X har ikkje vore ein prioritert kanal for SSB dei siste åra, og vi har heller ikkje oppnådd nemneverdig effekt i spreiing av statistikk og forsking gjennom kanalen. I tillegg legg vi vekt på at Datatilsynet har uttrykt bekymring for kanalens ivaretaking av personvernet.

Derfor har vi etter ei vurdering valt å samle ressursane om våre andre kanalar, ved å forlate X.

– Vi har publisert dei same sakene på X som vi legg ut på ssb.no. Å forlate kanalen vil ikkje ha konsekvensar for folks frie tilgang til statistikk og forsking frå SSB, seier kommunikasjonsdirektør Hege Turnes i Statistisk sentralbyrå.

Vi vil framleis jamleg vurdere om SSB skal vere til stades på tredjeparts formidlingsplattformer. Slike vurderingar vil alltid bli sette opp mot kvar vi når brukarane våre, ressursbruken vår og eventuelle utfordringar knytt til personvern og datasikkerheit. 

SSBs statistikk blir framleis å finne på ssb.no, Instagram og Facebook, i nyheitsbrevet vårt og gjennom dagleg statistikkformidling, nyheitsartiklar og redaksjonelle medium.

– Kva vurderingar vi gjer framover, har vi naturleg nok ikkje landa på, men det kan komme fleire endringar i framtida. Vi vil alltid søke god tilgang på tal og fakta om samfunnet for alle, og vel kva plattform vi er på med det som mål, seier Turnes.