647 milliardar kroner i samla skatteinnbetalingar

Publisert:

Hittil i år er det betalt inn 647 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er nesten 22 milliardar meir enn det som vart betalt i den same perioden i fjor. 

 

Ifølgje skatterekneskapen står dei personlege skattytarane så langt i år for 532 milliardar kroner av dei samla innbetalingane. Dei upersonlege skattytarane utanom oljeselskapa har betalt inn nærare 73 milliardar. Til saman har personlege og upersonlege skattytarar utanom oljeselskapa auka innbetalingane sine med 23 milliardar. Dei samla innbetalingane vert trekte opp av ekstra skatteinnbetalingar, som i hovudsak kom frå finansnæringa før sommaren. Som oftast er det store årlege svingingar i skatt frå denne næringa som følgje av gevinstar og tap på finansielle instrument.

Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar–september akkumulert. Prosentvis endring

2016-2017 2015-2016
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen 4.2 2.9
Finnmark Finnmárku 4.6 3.1
Troms Romsa 5.1 7.3
Nordland 5.5 4.8
Nord-Trøndelag 3.0 3.8
Sør-Trøndelag 2.3 4.3
Møre og Romsdal 1.1 -0.8
Sogn og Fjordane 3.6 3.3
Hordaland 1.9 1.0
Rogaland -5.0 1.6
Vest-Agder -3.6 2.1
Aust-Agder 4.0 3.2
Telemark 5.2 1.9
Vestfold 2.0 3.9
Buskerud 2.4 2.9
Oppland 2.7 3.2
Hedmark 2.7 4.5
Oslo 14.0 1.8
Akershus 3.5 4.9
Østfold 2.9 5.7

Innbetalingane til stats- og kommuneforvaltninga har auka med til saman 17 milliardar kroner samanlikna med den same perioden i fjor. Dette svarar til ein prosentvis auke på høvesvis 5,8 prosent og 3,8 prosent. Veksten i skatteinngangen er positiv i alle fylka utanom i Vest-Agder og Rogaland. Folketrygda har hittil i år motteke 249 milliardar kroner, noko som svarar til ein auke på 2,6 prosent jamført med i fjor.