Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Nedgang i konsumprisane
Konsumprisindeksen gjekk ned med 0,3 prosent frå 15. juni til 15. juli 1999. Nedgangen skuldast sommarsal på klede, reduserte prisar på elektrisitet, teletakstar og hotellopphald. Prisoppgang på bensin trakk i motsett retning.
Konsumprisindeksen steig med 2,0 prosent frå juli i fjor til juli i år (tolvmånadersveksten), og totalindeksen for juli var 281,7 (1979=100).
Prisane på klede og skotøy gjekk ned med 3,5 prosent frå juni til juli i år og hovudårsaka er at sommarsalet no har starta. Salet omfatta ei rekkje typiske sommarklede.
Prisen på elektrisitet, inkludert nettleie og avgifter, er redusert for sjette månad på rad. Frå juni til juli er prisen hushalda betalar i gjennomsnitt sett ned med 2,6 prosent, og sidan juli i fjor har prisane gått ned med om lag 7 prosent.
Gruppa porto, telefon og telegram viste ein nedgang på om lag 3 prosent frå juni til juli i år. Dette skuldast blant anna at landet no ikkje lenger er inndelt i ulike teletakstsoner. Sommarprisar på hotellopphald medverka òg til nedgang i konsumprisindeksen.
Drift og vedlikehald av transportmiddel steig med 1,2 prosent frå juni til juli i år, og det var i hovudsak bensinprisane som bidrog mest, med ein oppgang på over 2 prosent. Utgifter til bilforsikring auka òg frå førre måling.
Siste tolv månader
Tolvmånadersveksten har hatt ein nedgang frå 2,4 prosent i juni til 2,0 i juli i år. Ei av årsakene til dette er at det frå juni til juli i fjor var ein oppgang i matvareprisane, noko som ikkje blei registrert i år. Fjoråret sitt jordbruksoppgjer medverka til oppgang i prisane på matvarer i fjor, medan oppgjeret i år ikkje gav særleg utslag.
Ei anna årsak til nedgangen i tolvmånadersveksten er at salet på klede i juli i år er noko sterkare enn i fjor. I tillegg er reduksjonen i teletakstane sterkare enn for same periode i fjor og utgifter til bilforsikring auka mindre enn i fjor.
Indeks.
Juli 1999 |
Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juni-juli 1999 |
Juni 1998-
juni 1999 |
Juli 1998-
juli 1999 |
Januar-juli 1998-
januar-juli 1999 |
||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 281,7 | -0,3 | 2,4 | 2,0 | 2,3 | ||||||||||||||||||||||||
Matvarer | 283,0 | 0,0 | 3,4 | 2,2 | 3,8 | ||||||||||||||||||||||||
Drikkevarer og tobakk | 429,2 | 0,0 | 3,4 | 3,3 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||
Klær og skotøy | 212,1 | -3,5 | 1,7 | 0,8 | -0,9 | ||||||||||||||||||||||||
Bolig, lys og brensel | 299,0 | -0,3 | 1,5 | 1,5 | 1,6 | ||||||||||||||||||||||||
Møbler og hush.artikler | 250,0 | -0,1 | 2,8 | 2,6 | 2,5 | ||||||||||||||||||||||||
Helsepleie | 334,4 | 0,0 | 5,2 | 5,1 | 5,1 | ||||||||||||||||||||||||
Reiser og transport | 278,3 | 0,3 | 1,6 | 1,3 | 1,8 | ||||||||||||||||||||||||
Fritidssysler og utdanning | 260,8 | 0,0 | 1,9 | 2,0 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||
Andre varer og tjenester | 304,5 | -0,5 | 3,9 | 3,1 | 3,9 | ||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15