Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Sesongsal trekte ned konsumprisane
Konsumprisindeksen fall med 0,1 prosent frå 15. juli til 15. august. Nedgangen kjem i all hovudsak av lågare prisar på klede, sko, møblar, enkelte matvarer og bensin. I motsett retning trekk mellom anna høgare husleiger og auka prisar på tannlegetenester. 12-månadersveksten var 2,7 prosent i august.
Konsumprisindeksen var 108,1 (1998=100) i august i år, mot 105,3 i august 2000.
Prisendring frå juli til august: Sesongsal
Prisane på klede og skotøy gjekk samla ned med 1 prosent frå juli til august. Skotøy viste ein prisnedgang på 2,3 prosent, medan prisane på klede gjekk ned med 0,8 prosent. Nedgangen kjem i all hovudsak av vedvarande sommarsal. Mange tilbod bidrog også til prisnedgang på møblar, brune- og kvitevarer og audiovisuelt utstyr.
Matvareprisane viste ein reduksjon på 0,4 prosent frå juli til august, som følgje av ein sesongmessig prisnedgang på friske grønsaker og frukt. Enkelte ferske produkt av kjøtt gjekk også ned i pris sist månad.
Bensinprisane viste samla ein prisnedgang på 0,8 prosent i august. Sidan mai har prisane på bensin falle med 12,4 prosent.
Gruppa andre varer og tenester dekkjer ei rekkje ulike forbruksvarer og -tenester. I august viste denne gruppa ein prisnedgang på 0,5 prosent. Nedgangen kjem først og fremst av lågare eigenbetaling i dei kommunale barnehagane som følgje av auka tilskott frå staten, Egenbetaling i barnehager . Eigenbetaling i dei private barnehagane hadde derimot ein prisoppgang. Skolefritidsordninga blei også registrert med høgare eigenbetaling sidan sist måling. Eigenbetaling knytt til kommunale og private barnehagar og skolefritidsordninga blir målt i januar og august kvart år.
Ein god del varer knytt til personleg pleie blei registrert med tilbodsaktivitet i august og medverka også til nedgang i gruppa andre varer og tenester.
Husleigene for bustader i partslag og på leigemarknaden (betalt husleige) auka samla med 0,2 prosent. Leigemarknaden viste ein noko kraftigare auke i husleigene enn partslaga. Også estimerte husleiger steig med 0,2 prosent. Høgare prisar på produkt knytt til vedlikehald av bustad pregar også prisauken i gruppa bustad, lys og brensel.
Tannlegetenester viste ein prisauke på 2,8 prosent frå førre måling.
Etter ein periode med sommarprisar steig prisane på overnatting ved hotell med 4,6 prosent frå juli til august.
12-månadersveksten: Fortsatt høge elektrisitetsprisar
Dei siste 12 månadene har konsumprisindeksen stige med 2,7 prosent. Prisauke på varer og tenester i gruppa bustad, lys og brensel gav eit bidrag på 2,2 prosentpoeng til den totale konsumprisveksten i august. Dette kjem hovudsakleg av den sterke veksten i elektrisitetsprisane. Prisane på elektrisitet var 41,3 prosent høgare i august i år enn i tilsvarande månad i fjor. Dei høge elektrisitetsprisane har mellom anna samanheng med låge nedbørmengder og høg etterspørsel, samt auken i forbruksavgifta på elektrisitet ved årsskiftet. Konsumprisindeksen eksklusive elektrisitet har auka med 1,3 prosent dei siste 12 månadene.
Transporttenester har hatt ein prisauke på 9,9 prosent og gir eit bidrag på i overkant av 0,3 prosentpoeng til veksten i konsumprisane. Prisane på flybillettar har hatt den største auken med 19,9 prosent, medan transport med buss og drosje samla har auka 7,4 prosent. Andre bidrag til veksten i konsumprisane knytt til transport kjem frå vedlikehald og reparasjonar på verkstad, som har stige med 6,7 prosent.
Prisane på bensin var i august 10,9 prosent lågare enn i tilsvarande månad i fjor og medverka til å dempe konsumprisveksten med knapt 0,4 prosentpoeng. Nedgangen i prisane på bensin kjem mellom anna av reduksjon av bensinavgifta både ved nyttår og i juli og lågare prisar på råolje. Konsumprisindeksen eksklusive alle energiprodukta auka med 1,6 prosent (retta frå 1,7 prosent 10.09.01 kl. 1335) frå august i fjor til august i år.
Prisoppgang på både varer og tenester knytt til personleg pleie og høgare prisar på sosiale omsorgstenester har medverka til at prisane i gruppa andre varer og tenester har hatt ein auke på 3,6 prosent dei 12 siste månadene. Bidraget til konsumprisveksten frå gruppa er på vel 0,2 prosentpoeng. Det er særleg prisauke på frisørtenester, toalettartiklar og høgare betalingssatsar for hjelp i heimen som har påverka utviklinga.
Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer trekkjer ned 12-månadersveksten på grunn av momsreduksjonen som fann stad i juli. Prisane var samla 6,2 prosent lågare i august i år i forhold til august i fjor. Gruppa medverka til å dempe konsumprisveksten med 0,7 prosentpoeng i august, og det er prisane på mjølk, ost, egg og kjøtt som gir det kraftigaste tilskottet til nedgangen.
I tillegg til lågare prisar på mat og alkoholfrie drikkevarer og bensin, er det fallande prisar på teleutstyr og -tenester og audiovisuelt utstyr som medverka mest til å dempe 12-månadersveksten i august.
Verknad av endringar i avgiftene i konsumprisindeksen
Frå og med 1. juli 2001 blei momsen på næringsmiddel redusert frå 24 til 12 prosent. I tillegg blei det innført generell moms på 24 prosent på omsetning av ei rekkje tenester. Førebels estimat direkte på representantvarene i konsumprisindeksen viser at halvert matmoms medverkar til å trekkje ned konsumprisindeksen med 1,2 prosentpoeng, medan innføring av moms på tenester aukar konsumprisindeksen med knapt 0,2 prosentpoeng. Det er berre teke omsyn til dei direkte verknadene, og overslaga er baserte på føresetnadene om at endringane i momsen slår heilt og fullt ut i forbruksprisane frå 1. juli. Innføring av moms på tenester inneber at bedriftene kan trekkje frå inngåande moms og dermed få lågare kostnader. Dette gjer at føresetnaden om full overvelting i forbruksprisane på tenester kan overestimere den vurderte effekten på konsumprisveksten. Sjå også artikkelen Momsreformen og konsumprisene .
Tidlegare modellbaserte anslag viser at auken i den generelle momsen frå 23 til 24 prosent som trådde i kraft ved nyttår, vil medverke til å trekkje opp prisveksten med 0,6 prosentpoeng. Dei same estimata viser at halv moms på matvarer frå 1. juli er vurdert til å trekkje ned veksten i prisane med 1,3 prosentpoeng, medan moms på tenester dreg veksten opp med 0,2 prosentpoeng. Desse modellbaserte estimata inkluderer også indirekte verknader (sjå Økonomiske analyser nr. 9 i 2000 ). I sum trekkjer altså endringane i momsen ved nyttår og i juli ned 12-månadersveksten med 0,4-0,5 prosentpoeng. Estimata viser også at auken i avgifta på elektrisitet og nedgangen i avgifta på bensin frå nyttår utliknar kvarandre, slik at dei i sum ikkje påverkar veksten i konsumprisane i første halvdel av 2001. Reduksjonen i bensinavgifta frå 1. juli er vurdert til å redusere prisveksten med 0,1 prosentpoeng.
Underliggjande prisvekst
Utan omleggingane av momssystemet og endringane i bensin- og elektrisitetsavgiftene ville 12-månadersveksten anslagsvis vært 3,2 - 3,3 prosent i august. Konsumprisindeksen eksklusive alle energiprodukt auka med 1,6 prosent frå august i fjor til august i år. Endringane i momsen trekk som nemnt over ned 12-månadersveksten med 0,4 - 0,5 prosent. Ved å sjå bort frå både energiprodukt og endringane i momsen, ville 12-månadersveksten vært om lag 2,0 - 2,1 prosent (retta frå 2,1 - 2,2 prosent 10.09.01 kl. 1340) i august.
Statistisk sentralbyrå tar sikte på å presentere ein konsumprisindeks som meir uttømmande er renset for endringar i avgiftene ved neste publisering.
Nye vekter i konsumprisindeksen
Vektene i KPI blir revidert i august kvart år på grunnlag av resultata frå Statistisk sentralbyrå si årlege forbruksundersøking. For perioden august 2001 til juli 2002 er vektene basert på forbruksundersøkingane i 1998, 1999 og 2000.
Konsumprisindeksen. 1998=100 |
Indeks
august 2001 |
Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli-
august 2001 |
August 2000-
august 2001 |
Januar-august 2000 -
januar-august 2001 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalindeks | 108,1 | -0,1 | 2,7 | 3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer | 98,8 | -0,4 | -6,2 | 0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk | 114,1 | - | 3,1 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Klede og skotøy | 91,1 | -1,0 | 0,1 | -0,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustad, lys og brensel | 115,5 | 0,2 | 8,6 | 7,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Møblar og hushaldsartiklar mv. | 102,1 | -0,6 | 0,5 | 1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Helsepleie | 111,9 | 1,0 | 2,8 | 3,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport | 111,6 | - | 2,5 | 3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post og telekommunikasjonar | 87,4 | 0,1 | -2,8 | -3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kultur og fritid | 104,9 | -0,3 | 0,8 | 1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utdanning | 113,8 | - | 4,9 | 4,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hotell- og restauranttenester | 112,0 | 0,6 | 4,3 | 4,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre varer og tenester | 111,2 | -0,5 | 3,6 | 4,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15