for totalen dersom tidsseriar for dei tilhøyrande underaggregatar er sesongjustert direkte og det deretter er foretatt ein aggregering til totalnivå.

Indirekte metode brukast, der komponentane sesongjusterast direkte med same tilnærming og programvare. Totalane blir berekna ved å aggregere dei sesongjusterte komponentane.

Tidshorisont for estimering av modell og beregning av korrigeringsfaktorar

Når sesongjusteringa skal gjennomførast er det mogleg å velje kva for ein periode som skal brukast i estimeringa og berekninga av korrigeringsfaktorane. Med korrigeringsfaktorar meines faktorar for å prekorrigere og sesongjustere tidsserien.

Heile tidsserien blir brukt for å berekne modell og korrigeringsfaktorar.

Revisjonsrutinar i bruk

Sesongjusteringa kan bli endra ved at det kommer til nye observasjonar eller ved at rådata blir endra. Dette blir kalla revisjon, og det finnast fleire måtar å handtere revisjonen på i offentleggjeringa av statistikken.

Sesongjusterte data blir revidert i overensstemmelse med veldefinerte og offentleg tilgjengelege revisjonsrutinar og frigjevingskalender.

Laupande eller faste val i sesongjusteringa

Delvis laupande korrigering, der modellane og sesongfiltre kun identifiserast årleg, mens alle koeffisientar og sesongfaktorar estimerast laupanda kvar gong nye eller reviderte rådata er tilgjengelege.

Tidshorisont for publisering av reviderte tal

Heile serien blir revidert når sesongfaktorane reestimerast.

Evaluering av sesongjusterte tal

Det gjennomførast både grafiske og empiriske detaljerte analysar av parametrane og kriteriane som er spesifikt etablert for å evaluere eigenskapane til sesongjusterte tal.

Kvalitetsindikatorar

Det tas omsyn til all mogleg diagnostikk og grafiske moglegheitar som sesongjusteringsverktøyet produserar med omsyn til å etablere optimale sesongjusteringsrutinar (kun aktuelt for enkelte seriar).

Tabellen nedenfor viser enkelte indikatorar på kvalitet på sesongjusterte tal:

Kvalitetsindikatorer (Excel)

Forklaringa på indikatorane i tabellen kan finnast her: SSBs Metadata - Statistiske metodar – Sesongjustering

Sesongjustering av korte tidsseriar

Alle seriane er lange nok for å gjennomføre sesongkorrigeringsrutinar på ein optimal måte.

Behandling av vanskelege tidsseriar

Problematiske seriar blir behandla på ein spesiell måte kun når dei er relevante. Øvrige seriar blir behandla i følgje vanlege rutinar.

Tilgjengelegheit

Både rådata og sesongjusterte seriar er tilgjengelege.

Formidling

For kvar serie formidlast enkelte indikatorar som viser kvaliteten på sesongjusteringsrutinar.

Ikkje relevant

Faktasider

Kontakt

Arbeidsmarked og lønn

arbeidsmarked@ssb.no

Jan Sebastian Rothe

jan.rothe@ssb.no

91 31 99 06