158053_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
158053
Uendra HKPI
statistikk
2014-11-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksoktober 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste inga endring frå september til oktober 2014. Høgare prisar på klede drog HKPI opp, medan lågare elektrisitetsprisar drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
August 2014September 20141Oktober 20141
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg1,92,11,9
Island2,30,4...
Sverige0,20,0...
Danmark0,30,3...
Finland1,21,5...
Tyskland0,80,8...
Storbritannia1,51,2...
EØS0,50,4...
EU0,50,4...
Euroområdet0,40,30,4
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 118,8 (2005=100) i oktober 2014, mot 116,6 den same månaden i 2013. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,9 prosent for oktober, som er ned 0,2 prosentpoeng frå september.

Sjå konsumprisindeksen for meir informasjon om oktobertala .

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for september 2014 viser at HKPI var 121,0 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 118,1 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i september var 0,4 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var veksten 0,3 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,4 prosent for oktober 2014.

Detaljerte tal for oktober vert publiserte av Eurostat 14. november.