13212_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/arkpi/kvartal
13212
Ny prisindeks for arkitekttenester
statistikk
2001-05-02T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Virksomheter, foretak og regnskap
no
arkpi, Arkitekttjenester, prisindeksProdusent- og engrosprisindekser, Virksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap, Priser og prisindekser
false

Arkitekttjenester, prisindeks4. kvartal 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Ny prisindeks for arkitekttenester

Statistisk sentralbyrå har gjennom dei siste åra utvikla ein prisindeks for arkitekttenester. Indeksen er kvartalsvis og syner at frå 1. kvartal 1998 til 4. kvartal 2000 har prisen på arkitekttenester stige med 16,5 prosent.

Frå 1. kvartal 1998 til 1. kvartal 1999 auka prisen med 3,9 prosent. Auken frå 1. kvartal 1999 til 1. kvartal 2000 var på 8,1 prosent. Prisen på arkitekttenester låg i 4. kvartal 2000 om lag 5,5 prosent over prisen i same kvartal i 1999.

Eit hovudføremål med prisindeksar er å sjå dei saman med omsetningsindeksar slik at ein kan skilja ut endringar i volum. Omsetningsindeksen vert deflatert ved hjelp av prisindeksen. Framover vil vi saman med omsetningsindeksen for forretningsmessig tenesteyting også publisere ein volumindeks for arkitekttenester.

Frå 1. kvartal 1998 til 1. kvartal 2000 auka omsetninga for arkitektar med 19,6 prosent. Om vi nyttar prisindeksen til å deflatere omsetninga vert volumveksten i same periode 6,5 prosent. Produksjonsvolumet for arkitektar endra seg ikkje frå 2. kvartal 1999 til 2. kvartal 2000.

Prisindeks, omsetningsindeks og volumindeks for arkitekttenester.
1. kvartal 1998-4. kvartal 2000. 1. kvartal 1998=100
  Prisar Omsetning Volum
Periode Indeks Endring frå
same periode
året før
Indeks Endring frå
same periode
året før
Indeks Endring frå
same periode
året før
    Prosent Prosent   Prosent
1998 101,9   104,3   102,3  
1999 106,8 4,8 111,9 7,2 104,6 2,2
2000 114,0 6,7        
             
1998            
1. kvartal                      100,0   100,0   100,0  
2. kvartal 101,3   107,6   106,2  
3. kvartal 102,6   91,5   89,3  
4. kvartal 103,6   118,0   113,9  
             
1999            
1. kvartal 103,9 3,9 105,1 4,8 101,2 1,1
2. kvartal 105,6 4,3 113,0 5,9 107,0 0,9
3. kvartal 107,3 4,6 98,4 5,8 91,7 2,2
4. kvartal 110,4 6,5 130,9 12,3 118,5 4,5
             
2000            
1. kvartal 112,3 8,1 119,6 12,8 106,5 5,0
2. kvartal 112,7 6,6 120,6 7,7 107,0 0,0
3. kvartal 114,4 6,7 106,2 5,9 92,8 0,9
4. kvartal 116,5 5,5