158033_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
158033
Svak auke i HKPI
statistikk
2014-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksmai 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig 0,1 prosent frå april til mai 2014. Høgare prisar på matvarer og alkoholfrie drikkevarer drog HKPI opp, medan lågare prisar på aviser, bøker og skrivemateriell drog HKPI i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Mars 2014April 20141Mai 20141
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg1,81,51,6
Island0,91,3...
Sverige-0,40,3...
Danmark0,20,5...
Finland1,31,3...
Tyskland0,91,1...
Storbritannia1,6......
EØS0,60,8...
EU0,60,8...
Euroområdet0,50,70,5
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 117,9 (2005=100) i mai 2014, mot 116,0 den same månaden i 2013. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,6 prosent for mai, opp 0,1 prosentpoeng frå april.

For meir informasjon om maitala , sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for april 2014 viser at HKPI var 121,1 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 118,2 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i april var 0,8 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var den 0,7 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,5 prosent for mai 2014.

Detaljerte tal for mai vert publiserte av Eurostat 16. juni.

Ny indikator - HKPI-CTÅpne og lesLukk

Det er utvikla ein ny avleia indikator frå HKPI, kalla harmonisert konsumprisindeks med konstante avgifter (HKPI-CT). HKPI-CT vart etablert i 2014 med ein indeksserie attende til januar 2013. Frå og med 10. juni blir HKPI-CT publisert i Statistikkbanken. Statistisk sentralbyrå (SSB) lagar allereie ein nasjonal konsumprisindeks justert for avgiftsendringar, KPI-JA, men berekningsmetoden som blir nytta i denne, avvik frå regelverket som er vedtatt av Eurostat for ein HKPI-CT. Hovudforskjellen mellom desse to er at HKPI-CT korrigerer for nominelle endringar i mengdavgiftene, medan KPI-JA korrigerer for realverdien av endringar i mengdavgiftene. For meir informasjon om HKPI-CT, sjå notatet: Etablering av harmonisert konsumprisindeks med konstante avgifter (HKPI-CT).