Kompostering er ein form for aerob biologisk behandling, nedbryting av avfall ved hjelp av levande organismar, der nedbrytinga av avfallet skjer med tilgang på oksygen. utgjer om lag ein tredel av det Biologisk behandling omfattar kompostering og biogassbehandling. avfallet.

– Det er spesielt vegetabilskbasert avfall frå næringsmiddelindustri, husdyrgjødsel og anna industriavfall/-slam som det er kompostert meir av, seier seniorrådgjevar Camilla Skjerpen.

Mengda som gjekk til Biogassproduksjon er ein form for anaerob (utan tilgang på oksygen) nedbryting av biologisk avfall. Biogassen som oppstår består av 60 % metan og 40 % karbondioksid. har auka frå 433 000 tonn i 2022 til 471 000 tonn i 2023. Totalt blei 700 000 tonn biologisk avfall handtert ved norske biogass- og komposteringsanlegg.

Figur 1. Biologisk behandla avfall. 1 000 tonn

Denne statistikken tar berre for seg deponert, forbrent og biologisk behandla avfall. Materialgjenvinning er ikkje inkludert.

Fortsatt nedgang i avfall

Trass ei auking i biologisk behandla avfall, er det nedgang i den totale mengda avfall behandla i Noreg. I 2023 blei det behandla 7,2 millionar tonn avfall ved norske avfallsanlegg. Det er 200 000 tonn mindre enn året før. 

1,7 millionar tonn avfall blei forbrent ved avfallsforbrenningsanlegg. I tillegg blei 4,8 millionar tonn lagt på deponi, der litt over halvparten var Omfattar all avfall som ikkje reknast som farleg avfall eller lett forureina avfall. og farleg avfall, medan resten var lett forureina massar som stein og grus.

– I Noreg tar vi nytte av ein god del av avfallet, over 81 prosent av forbrent avfall blir Brenning av avfall der energi blir utnytta, til dømes til fjernvarme. Om avfall erstattar anna brensel til bruk i produksjon eller oppvarming ved bedrifta, reknast det som energiutnytta., og biologisk avfall går til produksjon av biogass og jord, seier seniorrådgjevar Camilla Skjerpen

Figur 2. Avfallsbehandling i Norge fordelt på behandlingsmåtar. 1 000 tonn

Deponert avfall

Totalt blei 4,8 millionar tonn avfall lagt på deponi i 2023, nestan 500 000 tonn mindre enn året før. Litt over halvparten var Ordinært og farleg avfall.. Den resterande parten var lett forureina massar som stein og grus

Det var nesten ein dobling i avfall og massar brukt som fyll- og/eller dekkmassar. Mengda økte frå 115 000 tonn i 2022 til 226 000 tonn i 2023. Å bruke masser og avfall som fyll eller dekkmasse er ein form for materialgjenvinning fordi ved å bruke desse slepp ein å utvinne nye materiale.

Det blei deponert 1,5 millionar tonn ordinært avfall i 2023. Desse består for det meste av betong og tegl. Noko av det er forureina med tungmetall, PCB eller andre helse- eller miljøskadelege stoff. I tillegg består dette avfallet av forbrenningsrestar som slagg, støv, botnoske og flygeoske. Dei resterande mengdene som blei deponert var 862 000 tonn farleg avfall.

Figur 3. Avfallstyper lagt på deponi. 1 000 tonn