32545_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32545
Prisauke på energiprodukt
statistikk
2000-10-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. september 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisauke på energiprodukt

Konsumprisindeksen steig med 0,9 prosent frå 15. august til 15. september 2000. Prisauken er den same som tilsvarande månad i fjor. Høgare prisar på elektrisitet, bensin og klede har medverka mest til oppgangen.

Dei siste 12 månadene har konsumprisindeksen stige med 3,5 prosent, som er uendra frå august månad. Konsumprisindeksen var 106,2 (1998=100) i september i år, mot 102,6 i september i fjor.

Prisendring frå august til september

Elektrisitetsprisane gjekk opp med 2,7 prosent etter sju månader med samanhengande fall i prisane. Oppgangen er likevel klart lågare enn tilsvarande månad i fjor. Etter nedgang i bensinprisane i august auka prisane på drivstoff og smørjemiddel med 4,4 prosent i september. Prisane på andre energiprodukt som parafin og fyringsolje fekk òg ein kraftig oppgang. Samla steig desse energiprodukta med heile 14,3 prosent.

Husleigene auka med 0,5 prosent. Det var ein tilnærma lik oppgang for bustader på leigemarknaden og for bustader i partslag. På same tid i fjor auka husleigene med 0,7 prosent. Prisar på tenester og produkt til vedlikehald og reparasjonar av eigen bustad steig med 1,7 prosent. Det er særleg utgifter til tenester som har gått opp siste månad.

Prisane på klede og skotøy viste ein klar auke etter sommarsalet. Samla gjekk prisane opp med 5,1 prosent. Prisane på klede auka med 5,5 prosent medan skoprisane steig med 2,5 prosent. Oppgangen er svakare enn på same tid i fjor då prisane samla gjekk opp med 6,9 prosent.

Teater- og kinobesøk har blitt noko dyrare sidan førre måling i januar, og samla har prisane knytte til kultur og fritid auka med på 0,3 prosent siste månad.

Utgifter til utdanning steig med 4,7 prosent frå førre måling i september i fjor. Oppgangen er noko lågare enn i fjor.

Matvareprisane viste berre ein svak auke med 0,2 prosent frå august til september. Blant anna steig prisane på fisk, frukt og brød og kornprodukt. Friske grønsaker fall derimot med 7,8 prosent. Det var spesielt rotgrønsaker som poteter, kål og gulrøter som har falle i pris. Prisane på alkoholhaldige drikker viste ein svak oppgang medan kaffiprisane gjekk ned frå førre månad.

12-månadersveksten

Dei siste 12 månadene har konsumprisen auka med 3,5 prosent. Ei av dei viktigaste årsakene til denne auken finst innanfor gruppa bustad, lys og brensel. Bidraget frå denne gruppa til den totale veksten i konsumprisane var på 1,4 prosent. Høgare prisar på husleiger og elektrisitet medverka sterkast til oppgangen i denne gruppa. Husleigene har hatt ein auke på om lag 4 prosent. Prisane på elektrisitet har stige med 5 prosent sidan september i fjor. I same periode har prisane på parafin og fyringsolje auka kraftig som ei følgje av auken i prisane på råolje. Samla sett har flytande brensel stige med om lag 40 prosent dei siste 12 månadene. Også vekst i vedlikehaldsutgifter har medverka til auken i konsumprisindeksen.

Høgare utgifter til transport medverka òg sterkt til 12-månadersveksten i september. Gruppa transport gir eit bidrag på 1,2 prosent til den totale konsumprisindeksen. Prisane på drivstoff og smørjemiddel har auka med 15,7 prosent sidan september i fjor. Auke i råoljeprisen og justering av bensinavgifta ved årsskifte har ført til denne veksten. Ein del tenester innanfor transport har òg hatt ein kraftig oppgang i pris. Prisane på flyreiser har auka med om lag 16 prosent, noko som for det meste kjem av oppgang i prisane på flybensin. Passasjertransport på veg gjekk opp med 9,5 prosent. Dette kjem av oppheving av Konkurransetilsynet si regulering av drosjetakstar.

Prisane på alkoholhaldige drikkevarer og tobakk har hatt ein oppgang på 7,4 prosent. Dette kjem først og fremst av auke i avgiftene ved årsskiftet. Avgiftene på tobakk steig noko meir enn avgiftene på alkohol. Dette kan ein også sjå på prisutviklinga kor prisane på tobakk og alkohol har hatt ein auke på respektive 11,3 og 4,3 prosent.

Prisane på tenester, kultur og fritid har hatt ein oppgang på 5,1 prosent. Dette kjem av høgare prisar på sports- og fritidstenester og dyrare billettar på kino og teater.

Lågare prisar på klede, elektriske artiklar og teleutstyr og -tenester medverkar til å dempe prisveksten.

Det er særleg prisane på IT-utstyr og brunvarer som trekker ned.

Konsumprisindeksen. 1998 = 100
  Indeks
September 2000
Endring i prosent
  August 2000-
september 2000
September 1999-
september 2000
Januar-september 1999-
januar-september 2000
Totalindeks 106,2 0,9 3,5 3,1
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer 105,4 0,1 2,5 1,9
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk 111,2 0,5 7,4 7,0
Klede og skotøy 95,6 5,1 -4,0 -4,3
Bustad, lys og brensel 107,7 1,2 5,4 4,7
Møblar og hushaldsartiklar mv. 102,0 0,4 0,4 0,6
Helsepleie 108,9 - 3,2 3,4
Transport 109,7 0,7 6,0 5,5
Post- og telekommunikasjonar 89,8 -0,1 -1,0 -4,4
Kultur og fritid 104,4 0,3 1,8 1,5
Utdanning 113,6 4,7 4,7 5,3
Hotell- og restauranttenester 107,7 0,3 3,9 3,1
Andre varer og tenester 107,7 0,4 3,1 2,6