32541_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32541
Auke i elektrisitetsprisane
statistikk
2000-12-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. november 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i elektrisitetsprisane

Konsumprisindeksen steig med 0,5 prosent frå 15. oktober til 15. november 2000. Det var i all hovudsak høgare prisar på elektrisitet og høgare husleiger som trekte opp prisveksten. Dei siste 12 månadene har konsumprisindeksen stige med 3,2 prosent, mot 3,1 prosent i oktober.

Konsumprisindeksen var 106,8 (1998=100) i november i år, mot 103,5 i november i fjor.

Prisendring frå oktober til november: 6,1 prosent auke i elprisane

Prisauken på elektrisitet var den største bidragsytaren til prisveksten i november. Prisane på elektrisitet steig med 6,1 prosent, og det var tredje månaden på rad med prisauke. På same tid i fjor auka elektrisitetsprisane med 4,3 prosent. Den samla prisoppgangen i dei to siste månadene i år er likevel på line med prisauken i oktober og november i fjor. Prisane på fjernvarme har òg hatt ein kraftig oppgang siste månad.

Husleigene for bustader på leigemarknaden og for bustader i partslag auka samla sett med 0,4 prosent siste månad. Det var berre på leigemarknaden det vart registrert husleigeauke, medan husleigene for bustader i partslag var uforandra. Prisane på produkt til vedlikehald og reparasjonar av eigen bustad steig igjen etter tilbodsaktivitet i oktober. Prisauken på desse produkta var på 2 prosent i november.

Det vart registrert ein prisoppgang på 1 prosent på alkoholfrie drikkevarer frå oktober til november. Det var hovudsakleg prisane på kaffi og te som auka. Oppgangen kom etter fall i prisane på desse produkta førre månad. Prisane på mineralvatn gjekk òg noko opp. Matvareprisane viste berre ein svak auke i november. Prisane på ferskt kjøtt og flesk samt fisk steig, medan frisk frukt og friske grønsaker fall i pris. Dessutan er det registrert tilbod på fleire ingrediensar til julebakst.

Prisane i gruppa transport steig berre med 0,1 prosent i november som resultat av ein svak prisoppgang på bilar, bensin og utgifter til vedlikehald og reparasjon på verkstad.

Auka prisar på (produkt til) personleg pleie var hovudårsaka til at gruppa andre varer og tenester steig med 0,3 prosent. Det var først og fremst prisane på einskilde toalettartiklar som auka etter ein viss tilbodsaktivitet i oktober. Prisane på frisørtenester gjekk òg opp i november.

Prisane på varer og tenester knytte til gruppa kultur og fritid gjekk ned med 0,1 prosent. Fallande prisar på audiovisuelt utstyr, særleg IT-utstyr samt videospelarar og farge-tv var årsaker til prisnedgangen. Prisfall på ulike bustadtekstilar medverka òg til å trekkje ned prisveksten i november.

12-månadersveksten: Auke i husleiger

Dei siste 12 månadene har konsumprisindeksen auka med 3,2 prosent. Ei av dei viktigaste årsakene til denne auken finst innanfor gruppa bustad, lys og brensel. Bidraget frå denne gruppa til den totale veksten i konsumprisane var på 1,3 prosentpoeng. Stor auke i husleiger er hovudforklaringa til dette bidraget. Så langt i år har husleigeauken vore kraftigare for leigebustader enn kva tilfellet har vore for bustader i partslag. Andre årsaker til vekst i bukostnadene er kraftig prisoppgang på energivarer. Fyringsolje og parafin har stige med 34,5 prosent i pris. Prisane på elektrisitet og fjernvarme ligg drygt 4 prosent over prisane i oktober i fjor. Prisauke på tenester og einskilde varer til vedlikehald har òg medverka til veksten i bukostnadene.

 Konsumprisindeksen. 1998 = 100

Høgare utgifter til transport medverka òg sterkt til 12-månadersveksten i november. Gruppa transport gir eit bidrag på 1,2 prosentpoeng til den totale konsumprisveksten. Prisane på drivstoff og smørjemiddel har auka med 13 prosent sidan november i fjor. Auke i råoljeprisen er årsaka til den høge veksten i bensinprisane. Oppjustering av bensinavgifta med 2 prosent ved årsskiftet har òg gitt eit bidrag til at prisane på bensin no ligg på eit høgare nivå. Ein del tenester innanfor transport har òg hatt ein kraftig oppgang i pris. Dette gjeld spesielt passasjertransport på veg og flyreiser. Prisane på flyreiser har auka med om lag 19 prosent, noko som blant anna kjem av oppgang i prisane på flybensin.

Prisane på alkoholhaldige drikkevarer og tobakk har hatt ein oppgang på 7,2 prosent. Dette kjem først og fremst av auke i avgiftene ved årsskiftet. Avgiftene på tobakk steig noko meir enn avgiftene på alkohol. Dette kan ein òg sjå på prisutviklinga, kor prisane på tobakk og alkohol har hatt ein auke på respektive 11 og 3,8 prosent.

Hotell- og restauranttenester har utvikla seg i kvar si retning det siste året. Restauranttenester har hatt ein prisvekst på 4,2 prosent, medan hotelltenester har hatt eit prisfall på i underkant av 3 prosent.

Lågare prisar på klede, elektriske artiklar og teleutstyr og -tenester medverkar til å dempe prisveksten. Det er særleg prisane på IT-utstyr og brunvarer som trekkjer ned.

Endringar i 12-månadersveksten: Frå 3,1 til 3,2 prosent

12-månadersveksten steig frå 3,1 til 3,2 prosent i november. Endringa er først og fremst knytt til høgare husleiger og elektrisitetsprisar. I november i fjor vart det ikkje registrert endring i husleigene fordi husleigeundersøkinga då vart utført kvart kvartal (mars, juni, september og desember). For meir informasjon om denne omlegginga, les eigen artikkel: Omlegging av konsumprisindeksen gir økt målt prisvekst i 2000 . Prisoppgangen på elektrisitet var som tidlegare nemnt sterkare i november i år enn på same tid i fjor.

Eit bidrag til endringa i 12-månadersveksten som er verdt å nemna, kjem frå produkt til personleg pleie. Dette gjeld spesielt toalettartiklar som fall i pris på tilsvarande tid i fjor.

Det vart berre registert ein marginal prisoppgang på klede frå oktober til november, medan auken var på 1,8 prosent i fjor. Dette medverka til å trekkje ned endringa i prisveksten for dei siste 12-månadene.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Indeks Endring i prosent
  November 2000 Oktober 2000-
november 2000
November 1999-
november 2000
Januar-november 1999-
januar-november 2000
Totalindeks 106,8 0,5 3,2 3,1
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer 105,1 0,3 1,6 1,8
Alk.hald. drikkevarer og tobakk 111,3 0,1 7,2 7,0
Klede og skotøy 97,6 - -4,8 -4,3
Bustad, lys og brensel 109,4 1,4 5,0 4,7
Møblar og hushaldsartiklar mv. 102,0 0,1 0,3 0,6
Helsepleie 109,0 0,1 3,2 3,4
Transport 109,5 0,1 5,8 5,5
Post- og telekommunikasjonar 89,9 - -0,8 -3,8
Kultur og fritid 104,1 -0,1 1,5 1,6
Utdanning 113,6 - 4,7 5,2
Hotell- og restauranttenester 108,2 0,2 3,5 3,2
Andre varer og tenester 108,3 0,3 3,7 2,7