Erfaringane tilseier at det er eit behov for eit oppslagsverk som kan brukast både til konverteringa av årsrekneskapen, men også for å syne kva filstruktur rekneskapsrapporten skal ha. Konvertering av årsrekneskapen til gyldige kodar, samt at fila har rett filstruktur er ein viktig føresetnad for å få rekneskapsrapporten godkjend i Statistisk sentralbyrå (SSB).
Vi gjer merksam på at det ikkje lenger er mogleg å rapportere inn tal på skjema 31A og 31B, men at det no berre er mogleg å sende inn filuttrekk. Rettleiing for levering og oppbygging av filuttrekk finn ein i kapitla 2, 4.1 og 4.2.
Notatet gjev ein oversikt over dei funksjonane, artane og kapitla som er gyldige for rekneskapsåret 2023. Det er også presiseringar av kva kombinasjonar av kontoklasse, funksjon og art i drifts- og/eller investeringsrekneskapen som ikkje vert godkjend. Kapittel 3.1 "Kontrollar av rekneskapsrapporten" gjev ei detaljert oversikt over krava som blir stilt til rekneskapsrapporten i innrapporteringsportalen hos SSB. Dette er for å sikra god kvalitet på statistikken.