Resultata frå tidlegare brukarundersøkingar har vore svært stabile og endra seg lite over tid. I 2021 og 2022 såg me ein liten nedgang på spørsmåla om tilfredsheit, men dette trur me kjem av endringar i spørsmåla som vart gjorde frå 2021.

Alt i alt ser me ei positiv utvikling i undersøkinga i år, samanlikna med 2022. Resultata viser at brukarane av ssb.no er fornøgde. I 2023 svarte 86 prosent av brukarane at dei er fornøgde, ein oppgang frå 81 prosent i 2022. Brukarane finn i aukande grad også det dei leitar etter. I 2023 svarte heile 92 prosent at dei fann det dei leitte etter, mot 90 prosent i 2022. Tilsvarande tal tidlegare har variert mellom 83 og 90 prosent. Me har aldri målt høgare tal enn 92 prosent i åra brukar­undersøkinga er gjennomført.

Klart flest oppgir at dei kjem til ssb.no for å finna konkrete tal. 59 prosent hadde dette som formål med besøket i 2023. Dette har tidlegare variert mellom 55 og 61 prosent.

Elles er resultata i brukarundersøkinga framleis veldig stabile. Det ser derfor ut til at SSB framleis har klart å vidareutvikla funksjonaliteten og innhaldet på nettstaden i tråd med dei stadig aukande forventningane til brukarane innanfor webkommunikasjon.